Plutseleg blir skrivekløen påtrengjande…
… for den siste veka har eg vore for travel til å ta ho fram, men nå opnar tida seg. Eg fortalde litt om den fine helga i Oslo/ Bærum, og nå har eg lyst til å visa fram litt meir. Eva Mari har arva desse fine tekoppane etter vår felles svigermor, og på sundag fekk eg servert morgonte i dei og luksusknekkebrød frå ei matchande krukke. Med eggerøre og heimerøykt og heimefiska laks frå Sunnmøre, så vart det eit herremåltid for damer. Ikkje lenge etterpå kom Sunniva bort for å vera i lag med oss, og så vart det servert nysteikte vafler. Hunden Lara har verkeleg lagt sin elsk på både Sunniva og meg. Sunniva fekk ikkje fred eit sekund, men kven kan stå i mot ein valpeyr irsk setter?
Eva Mari hadde så fine liljer i stova. Seinare på dagen gjekk me på tur og fann blåveis, men då hadde eg lagt att mobilen i bilen deira, så eg fekk ikkje fotografert desse flotte blomane som er ei eksotisk openbaring for oss vestlendingar.
I dag har eg prøvd å pynta heimen litt til påske, når eg samanliknar med interiørbloggar så blir eg litt lattermild av meg sjølv. Eg har for eksempel aldri heilt fått taket på minimalismen.
Velkomen heim snart, Sunniva og Halvard. Her er det meste som det pleier. Og eg veit at det er dumt å skriva tre blogginnlegg på ein dag, for då orkar ikkje folk å lesa alle tre, men slik fekk det bli i dag… Nå lagar Leif mat til meg. Eg har det godt.
Heidi
From → Barna mine, påske, Reiser, våren
Herlig lesing. Eg har heller aldri fått taket på minimalismen. Han passar ikkje i huset mitt. Sjølv om eg seier det er fordi ungane er små, trur eg det vil vere det samme når dei blir større.
God påske!
God påske til deg og 🙂