På pilgrimsgang gjennom jula- 2.juledag
I skrivande stund er det kvelden andre juledag, og i morgon tek jula oss med inn i det juleromet som heiter «romjul». Julefeiringa her i landet varer ganske lenge om ein tek med adventtida som jo og har jula som fokus, og før det igjen har julemessene i kyrkjer og på bedehus stort sett allereie blitt gjennomførde. I barneskulen har heile desember månad sterkt preg av julefeiring med adventsstund kvar morgon, laging av julepynt, klipping, liming, baking, julesongar og julemusikk. Lærarane går rundt med glitter på kleda og glitter under skorne, gjerne med brannblemmer frå limpistolen på fingertuppane og melisglasur på genseren. Det er julehandel og julebord og julegavetips overalt. Sjølv om jula som regel begynner eit par veker før eg er mentalt klar for det, så er det ei fantastisk tid i skulen og ei veldig travel tid.
Så blir det julehandel og juleferie frå skulen og julestyr i heimen for å rekka alt som rekkast burde av baking og pakking og pynting og vaskong. Det er nesten litt komisk korleis me kollektivt blir drivne inn i ei slags førjulstranse og om kveldane går me på julekonserter og lar tårene renna under songane fordi me er rørde, slitne og på underskot av søvn. Helst alt saman samtidig. Og me har ei kjensle av å høyra saman fordi me gjer dette saman. I førjulstida vandrar me gjennom kollektive rom me er saman om, alt frå kjøpesentera til konsertsalane og juleavslutningane på skulen. Når me møtest har me meir enn nok å snakka om som bind oss saman: «Javel, har du fått handla inn pinnekjøtet?» «Ja, nå er eg seint ute med juleposten i år igjen…» «Du fant parkeringsplass til slutt du og?» I tillegg til at det er ganske travelt, så fylgjer det masse varme med på vegen der me trengjer oss fram, skulder ved skulder, litt høge sådanne, med innbitte blikk og lange handlelister.
Dei siste dagane før jul endrar det heile litt karakter. Dei flinkaste av oss er ferdige og kan lena seg tilbake, dei siste begynner julehandelen og me på midten halsar målretta framover og tenkjer at me klarer det nok i år og, for det gjorde me jo i fjor og året før. Lille julafta er vist nok den store bulkedagen av bil. Då var representantar for oss i Kong Sigurds gate tidleg ute for å sikra oss parkeringsplass, handla alt me hadde gløymt å kjøpa til nå. Me klarte å parkera utan å bulka og på kjøpesenteret var det riktig gemytleg. På lille julafta er ein raus med juleklemmane og tek det med godt humør dersom ein må stå ei stund i kø. Pegane sit lausare i lommeboka enn nokon gong, og er det nokon me har gløymt å tenkja på eller nokon som godt kan få ein liten tilleggsgave? Og det er bare jul ein gong om året, så då treng me vel eigentleg ein bukett mørkeraude roser til spisestovebordet, ein tofarga til salongbordet og ein tulipanbukett til eg veit ikkje heilt kor, men det er så fint med juletulipanar? Og der har dei sånne raude, høge, blanke lys som er så fine, dei kan me vel unna oss til bordet me skal pynta. Og julepynten er allereie til halv pris i nesten alle butikkane. Det passar godt når me skal finna ein fin løpar til det nye bordet. I den lange køen i blomsterbutikken, kjem det ein eldre herre som skal kjøpa roser. Han nesten ropar muntert «Hvem av dere vakre damer har mest lyst til å ekspedere meg?» Mannen ler sjølv og me ler alle saman og i tur og ordning blir han ekspedert med eit stort smil. Eg trur folk kjenner seg som ein del av eit stort felleskap og når jula skal inn i den private fasen av feiringa. Det står opplysningar om juleribbe eller mangel på sådanne og om kvelden kan alle sjå på fejrnsynet korleis ein lagar julemiddagen, og halvparten av oss ler høgt og lenge av hovmeistaren som snoflar i eit isbjørnhode, eg er ikkje ein av dei, om det skuldast åndssnobberi eller dårleg didponering av tid skal eg la vera å gå nærare inn på her.
På julaftan føremiddag så er det meste under ein slags kontroll, men spenningsnivået er framleis høgt. Med elleve til middag og femten eller sytten til kaffi, så vil me jop gjerne at alt skal vera bra og fint og vakkert og vidunderleg, og av ein eller annan grunn blir det alltid seint på vesle julaften.
Julaften føremiddag samla me alle våre til sein frokost med nybakte rundstykke og grovbrød, og Odd Christian ankom med dressen i sporstbagen og ein stor juledekorasjon til mormor i armane. Den mest sjarmerande gjesten var denne karen, i alve/ nisse- kostyme frå Bolivia som Sunniva gav han til jul i fjor.
Kvart år tenkjer eg at eg skal ha god tid på julaften, drikka kaffi, eta klementiner og sjå fjernsyn, men slikt blir det aldri tid til. I staden blir eg ei litt sånn masete mor som vervar folk til å skrella store mengder poteter og piskar krem så fløten skvett i det nyvaska kjøkkenet og fortel at viss ingen andre enn meg kan reinska desse rosenkåla så rekk eg ikkje å skifta klede før me skal i kyrkja. Bare Halvard slepp billig unna, så lenge han spelar piano, så slepp han å bli sett til andre ting, fordi eg liker så godt å høyra på at han spelar. Eg vart ropt inn, som eg blir kvart år, for å sjå Timmy Grashoppe syngja «When you wish upon a star.» Ein eller annan gong har eg sagt til ungane at det på ein måte er når eg høyrer den smørglatte fyldige grashoppestemmen hans at jula begynner for min del.
Men me kom oss i veg, og akslene senker seg litt når eg sit i kyrkja mellom dei av dei vaksne barna som hadde lyst til å vera med og syng julesongar. Det er noko av det finaste med heile jula, og eit signal om at nå går jula inn i ein ny fase, nå er det sjølve julefeiringa som er i gang. Og me kjem heim, og far kjem med pinnekjøtet og me set for alvor i gang med middagen. Han har med seg kristtorn frå hagen som blir mellomplassert på verandaen fordi eg ikkje har tid til å setja dei i vase.
Og så tenner me tusen levande julelys, bare dei på juletreet er elektriske. Alt anna ville ha vore uansvarleg i ein heim som vår. Eit år drog resten av familien ut for å kjøpa nye julelys på julaften, for det er nemleg ofte då me oppdagar at dei gamle ikkje virkar. Ungane kom oppglødde heim med amerikanske juletrelys som blinka med ulike intervallar etter korleis me stilde dei inn. Heldigvis fekk dei lysa og eit kort liv…
Me begynte kvelden med eit ganske stilig dekka bord, men etter middagen sklei det meste ut. Og då kaffien kom utpå kvelden og alle framleis var veldig mette av pinnekjøt, var det så mange hyggelige folk i stova at det vart ein slags ståande buffet i eit hjørne av bordet.
Når gjestene reiser heim på julaften går me inn i to nye julefasar». «Ryddefasen» og «jul -med- låge- skuldre -fasen». Gavane er opna, julemiddagen er vel over, og i beste fall er alle glade og fornøgde. Jula har runda høgdepunktet og verda kan roa seg ned etter juleklimaks. Eg er sjeldan så fornøgd og avslappa som seint på kvelden på julaften. Nå er det ikkje noko som hastar lenger. Dette året vart eg og Sunniva og Odd Christian sitjande og spela eit scrabble-aktig spel som nokon fekk til jul etter at dei andre hadde reist heim eller lagt seg. Klokka fire om natta var det nokonlunde ferdigrydda. Eg hadde eigentleg ikkje lyst til å leggja meg, men tenkte at det burde eg vel kanskje…
Den mest spesielle julegaven kom frå Vik utpå kvelden. Ingrid og Oddvar hadde feira der og ville innom oss. Med seg hadde dei denne nissekona:
Det er dama Ingrid fotograferte og sende til meg og broren sin, fordi dei to har ledd av at det finnest ein del nissedokker som er så like mora. Eg såg det sjølv og brukte biletet til profilbilete. Då Ingrid fortalde svigerforeldra historien om mitt nye profilbilete, så insisterte dei, snille og generøse som dei er, på at den nissen skulle eg få. Det er ein veldig fin og forseggjort nisse med porselenshovud og fine klede. Ved nærare ettersyn så er ho nok nokre år eldre enn meg, for rynkene er fleire og håret gråare… Så då kan eg sjå korleis eg kjem til å bli sjåande ut etterkvart og sannsynlegvis konstatera kvar jul at nå er eg endå likare. Ho skal nok få ein god heim hos meg.
Første juledag var verda blitt kvit, og eg vakna utpå føremiddagen til vakkert vinterlys.
Det var deilig å vakna til ein morgon med god tid, og veldig koseleg å baka frokostrundstykke og eit nydeleg «julebrød» med rosiner, anis og nellik etter ei oppskrift eg fann på nettet. Ungane fekk varsel via telefon om at dei som hadde lyst kunne møta til veldig sein frokost hos oss.
Sånn etterkvart var det førstejuledagsselskap hos syster mi. Ho hadde pynta så fint at eg må ta med nokre av synsinntrykka her:
Og far hadde på seg den mest julete julegensaren nokon nokon gong har sett, som han fekk i presang kvelden før av eit av barnebarna.
I dag var det ein av desse dagane med god tid og lite planar. Fotografen min var ute medan eg framleis sov og tok nokre fantastiske morgonbilete av jul på Jæren. Her kan de sjå kor fint det var med «Kvit jul på Jæren» medan det framleis varte. Dette kunne eg ha fått sjå heilt på ekte dersom eg hadde vore litt meir av eit morgonmenneske… Det øverste biletet på sida er med i same serien.
Eg rusta meg for å gå tur og fotografera eg og, og snakka med naboane som og skulle ut på tur. Me var enige om at me måtte nyta vinteren før regnet kom. Det viste seg å ta ca ti minutt frå samtalen fann stad til regnet kom. Vinter er flyktige greier her i vårt hjørne av verda.Mobilbileta mine toler dårleg å stillast ut saman med dei Leif har teke med flott utstyr, men eg må ta med dette likevel med blomar i bedet vårt ute i snøen andre juledag. I kveld har me sett ein nydeleg dokumentar frå Etterstadsletta, der eg faktisk har budd eit år ein gong der menneske i ulike leiligheiter i same bygarden blir filma og fulgt gjennom julaften 2014. Etterpå såg me filmen «Bare myke pakker under treet i år.» , ein julefilm bygd på Levi Henriksen si novellesamling og regissert av Bent Hamer. Den filmen blir med dette og anbefalt.
Ha ei god romjul alle saman.
Heidi
From → Barna mine, Jæren, jul, Kjærasten min, Livet og alt ein burde ;-), Natur, Oscar Otto, veret, vinter
Takk for fantastisk flotte bilete frå Skrudland!