Skip to content

Fara vel då farmor…

mars 17, 2015

image

Sidan noko av det finaste farmor visste var å laga store mengder mat og dekka store bord for flest mogleg menneske, så synest eg at denne kaka frå kaffibordet kan vera ei verdig helsing frå gravferda hennar. Det er ikkje slik at det kjennest rett å fotografera gjestene og leggja dei ut på internett etterpå, men bortsett frå at det er uetisk, og kan opplevast utleverande, så skulle eg gjerne ha gjort det.

brudebilde farmor og farfar

I staden tek eg meg lov til å visa dette flotte biletet av farmor og farfar som unge og nygifte. Ho var tjue år og han nokre år eldre. Ryktet seier, kanskje var det han som sa det, at då han møtte farmor då ho var konfirmant, så falt han allereie då for denne flotte jenta.  Ho kom tidleg i teneste hos ein prestefamilie, trur eg det var, og rask, effektiv og flink som ho var, så fekk ho ord på seg for å vera ei ekstra dugande kjøkkenjente og kokke. Tjue år gammal var ho allereie flink husmor, og ho og farfar kjøpte eit lite og nedslept gardsbruk som mange spådde dei aldri ville klara å driva og behalda.  Farfar hadde sagt at med stort mot, hardt arbeid og ei flink kone, så skulle det nok gå. Og det gjorde det, sjølv om det kom streker i rekninga. I ein ganske lang periode var farfar tuberkulosepasient, og farmor dreiv garden aleine med to heilt små barn å ta vare på. I mellomtida hadde den andre verdskrigen og innhenta oss. Korleis ho klarte dette går det nesten ikkje an å forstå, men ho fortalde meg at ho var så trøytt i ein periode at det hende ho vakna midt på natta og trudde det var morgon, og ikkje oppdaga før ho hadde stått opp og kledd seg for å gå i fjoset at det var slik det var.

Då eg som lita las om bestemor Duck i Donaldblada, kjende eg att mi eiga farmor som både dreiv gard, bakte, kokte, selde egg og dekka bord til gjester fulle av heimebakt brød, lefser potetkaker og vaflar, alt dette på same tida. Ho viste meg at jenter kan det meste viss dei bare vil. Då eg var lita hadde farmor og farfar eit tysk fosterbarn, Christian frå Berlin, som hadde kome til dei gjennom det eg trur heitte Norsk barnehjelp eller noko slikt. Ein gjeng barn frå Berlin, som hadde fattigslige kår i eit grått og utbomba Berlin, fekk koma til vestlandet for å få mat og godt stell. Han var der fleire somrar og ein vinter. Dei ville gjerne behalda han for godt, men mora i Berlin ville naturleg nok ha han tilbake, så dei måtte senda han tilbake til fattige Berlin. Dei har halde kontakten heilt til nå, Christian har kome ofte til Norge for å sjå til «mor» si. Han har kalt opp yngste dotter si etter henne og i dag var han med og bar farmor si kiste.

Etter gudstenesta var det fullt hus på samfunnshuset og heilt etter farmor sitt hjarte så var det plass til alle, dei måtte til og med dekka ekstra bord. Det vart servert smørbrød og kaker, brus og kaffi. Der var dei, onklane og tantane og alle syskenbarna eg aldri ser, barna deira og mange, mange andre. Reint bortsett frå at me i min generasjon plutseleg ser ut som foreldra våre, og ikkje som dei barna me alltid var før, så var det for meg som om me framleis høyrde saman på ein spesiell måte. Dei hadde spurt meg om eg kunne tenkja meg å seia noko på minnesamlinga, og det ville eg gjerne. Eg har lært både av denne og tidlegare erfaringar at akkurat i gravferder kan ein godt skriva ned alt ein har tenkt å seia. Eg kjende eg vart litt sjenert og målbunden og gripen av alvoret, så ein del av det eg hadde tenkt å seia vart aldri sagt, men eg fekk nå lese diktet eg hadde skrive og sagt det som kjendest mest viktig.

Det som gjorde mest inntrykk på meg var alle helsingane frå naboar, slektingar og andre som kjende farmor frå andre vinklar enn meg. Alle fortalde om ei dame som var der for alle som trengde henne, som alltid hadde ei open dør og eit dekka bord for alle som måtte trenga det. Ein av naboane fortalde om farmor på over åtti år som heiv på seg gummistøvlane og kom springande over markene for å hjelpa han å berga drivhuset ein gong det var storm, og fleire som fortalde om korleis ho hadde vore der for akkurat dei når dei trengte det mest. Ein gammal prest, som framstod som ein nær venn av henne, fortalde at han kom to timar for seint til å gje henne den siste nattverden. Han sa at det kanskje var siste gongen han fekk stå i ei stor forsamling og snakka om ei dame som han hadde sett så høgt som han sette farmor. Eg vart rett og slett stolt over at ei slik dame har vore bestemora mi.  Eg håpar eg kan ta med meg mykje av det ho stod for vidare i mitt eige liv. Ei av kjenslene eg sit litt igjen med er: Nå er det me som er dei vaksne.

Farmor vart nittiåtte år og klarte seg sjølv heilt fram til ho brekte armen på julafta. Ja, takk til dei genene…

Heidi

 

From → Farmor

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: