Billedbrev frå København
København er ein fantastisk by sjølv i gråmjukt januarver.
Me har dessverre ikkje funne tid til å oppleva «Teater borderline» på nært hald.
Men me har beundra sørafrikansk kunsthandverk. Eg kjøpte med to eggeglas som kan lysa litt i mørke morgonar, eit stearinlys i like sterke fargar og seks handlaga knappar med hundemotiv. Dei andre freistingane stod eg i mot.
Så me i mathallane og lot oss totalt overvelda av mangfald og mengde…
Her er eit lite utsnitt av krydderavdelinga, og under er Heidi på olivensmaking.
Her er gjengen på ostesmaking.
Og tesmaking.
Eg har høyrt at mange slår seg på sterk drikke når dei kjem til København. Min personlige variant var jordbær – og limejuice med ein halv chili og ein stor bit ingefær. Det reiv godt. Til drikka hadde me danske smørrebrød.
Etterpå delte me oss litt. Eg og Leif ville ha med ei fotoutstilling på Det kongelige bibliotek. Det var ei sterk utstilling med kunstnarar frå Island, Færøyane og Island. Det vart mellom anna vist ein fantastisk vakker film der kunstnarane viste fram naturen dei hadde vakse opp i og snakka om korleis natur, landskap og folkelynne hadde påvirka kreativiteten deira. Det kjenner eg att, landskapet, vêret, naturen og folkelynnet er sterke impulsar til min kreativitet. Samtidig er det fantastisk å få input frå byar som København nå og Oslo sist helg. Under viser eg nokre av bileta me såg på utstillinga. Eg er litt usikker på om det eigentleg er lov…
Heidi