Gå til innhald

1.april 2015

april 1, 2015

imageDet er fint å ha nokon å leggja livspuslespel saman med. Det er fint å ha ei venninne ein har kjend sidan me var fem og seks. Me tek fram «minnebrikker» frå sekstitalet og syttitalet, og legg puslespel saman. Nokre av minna kjennest glasklare, andre er meir skoddelagde, alle er truleg litt prega av det å bli bearbeida gjennom år. Likevel ser me biletet veksa fram, eit av dei mange bileta i livspuslespelet og me fryder oss i varsemd og med rå sjølvironi over det me ser stiga fram på det balange arket mellom oss. I går avslutta eg og Torhild hytteturen med eit påskebesøk på ein kafé. Me likte at dei hadde ein rett som heitte «Softis drokna i expresso». Det er aldri for seint å oppdaga nye ting. Etter at eg hadde betalt og me var langt inni ein djup samtale kom den unge guten som stod bak disken og spurde om nokon av oss kjende til den himmelblå lommeboka han hadde i hendene. Ho var sjølvsagt mi. Eg sa at slikt pleidde å skje meg, men at eg møtte så mange greie finnarar på den måten. Ei søt dame på nabobordet sa at ho og eg hadde nok mykje til felles. Heldigvis har eg gløymt lommebøker i heile mitt liv, så eg treng ikkje bekymra meg over alzheimers på grunn akkurat dei hendingane.

imageEg vart køyrd til toget i Egersund og det viste seg å gå eit minutt etter at billetten var kjøpt. Eg hadde ikkje teke bryet med å finna skikkeleg ut kor tid toget gjekk, for me gjekk inn i dagen med den filosofien at dagen vart som han vart. Av og til er hellet større enn forstanden.

image

På stasjonen heime vart eg henta av Sunniva som sjølv nettopp var blitt henta på flyplassen. Heime venta Leif med middagen. Ingrid kom innom og fekk smaka på den nysteikte sjokoladekaka og om kvelden kom Odd Christian for å spela Bezzerwizzer. Eg forstår ikkje korfor eg tapar heile tida og Odd Christian alltid vinn… Er det taktikken som må finpussast, mon tru?  Nå manglar me bare Halvard. Eg har ei barnsleg glede ved å samla ungane mine rundt meg. Cleopatra, katten vår, er alltid overlukkeleg når Sunniva kjem heim, og vik nesten ikkje frå henne verken dag eller natt. Då Sunniva sovna på sofaen med eit teppe over seg, sov katten malande på magen hennar oppå teppet.

image

Eigentleg har ikkje hundar og kattar noko på borda mine å gjera, men dersom dei først er der kan dei jo brukast til påskepynt…

Dagane går så fort og eg må vera sånn omtrent det grådigste menneske i verda når det gjeld appetitt på tid… Eg som har tenkt å gjera så mykje i påsken… Eg har fått jobba litt med dikt i dag, men framleis står det så uendeleg mykje på den tenkte timeplanen. Eg er over femti år gammal, men har framleis ikkje heilt lært meg at Ting Tar Tid. Eg sa forresten ja til eit nytt oppdrag. Eg skal lesa dikt på Smiekveld på Undheim 15.april i lag med to andre som skriv lyrikk. Det blir sikkert spennande. Kvelden i kyrkja 19.april tek langsomt form i tankane mine. Eg er så glad for at eg skal ha med meg Torhild og Randi Engelsvold med band. Det tildelte temaet mitt denne kvelden er spørsmålet om korvidt kyrkja er truverdig. Om det er det mykje å seia, så eg håpar at eg får sagt litt.

Heidi

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: