Gå til innhald

Den siste har blitt den første

januar 1, 2015

15535213043_c452ed4ed3_o

Den siste dagen i året vart ein ganske travel dag. Eg fann ut at det var den dagen eg hadde sjanse til å møta Borghild, så eg slo følge med Borghild og Sunniva opp til mor og far, der me åt steikt fisk og vart sitjande lenge og prata.

image

Snøen hadde nesten tint vekk, og det hang låge skoddeflak over vatna. Det vart så fine fargar ute.

image

Med, kanskje eg skal kalla det frydblanda skrekk, går me inn i ein ny type kvardag. I teorien er eg heilt for el-bil, men personleg er eg heilt mot å kjøra ein annan bil enn den einaste bilen eg er van med å kjøra allereie. Leif toppa det heile med å gje meg el- sykkel til jul. Eg er litt usikker på om eg nokon gong kom så langt som til å ynskja meg ein, men begge dei nye innkjøpa kjem sikkert til å gjera det endå vanskelegare for meg å få gode argument for å bruka bilen… Eg får skryta av at dei siste dagane har eg brote to barrierer… Eg har prøvesykla el-sykkel, og vore gjennom mine første to mil som el-bil-sjåfør…

Me skulle ha nyttårsselskap på kvelden i går, og sjølv om eg hadde hatt heile jula på meg, så vart det veldig travelt då eg kom heim tidleg på ettermiddagen. Plutseleg vart eg lamma av den kjensla ein kan få når ein skal arrangera eit selskap. Eg var plutseleg heilt sikker på at me hadde ordna i stand alt for lite mat… Eg endevende kjøleskapet og fann i alle fall ingrediensar til å laga to ekstra salatar. Eg visste at gjestene skulle ha med seg nokre bidrag til buffeten, men var plutseleg veldig usikker på om det ville rekka til alle rundt bordet…

image

Men då eg pynta kaka utpå kvelden og fann fram alt me hadde att av julekaker og lefser, så var det framleis masse mat igjen. Måltidet smakte fortreffeleg og bestod av ulike smårettar. Det aller beste var det dei andre kom med, ein stor nysteikt skinkepai, og spansk tortilla.

Eit år går så fort, eg synest nettopp at me stod der og såg på rakettar, og svingde på stjerneskot, men det må i følge alle solemerke ha vore eit år sidan sist, og to år sidan gongen før det att.

image

Det pøsregna då klokka slo tolv, så me måtte til med paraplyar for å få fyr på dei tapre stjerneskota nokon hadde teke med seg. Etter å ha klemt kvarandre og ynskja alt godt for året som skal koma, vart me sitjande lenge rundt bordet og drikka kaffi og eta kaker. Me hadde ein fin kveld i lag medan me gjekk i saman over denne terskelen til eit nytt år, som alltid er både litt skremande og litt vemodig, sjølv om det eigentleg bare inneber det me gjer heile tida, å gå frå eit sekund til eit anna sekund, frå eit minutt til eit anna minutt, frå ein dag til ein annan dag.

image

 

Men me har viss aldri vondt av å stoppa opp å tenkja, og reflektera over det som har vore og over det som koma skal. Som alltid gjer eg meg tankar framfor eit nytt år om alt som med fordel kan gjerast litt annleis, men og om alt me har å takka for og som me kan be audmjukt om å få lov til å behalda i året som kjem og. Det er litt av nokre veker me har ved juletider, veker som er heilt annleis dei kloke, flinke og flittige me har elles i året. Nå skal livet peilast inn mot kvardag att, men det dei gamle kalla «striskjorte og havrelefse»… Men skunda seg treng ein ikkje, framleis skal eg la jula vera her litt. Eg trur eg vil ha jul i stova fram mot neste helg i alle fall…

 

Og visst skal me inn i eit år utan ryggeslaust inntak av julemat, visst skal me gå lange daglege turar og leva sunnare enn me nokon gong før har gjort, og det seier ikkje lite… Men ingenting har bråhast. I dag var det godt å ha ein roleg morgon og sova lenge, fordi det gjekk lenge før eg sovna etter å ha høyrt sistemann koma heim ein gong tidleg på morgonen. Sunniva skulle kjøra bil aleine eit godt stykke for å sova heime og vera vaken og klar til jobb i dag. Eg var glad då ho kom seg trygt heim. I dag hadde me sein frokost med alle som bur heime akkurat nå. Den første lange turen til fots vart utsett til i morgon på grunn av usedvanleg store mengdar med regn og litt for dårleg utstyr på regntøyfronten då me skulle ut av bilen. Det er ikkje ein spesielt god unnskyldning i og for seg, men 2015 bugnar av ubrukte dagar å ta av, så den første fekk lov til å vera mjuk og søvnig. I staden kom Odd Christian heim for å drikka kaffi og eta kakerestar frå i går, og så vart me sitjande og spela spel, fordi det har det blitt så lite tid til i jula. Eg tapte heile tida, men det gjorde i grunnen ikkje så mykje. Av ungane mine fekk eg kindl- lesebrett til jul, og i dag hjalp eldstesonen min meg med å få det registrert. Så viste han me korleis eg skulle lasta ned bøker frå nettet, og eg starta med det gavekortet eg hadde fått av han. Det betyr at bokstablane aukar. Eg har ein haug på nattbordet med gammeldags ekte papirbøker eg ikkje har fått tid til å lesa, og på i-paden har eg digitale bøker eg har lånt på biblioteket. I tillegg er eg nå eigar av tre elektroniske bøker på Kindl: Ei bok om tilgjeving skriven av Desmond Tutu, ei bok om kjærleik skriven av Mor Theresa, og… ei bok om John Lennon, skriven av eg hugsar ikkje kven…

Ein ting har eg skjøve framfor meg i juleferien. Eg er nøydt til å få meir kjøt og blod på manuset til tiandeklasseforestillinga me i kulturskulen skal ha før påske. Eg hadde lova meg sjølv å begynna i dag og skriva minst tre timar. Så lenge vart det ikkje, det var rett og slett litt trått å koma i gang. Men nå har eg i alle fall kome så langt, og i morgon må eg vera mykje flinkare. Det er ei spennande oppgåve, men det krev litt sjølvdisiplin å koma i arbeidsmodus. Det er så utruleg deilig med late feriedagar… Men… «Til rors Columbus…» som André Bjerke seier det i eit dikt. Nå er me rett og slett i eit nytt år, kjære lesarar.

Måtte alle gode dører opne seg, og alle gode ting skje og skje.
Måtte vår jord bli oss vennleg, og måtte hjarta våre vera varme.

 

16115407526_34e5bf2720_o

Godt år alle saman.

Heidi

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: