Skip to content

Året har begynt å rulla

januar 3, 2015

image

Så har det vel etterkvart gått opp for meg at me er i januar, og at året er 2015 og ikkje det andre talet eg har vore van med å skriva. Året har kome med frykteleg mykje ver. I går, på Sunniva sin siste dag heime, hadde ho lyst til å gjera noko kjekt.
Ho ville ha meg og Ingrid med på jentetur til Egersund. Eg var litt usikker på om eg hadde tid til denslags, men svak som eg er både for samver med døtrene mine og spontane innfall, så falt eg for ideen. Sunniva fekk til og med velsigning frå faren om at ho kunne ta el-bilen. Han trudde heilt sikkert det var nok straum på han, men kanskje me burde spara litt på varmen. Med andre ord, me plukka opp Ingrid og la i veg med ulljakkar, skjerf og luer for å spara straum. Det einaste lettsindige me tok oss råd til var å høyra på musikk i bilen, medan dei av oss som ikkje kjørde bil såg på den fine utsikten av havet som syda og kokte og høge skummande bølgjerygger som reiste seg og for som ville hestar mot land.

I Egersund var det iskaldt. Vinden var skarp og bitande, og elva gjekk så høg som eg aldri før har sett ho. Me fann ut at det nok var ein betre dag til å kosa seg inne i Egersund enn til å kosa oss ute i Egersund, men me måtte jo gå ein tur gjennom gatene når me først var der.

image

Det var framleis restar av julebyen i gatene, men det var påfallande folketomt, sikkert fordi det var så kaldt. Me fann ein koseleg plass me hadde lyst til å eta lunsj, men fleire enn oss hadde same ideen, så etter å ha inspisert lokalet utan å finna plass, gått tilbake og funne ut at mange hang rundt i lokalet og venta på ein ledig stol, så gav me opp og fann ein annan plass.

 

image

Sidan juleferien ikkje heilt er over, bare nesten, unna me oss til og med litt eplekake og varm sjokolade før me gjekk tilbake til den kalde bilen. Til vår forskrekkelse såg me at nivået på batteriet raste nedover,mykje raskare enn antal køyrde kilometer skulle tilseia. Kanskje skuldast det all vinden, eller kanskje me har fleire ting å læra om å spara på batteriet? Me ringde Leif som meinte me skulle klara å koma oss heim på den energien som var att. Då me såg batterinivået i det me nærma oss Varhaug, ringde Ingrid til far sin igjen: «Dersom det hadde vore Titanic me var ombord på, så hadde orkestaret begynt å spela nå…» Me vart beordra til Nærbø sentrum der Leif møtte oss med ein oppvarma mazda. Sjølv vart han att på Nærbø med ein nesten utlada el-bil ein ladeledning og god tru…

Heldigvis fekk me Sunniva i veg til flyplassen slik at ho nådde flyet sitt, og her heime rakk me akkurat å få rydda litt og nesten bli ferdige med å laga italienske pizzaar før gjestene våre kom. Me hadde ein gild kveld med gode folk her i heimen og bilen vart kopla til straum. Det litt dumme nå er at sikringane går dersom me ladar bil og har på varmepumpe samtidig, men me finn vel ut av det og. I dag har eg sitte her og skrive på forestllinga, og det går då framover… Då eg kikka bakover på gamle tekstar her, vart eg minna om prosjektet mitt som gjekk ut på å ta lesarane mine med på tur gjennom diktboksamlingane i lyrikkhylla mi. Det er då ein god ting å halda fram med… Kor langt var eg komen, mon tru…

Eg trur eg bestemmer meg for at eg var komen til Inger Hagerup. Ho var ein av dei første lyrikarane eg verkeleg såg opp til. På den første hybelen min i Kristiansand hadde eg ein Inger Hagerup- kalendar med eit dikt for kvar månad. Eg lurer på om det var ei innmeldingsgåve frå «Bokklubbens lyrikkvenner»? Ja, tenk, både eg og mange av venninnene mine var medlemmar i «Bokklubbens lyrikkvenner»… Eg lurer på om den klubben framleis eksisterer? Eg innbillar meg at ikkje så mange studentar les dikt regelmessig, bortsett frå dei som studerer litteratur, men eg kan jo håpa at eg tek feil…

Eg har alltid hatt eit slags livsmotto om å vera heil. Dette diktet handlar om å vera splitta. Eg kjenner meg att i det likevel. Me har alle mange ansikt, mange sider, og eit stort persongalleri inne i oss. Inger Hagerup har fanga noko her som gjorde inntrykk på meg som nittenåring, og som framleis gjer det…

To tunger

To tunger har mitt hjerte.
To viljer har mitt sinn.
Jeg elsker deg bestandig
og jeg blir aldri din.

Dypt i det røde mørket
fikk livet dobbelt form.
Der kurrer det en due.
Der hvisler det en orm.

To tunger har mitt hjerte.
Hør på det likevel.
Bli hos meg og gå fra meg
og frels meg fra meg selv.

Inger Hagerup

image

I den grad eg har nyttårsønske, så er eit av dei å skriva fleire dikt i 2015. Det kjenner eg at eg er klar for.

Heidi

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: