Skip to content

Luke 14 – tredje sundagen i advent

desember 14, 2014

image

Tre lys er tend for gode ting,
for kjærleik, glede, fred,
mens verda dansar vilt i ring
og me må fylgja med,
for alt det gode som me fekk,
for alt det gode me skal få,
står lysa som ei bøn til Gud,
ei bøn for alt me håpar på.

Det hender ofte at eg ber folk eg har tiltro til om å lesa gjennom tekstane mine før eg publiserer dei. Då eg skreiv denne adventssalmen stod det opprinneleg: «…mens verda dansar stilt i ring…». Torhild repliserte kjapt: «Verda dansar ikkje stilt i ring, ho dansar vilt i ring…» Og det måtte eg seia meg veldig einig i, så eg endra linja med det same, og det er noko av det eg er fornøgd med med denne teksten.

For verda dansar verkeleg vilt i ring. Då eg var barn var det ein forestilling med Rolf Just Nielsen, trur eg, som heitte «Stopp verden, jeg vil av». Eg såg aldri denne forestillinga, men eg forstod godt den gongen og at nokon kan tenkja og seia den setningen. Det var nok fleire enn meg som hadde den kjensla ellevte september i 2001, då me vantru såg bileta frå New York. Mange tenkte sikkert omtrent det same 22.juli 2011, og fleire enn meg blir sikkert urolege og redde når det plutseleg er auka terrorberedskap ein vakker sommarmorgon i juli. Og fleire enn meg kjenner seg sikkert små og hjelpelause når me høyrer om svoltkatastrofer, ebola, blodige konfliktar som ikkje ser ut til å ha fredelege løysingar, klimasituasjonen i verda, fattigdomsproblematikken, dette at me ser ut til å vera skapte slik at me tenkjer så uendeleg mykje meir på oss sjølve enn me tenkjer på andre… Og me veit at me må klamra oss fast og halda motet oppe så godt me kan fordi me bare har denne eine jorda som me deler etter fattig evne. Eg trur at fleire enn meg og kjenner til det svimlande suget av å vera uendeleg liten når ein står der ein klar nattetime og beundrar stjernehimmelen. Eg hugsar og den sorgstemde uroa då nokon fortalde oss at før eller seinare, i vårt tilfelle veldig mykje seinare, ville jorda vår koma så nær sola at ho brenn opp. At dette ikkje skjer dei første millionane av år, hjelper ikkje heilt. Jorda vår, det einaste trygge me kan setja føtene på, er ikkje trygg likevel.

Men håpet finst. I dag var eg på ei fantastisk adventsmesse, «fest i Guds hus»,med barnekor og vaksenkor, solistar og dansarar og nokre utruleg flinke trompetistar oppe på galleriet. Det var så vakkert at tårene rann. Seinare var eg og ein tur innom sekkjelageret der folk nærmast stod i kø for å hjelpa Ida å hjelpa fattige og sjuke barn som treng operasjonar i Latin- Amerika, gjennom å støtta Idas hjelpefond. Visst finst håpet, og visst finst det gode.

For ikkje så lenge sidan las eg denne boka:

image

Det er ei fantastisk bok om ei veldig ressurssterk jente, som sikkert dei fleste veit var ein av to mottakarar av Nobels fredspris denne veka. Malala er ein av dei som er med og viser at det er håp for verda. Misforstå meg rett, men eg kjenner at eg faktisk er glad for at Malala er praktiserande muslim. Eg håpar det kan vera med og motarbeida muslimfrykten som me er nødt til å forhalda oss til. Det ser ut som om mange trur at IS er ein organisasjon som er støtta av fleirtalet av muslimar. Eg omgåst sjølv dagleg muslimar på skulen, dei fleste av dei er barn. Ein gong spurde ein liten gut meg: «Har du sett at dei har skrive «muslimar reis heim» i undergangen ved stadion?» Det måtte eg medgi at eg hadde sett, men eg håpar eg klarte å få han til å forstå at det ikkje var det folk på Bryne meinte. Det er ikkje alltid lett å vera barn. For ein del år tilbake opplevde nokre av elevane mine at ein vaksen mann kom bort til dei på gata og bad dei reisa tilbake dit dei kom i frå. Eg trur heldigvis at forståinga av mangfaldet er blitt større nå.

Etter å ha skrive litt om avmakt, må eg avslutta med at eg elskar slagordet til «Changemakers». «Det er klart jeg kan forandre verden!»

image

Guds fred i regnet og mørket.

Heidi

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: