Gå til innhald

Colanissar, Bibeldikt, wasabi og chili. – Luke tretten

desember 14, 2014

image

Her hadde me julebord i går kveld. Me var i eit selskapslokale i ei gammal løe og åt nydeleg julemat. Varmelampar rundt på golvet gjorde at me haldt varmen sjølv om det var kaldt og surt ute.

Me har hatt ein fin laurdag her heime. Eg hadde tenkt å baka lussekattar ned ekte safran sidan eg framleis har mykje att, men eg kom aldri så lagt. Luciadagen er litt spesiell for oss, det er nøyaktig to år sidan svigerfar døydde og 21 år sidan bestemor døydde. Me har mista endå fleire av dei som er borte nå rett før jul. Då svigerfar vart begravd sa Leif i talen sin at tittelen på ein kjend song hadde passa som overskrift over livet hans: » I did it my way.» Utgangen av livet hans fekk og spesielle rammer, det var den dagen me jærbuar haldt på å drukna i tidenes største snøfall. Gravferda hans fann stad i same timen som verda var spådd å gå under i 2012, det var ei fin gravferd ein dag med skikkeleg vinterver både her heime og i Bærum. Fred over minnet, han var eit veldig særprega menneske som eg er glad for å ha fått kjenna.

Det første som skjedde etter frokosten i dag var at eg pakka inn ei lita samling julegaver som skulle til Bærum, slik at nevø Oscar kunne ta dei med seg når han reiste i dag.

image

Så ville Leif gjerne ha meg med på ei kunstutstilling, og det høyrdest kjekt ut, så me pakka oss inn i bilen. Det var bare det at det viste seg at han hadde misforstått kor utstillinga var hen, så me fann ho aldri. I staden havna me på Lura turistheim, der Leif hadde høyrd dei skulle ha så god mat. Han kjøpte seg pinnekjøtmiddag, det hadde jo eg i går, så eg åt fisk. Etterpå driste me oss inn på Kvadrat, staden kjærasten min absolutt ikkje kan fordra å befinne seg. Men han fekk fotografert at det stod ein amerikansk Cola- julebil, opplyst av hundrevis av små lyspærer der folk kunne fotografera ungane sine. Smultringnissen selde smultringar frå smultringbilen sin og Colanissen delte ut colaboksar frå ein kjøledisk ved inngangen. Vår uvilje mot amerikansk Cola-jul viste seg å ikkje stikka djupare enn at me lot oss bestikka med kvar vår boks Cola-light… Så må eg rett og slett innrømma at eg liker å kikka litt i julepynta butikkar og ikkje minst på julehandlande menneske.

Sidan Oscar skulle frakta julegaver for oss, henta me han på hybelen ved Mosvatnet og kjørde han til flyplassen. Han studerer utøvande jazzmusikk i Stavanger i år som jazzbassist. Det er alltid hyggeleg å treffa han.

Kvelden har vore kjempekoseleg. Eg har høyrd på fin musikk og kjekke program på P2 og som eg gjer kvart år, kost meg med å laga heimelaga julegaver, både av det slaget som er etandes og det slaget som ikkje er det. Me fekk og tid til å eta ost og sjå ein episode av Marco Polo.

image

I tillegg til å koka meir chilimarmelade, har eg knaska av ei skål med wasabinøter. Livet levest med andre ord sterkt for tida…

image

Og eg les i boka "Bibeldikt", som eg blir bare meir og meir begeistra for. Det må vera den perfekte julegaven til alle dei som liker dikt.

Heidi

2 kommentarar
  1. Vibeke Høie permalink

    Hei! Kom tilfeldigvis over disse flotte bildene fra låve festen dere hadde. Lurte på hvor denne låven er og om den leies ut? 🙂 Vibeke

    • Han leiest ut ja. Det er i nærleiken av Orre ein plass. Eg kan finna ut kva plassen heiter 🙂

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: