Gå til innhald

Smil på gata, oppskrift på safranskorper og litt diverse – Luke tolv

desember 12, 2014

image

Slik såg det ut då Ingrid, eg og Oscar gjekk tur rundt tjødna i ettermiddag. Det var nydeleg gyllent lys, og så begynte det å hagla heftig.

image

Vatnet vart piska opp av haglet, det såg ganske stilig ut med ei vassflate full av tusenvis av små fonteneaktige haglekrater.

image

Sidan Oscar har litt utsette auge, pakka Ingrid han inn i sjalet sitt og bar han mens det stod på som verst, noko han ikkje såg ut til å ha noko i mot i det heile tatt. Plutseleg sa Ingrid: «Håret ditt står rett opp, mor.» Eg såg spørjande på henne og såg at akkurat det same hadde skjedd med henne. Deler av håret ser ut som det gjer når ein gnir det med ein oppblesen gallong og løftar ballongen over hovudet. Det var eit snodig fenomen. Me konkluderte med at det måtte skuldast elektriske ladningar i lufta, og at det kanskje kom torden snart. Det gjorde det ikkje, så vidt eg kunne registrera. Kanskje det kom av det kalde haglet mot hodebunnen, ikkje veit eg, eg kan ikkje hugsa å ha lagt merke til dette før. Dersom nokon har betre forklaringar, så tek eg i mot med takk. Kunne det kanskje skuldast at me hadde bore Oscar litt på skift og at hundepelsen gnissa mot eit ullsjal, ikkje veit eg.

Sjølv om eg ironiserte litt over dei som inviteret til «Christmas shopping» i går, så må eg innrømma at eg syntest det var litt morsomt då eg fekk sms frå Ingrid i går kveld med spørsmål om Oscar kunne gjera seg klar til «Doggy-day-care» i dag. Dei gongene eg er heime og skriv på fredagane har eg ofte ein liten firbeint gjest som held meg med selskap. På den måten slepp han å vera heime i tomt hus meir enn fire dagar i veka. Han er eit svært sosialt lite vesen, og liker å vera der det er folk og der ting skjer. Her blir han henta:

image

I går lova eg oppskrift på Safranskorper. Her kjem ho. Eg trur det er ein variant av biscotti tilsett safran. Det var vanskeleg å vega så små mengder safran, så eg trur eg ende opp med å ha i ein mindre mengde enn det som eigentleg var tenkt.

image

Safran-skorper

100g smør
1 gr safran
2 egg
1,5 dl sukker
5 dl mjøl
1,5 ts bakepulver
2 dl grovhakka mandlar

Smelt smøret saman med safranen, som er knust saman med litt sukker i ein morter.
Hell over i ein bakebolle og rør i egga. Bland dei tørre ingrediensane og bland saman med resten.

Form deigen til tre flate lengder på bakepapir oppå steikebrettet.
Steik i ca 25 minutt midt i omnen på 175 grader.

Ta brettet ut og senk temperaturen i steikeomnen til 125 grader.
Skjer dei halvsteikte lengdene opp i ca 1 cm tjukke skiver og ledd dei tilbake på steikjebrettet.
La dei tørke i omnen på 125 grader i ca ti minutt. Skru av steikeomnen, men la kakene bli ståande inni til omnen er kald.

Eg tredobla oppskrifta og steikte på to brett, men lengdene vart nok litt for kompakte og tjukke, eg måtte steikja dei lenger enn i oppskrifta.

image

I går lovte eg og å ta med diktet om å plukka smil på gata, så her kjem det og, eg ser at eg ikkje siterte meg skølv heilt rett i går, men det betyr ingenting…

Eg plukkar smil på gata

Eg plukkar smil på gata,
tek dei frå ansikt til folk,
gøymer dei i lommene.

Eg samlar varme blikk,
ikkje alle er til meg,
men det betyr lite.

På bussane
høyrer eg
lyden av det gode.

Eg ser ofte
vennlege fotspor
i varm sand.

Ein veit aldri sikkert
om folk har englevenger
under ytterjakkene sine.

Eg ryddar unna rotet
for å gje plass til alt saman
i ein haug midt på bordet.

Så kan eg seia:
Hei her er eg,
ein samlar av det gode.

(Frå Fotnoter i sanden.)

image

Nå skal eg gjera meg klar til julebord. Det finst forresten alltid ein joker ein plass i kortstokken. I dag var eg hos tannlegen, det er alltid spennande… Eg gjekk ut som den lukkelege vinnar av null-hull og med ein fin rosa tannbørste i veska, ein slik som flinke jenter får når dei har vore flinke og gapt høgt opp. Det er alltid ei eiga glede ved å koma seg ut på gata etter ein pustepause i tannlegestolen. Det er faktisk ein ganske behageleg stol, klarte eg nesten å overtala meg sjølv til å oppdaga, og i dag song Vamp for meg medan dei pussa og fjerna tannstein.

Heidi

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: