Skip to content

Luke sytten – siste innspurt før ferien

desember 17, 2014

15965936972_7ede7b585f_o

På ein eller annan måte trur eg me er laga slik at me disponerer kreftene slik at dei held inn til mål. Det har vore ein fin og travel dag, eg vakna med ein strekk i nakken og sår hals, så eg måtte sykla innom ein butikk i dag morges og kjøpa curamed råmelkstablettar. Eg har tru på dei, og synest eg så å seia alltid klarer å stoppa ein forkjølelse om eg bare kjem i gang tids nok med sjølmedisinering. Her bør eg sikkert nemna at eg ikkje er sponsa av curamed, og at Leif meiner å ha høyrt at det har ingen påvist effekt. Slikt vil eg i grunnen ikkje høyra, om det skulle visa seg å vera rein placeboeffekt som kurerer meg gong på gong, så takkar eg Gud for den…

Om biletet kan eg seia at eg har hatt eit spesielt forhold til flygande svaner heilt sidan eg som femåring vart nesten forheksa av eventyret om «De ville svaner.» Eg hugsar nøyaktig kor eg var då far las det for meg første gongen ho eg hugsar illustrasjonane som nesten magiske, og fantaserte mykje om korleis det ville kjennast å bli frakta over dei store hava i eit fletta nett under elleve svaner som ved solnedgang ville bli til menneske att. Eg skal ikkje dra det så langt som til å påstå at desse tankane har noko med den seinare flyskrekken min å gjera…

Etter sutringa om mine helseproblem, så kunne eg jo forklara illustrasjonsfotoet med at akkurat i dag er eg glad eg ikkje er ei svane, nakkestrekk og innsida av ein sår svanehals kunne ha blitt i heftigste laget…

Sunniva kom heim i dag, så har me to av barna «i hus». Det kjennest bra. Halvard lurer på om me ikkje skal ha juletre i år. Det er klart me skal ha juletre, men først skal me bare…

Heidi

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: