Grøn lykt av glas
Er du ei mormor?
spurde seksåringen
då eg sa god morgon.
Eg svara at det hadde vore fint,
men enn så lenge
var eg nok bare ein vanleg lærar.
Så nå går eg rundt
forkledd som mormor,
tenkte eg lattermildt,
og det eg ikkje er kan eg kanskje bli?
Som ein mormorforkledd lærar
blir det nesten litt høgtid
over å gå opp trappetrinna
for å tenna morgonlykta.
***
Så tenner eg grøn lykt av glas
Eg set ho i vindaugskarmen
og let morgongullet leggja seg
der ute kring tre og sandkassar.
Barna,
desse velsigna mjuke
sårbart levande
med framleis ny undring
i morgonblikka
og bustete hår etter strikkeluene,
det er dei eg skal ta i mot dagen med.
Ta i mot den første morgontimen
som kjem på tida i dag og.
Nå kan dei tusen kråkene våre
letta i det første lyset
slik dei alltid gjer det.
Velsigna vere torsdagsmorgonar
når verda er i rute,
me skal leggja dei inn i bøker
med skakke dansande barnebokstavar,
teikna dei med tjukke nyspissa fargeblyantar
og veva dei inn i perlekjeder.
Her er det nokon
som skal bera slike morgonar
inn i resten av livet.
Me er ofte på heilag grunn.
Heidi



Så fint skreve!
God helg 🙂
God helg til deg og 🙂