Skip to content

Luke 15- Forandring frydar

desember 15, 2014

image

Tenk at det er roser i hagen framleis. I alle fall ei. Eg måtte fotografera ho medan ho framleis er her, for nå er det kaldt og surt rundt husa. Halvard kom heim i dag, så nå er juleferien nesten i gang. Sunniva har hatt den siste eksamenen i dag, og kjem snart heim ho og. Me har kost oss med god middag og latt adventlysa brenna lenge. Eg har skrive eit langt julebrev, kvart år tenkjer eg at eg skal skriva litt kortare, men så kjenner eg ikkje så godt til begrensninga sine edle kunstar. Nå vurderer eg om dette er kvelden til å laga krumkaker. Eg kan framleis rekkja det.

Men nå vil eg fortelja om det som gjorde meg så glad ein dag i sist veke. Sunniva sitt teaterstykke blir sett opp på ungdomsteateret ved Rogaland teater. Eg veit at dei er kjempedyktige og gler meg utruleg mykje til å sjå. I dag såg eg at det var lagt ut på teateret si heimeside, og Arne Nøst har laga fin illustrasjon.

http://www.rogaland-teater.no/program/forandring-fryder

Stykket blir og sett opp av mange andre teatergrupper rundt i landet. Eg håpar at eg får sett den i Stavanger og minst ei av dei andre. Heldige Sunniva som får oppleva dette.

Snart snur sola, og dagane er på sitt aller mørkaste eit par veker framover. Er eg litt rar som ynskjer at til og med mørketida skulle gå litt langsommare gjennom livskorridorane? Det er noko fascinerande og koseleg med desse korte dagane, dei seine soloppgangane og dei tidlege solnedgangane. Og så er nettene så lange, så då får eg nyta yndlingstida mi på døgnet, kveldane, i fullt monn.

Heidi

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: