Skjærtorsdag 2015
Framleis er det kaldt. Det var faktisk kvitt ute i dag tidleg, og sanden på stranda var til dels lett snøblanda. Det som ikkje går fram av biletet over er at balansekunstnaren står ganske høgt og i ganske sterk vind. Det som går fram av biletet er kor utruleg fint det er ute på strendene nå. I dag valde me Borestranda. Vinden har herja hardt der og i vinter, og landskapet framstod som ei merkeleg blanding av hardpakka sand, små og store steinar og tekniske installasjonar av rusta jern og sprukken sement. Kanskje er det bare meg som synest at denne kombinasjonen av uberørt natur og «skrap» faktisk er ganske spennande?
Eg og Leif og begge jentene fekk oss ein nydeleg tur langs stranda i føremiddag. Leif måtte ut på moloen for å fotografera. Me andre våga oss ikkje utpå, for bølgjene braut ganske heftig, og iskald sjøsprut over heile seg høyrdest ikkje spesielt forlokkande ut.
Eg lurer på om dette er eit gammalt kloakkrøyr som har pleigd å liggja under sanden. Høgda på kumloket Sunniva står på kan og tyda på at erosjonen har vore stor, og at det er ekstremt lite sand akkurat nå. Landskapet langs strendene er jo konstant skiftande og såra i naturen her nede brukar å ha ein eigen evne til å reparera seg sjølv. Akkurat nå står det klitter med marehalm mest som langs vestkysten av Danmark.
Sanden er veldig hardpakka og det ligg uvanleg masse småsteinar i sanden. Det går ikkje heilt fram av biletet at dei lyste nesten som diamantar i aprisola langs blondemønsteret av bølgjeskum. Me gjekk til ei strand der rullesteinane låg tett i tett. Der høyrde me ein musikk eg aldri før har høyrt. I tillegg til vinden, havbruset og måkeskrika, så vart det ein tydeleg skvulpelyd kvar gong ei bølgje slo inn, og så vart det ein kraftig rytmisk dur av småstein som slo hardt mot einannan kvar gong bølgja gjekk ut att. Eg tenkte på at det måtte ha vore eit veldig fint rytmisk bakteppe for eit musikkstykke nokon kunne ha lagt på toppen. Kanskje det kunne ha gjort seg med ein cello eller ein klarinett, eit flygel nede i strandlinja hadde heller ikkje vore dumt. Dessverre hadde eg ikkje att batteri på mobilen slik at eg kan leggja ut film og lydopptak av fenomenet. Eg lærer aldri å økonomisera med batteriet, men knipsar villt i veg dei første femten minutta og så er det gjort. Eg skulle gjerne ha fotografert kor snøkvite måkane blir når ein ser dei frå bakken mot den intenst blå himmelen.
Nå er Sunniva på jobb, ho arbeider ganske mykje nå i ferien, og om ein halvtime kjem Halvard heim på påskeferie. Eg pleier ofte å få med meg kveldsgudstenesten på skjærtorsdag, men i dag blir eg vel kanskje mor i heimen. Eg har funne eit par skjærtordagsdikt eg gjerne vil markera dagen med. Det første har Arnfinn Haram skrive:
TOMT
Du gjekk
dei kan ta deg no
tabernaklet står ope
som døra til den øvre salen
ingen der lenger
der ligg steinen i hagen
ingen der heller
berre sveitten og blodropane
nakne er altara
ribba
berre eit rom att
av kyrkja di
som natta og byen utanfor
utan deg
tomt
Arnfinn Haram
Og så frå Andre Bjerke sitt dikt «Måltidet»
Og han bød oss å anamme påskelammet
Mens hans hender signet bordet, sa han Ordet
Men de signet mer enn venner, disse hender
Det var flere enn oss han gavnet, for han favnet
med den elskende geberden hele verden.
For vår glede som for pinen drakk han vinen.
Og for greker som for jøde brøt han brødet.
Andre Bjerke
Mykje av innhaldet i den kristne påskefeiringa er framleis eit mysterium for meg, eit mysterium som fascinerer meg djupt.
Heidi
From → Barna mine, Kjærasten min, Natur, påske, Tru, våren, veret