Til København og heim att
Helga var så fin. Dei siste vekene gjekk så fort at eg mest ikkje fekk tid til å tenkja meg om. For det første er København ein fantastisk by, og for det andre var det fint å få ei helg i lag med menneske eg har kjend i meir enn eit halvt liv, og som eg er veldig glad i. Eg oppdagar meir og meir kor mykje alle dei fine folka og dei gode vennene eg har betyr for meg. Me har levd mykje liv saman, sett små og store ting henda i kvarandre sine liv og sett ungar fødast og bli vaksne. Desse tre sneisne Københavndamene har fotografen min fått lov til å fotografera. Han spurde fint og dei poserte og smilte. Eg håpar det er ok for dei å havna i bloggen min og, men det får eg vel aldri vita…
Dette innlegget blir eit nytt biletbrev frå København, med mine mobilbilete og Leif sine langt proffare bilete hand i hand. Truleg er det ikkje så vanskeleg å sjå kva som er kva…
Bygater er alltid veldig fascinerande. Eg ser på folk på gata, og klarer ofte ikkje å la vera å dikta historiane om liva deira. Historiane er sikkert svært sjeldan i nærleiken av sanninga…
Men dette biletet synest eg fortel ei fin historie… Skumringa er ved å koma smygande, og duene letter frå gata.
Me lot oss fascinera av dei store mathallane med det utrulege utvalet av alt mogleg. Laurdag føremiddag er nok den store dagen for å handla inn hummar og annan eksotisk mat. Leif stilde spørsmålet: «Kva gjer dei med all maten ingen kjøper?» Det er kanskje like godt at me ikkje veit svaret, for då kan me jo tenkja tanken at det går til festmat på sjukeheimane i byen og til store gjestebod for dei heimlause i byen.
Dei som jobba der visste tydelegvis kva dei dreiv på med. Ein kunne prøvesmaka på ost, krydder, grønsakar, kaker, kaffi, te, sjokolade og whiskey dersom ein hadde lyst.
Sjå dei fine folka me var i lag med.
På laurdagskvelden var me på Wallmans, eit konsept med fire rettars middag, stort show og dans etterpå. Eg hadde snakka varmt om staden etter at eg var der med kolleger for to år sidan. Nå ville me prøva det ut i lag.
Me vart møtte av tre songarar på taket over inngangspartiet. Det var sur vind og nullgradersføre, så det såg skikkeleg kaldt ut.
Showet var ikkje lett å fotografera med mobil, det var så sterke lyskastarar mot scenene at bileta vart nesten kvite, men ein del ting foregjekk oppe under taket og… Då me kom ut ein gong etter midnatt hadde det snødd og bygatene låg kvite.
Neste morgon hadde snøen smelta.
Men me gjekk oss ein sundagstur i gatene rundt Nyhavn etter ein lang og koseleg frokost.
Eg filosoferte litt over om det er psykologi i det å kalla ein diamanthandel for «Kære ven»…
Plutseleg stod me framfor Amalienborg slott.
Ganske tidleg på sundagen måtte me setja oss på toget til København Lufthavn, der me fann desse to flotte damene.
Og plutseleg var me heime att, bare for å oppdaga kor fint det er her og. Sidan det framleis var litt dagslys, måtte me unna oss ein liten heimsleg vintersafari før me kjørde bilen til garasjen heime og slepte ut bagasjen.
Heidi