Skip to content

Luke atten – med ei julegeit og korger i glanspapir

desember 18, 2014

image

Eg startar med ein dobbel trompetfanfare, for nå har juleferien starta for mitt vedkomande. Eg har ikkje hatt tid til å kjenna skikkeleg etter endå, men eg trur det kjennest veldig bra. Nå skal eg bare landa.

Og så må eg fortelja at dei to trompetistane er henta frå eit dårleg bilete eg tok under adventmessa i kyrkja på sundag. Dei spelte så fint at eg haldt på å begynna å grina. I dag har me avslutta juleverkstadaktivitetane i klasseroma med å laga gammaldagse juletrekorger i glanspapir. Det var ikkje den avanserte flettekorgvarianten, men den heilt enkle der ein klipper to sirklar som ein så bretter på midten og legg inntil einannan slik at det blir eit hjarte. Det var meir enn avansert nok for sjuåringane, men dei fleste klarte det på eiga hand. Så får me håpa at foreldra set pris på litt skakk- klipte, skeive og sjarmerande glanspapirkorger som dei stolte ber med seg heim.

Eg hugsar at eg laga flettekorger i saman med bestemor og morfar. Morfar vart send til Bryne på sykkel for å kjøp glanspapir. Hankane limte me på med kveitemjølsklister, eller brukte sytråd. Eg var veldig imponert over at dei vaksne klarte å fletta korger med bittesmå ruter. Eg vil tru bror min og var med i utgangspunktet, men at han var litt mindre tålmodig enn meg.

Ein annan ting morfar ofte kom heim med frå sykkelturane til Bryne før jul, var julegeiter, sirupskaker med klipte hakk i kvar ende. Eg meiner å hugsa at julegeitene me kjøpte før var meir kompakte og smakte meir av krydder enn dei dei har i butikkane nå. Eg lurer på om dei smakte anis? I dag fekk alle elevane på andre trinnet baka kvar si julegeit under leiing av flinke Irene. Dei knadde, trilla ut og klipte hakk, og då me kom til matpausen fekk dei servert nysteikte julegeiter,- med smør og brunost til dei som ville ha det. Det var stolte små bakerar som koste seg med julegeiter og ein episode av «Jul i svingen.»

Sidan fredag er skrivedagen min, takka eg meg diskret ut av bygningen, og lever med at eg går glipp av den eigentlege avslutninga i morgon. Eg rakk og å gjennomføra ein medarbeidarsamtale, handla inn diverse til jul og vera med på eit planleggingsmøte i sundagsskulen,før eg møtte ein gjeng venninner til deilig indonesisk laksesuppe og jerngrytesteikt parmesanbrød, grønn pesto, kaffi og julekaker heime hos Guro. Det var kjempekoseleg. Etter forslag frå Guro logga me oss inn og kjøpte teaterbillettar til Sunniva si forestilling i mars. Eg er i skrivande stund lukkeleg eigar av billett til to av forestillingene. Nå er min fremste og einaste tanke at i morgon tidleg kan eg sova så lenge eg vil! Det kjennest godt.

Heidi

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: