Skip to content

Hyttetur med innlagt spa og retreat

mars 30, 2015

imagePlutseleg var det påskeferie, og plutseleg kjende eg at eg i grunnen var veldig trøytt. Først forstod eg ikkje heilt korfor. Kunne det vera eit snev av ei forbigående influensa eller annan styggeskap som var i ferd med å bita tak i meg. Då eg fekk tenkt meg om så innsåg eg at livet har vore rimeleg hektisk dei siste månadane. Eg har liksom klart å fylla tida mi heilt utan større luker i timeplanen. Då har ein litt å ta igjen når ein først har tid til å trekkja pusten. Rett før det ringde ut til påskeferie fekk eg telefon frå Torhild med spørsmål om eg hadde lyst til å vera med på hyttetur, eg sa at det høyrdest kjekt ut, og ho sa at eg måtte venta til sjela hadde fått tid til å finna att kroppen, så kunne eg senda henne ei tekstmelding, ho skulle vera der uansett.

Visst ville eg på tur, og eg fekk ordna meg sjåfør, pakka sekken og reiste til Tjørn. Opplegget her er å gjera bare det me har lyst til og bruka tid på å bare vera i lag og elles førebu den kvelden me skal ha i kyrkja i lag sundag 19. april. Du all verda for ein luksus. På biletet over er den forklekledde vertinna i ferd med å lesa katolske tidebøner høgt frå mobilen. Elles har me gjort det me er flinkast til når me er i lag, snakka, snakka, snakka, drikka kaffi og le til det gjer vondt i magen.

image

Sånn omtrent i sjutida tok me på oss badetøy og rigga oss til i jacuzzien med varmt badevatn med masse bobler i. Det fortsette me med den same aktiviteten, snakka, snakka, snakka, og le til me fekk vondt i magemusklane. Sola gjekk ned, månen stod opp og kvelden vart mørkare og mørkare. Me tende blått lys i botnen av bassenget, og ein fugl me ikkje klarte å identifisera kom og song for oss.

Då me kom oss opp av vatnet hadde fronten kome og, så det var eit tynt islag under føtene då me la loket på, og me måtte sinna oss forsiktig inn i hytta og vedomnvarmen. Me oppdaga til vår forskrekkelse at klokka var nesten ti og at det i grunnen var for seint for den planlagde reinsdyrsgryta som var planlagd til middag. I staden fann me fram restar av røykelaks og eggerøre frå lunsjen. Det smakte det og. Her er vertinna, denne gongen iført badekåpe forkle og lebestift, det er fornemt å vera på privat spa og retreat.

image

Me har det godt.

image

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: