Gå til innhald

Påskemorgen slukker sorgen

april 5, 2015

image

Påskemorgen slukker sorgen, slukker sorgen til evig tid, den har oss givet, lyset og livet, lyset og livet i dagning blid… For meg er dette påskesongen over alle påskesongar, ein song eg bare må høyra og synjga første påskedag på same måten som eg må ha «Deilig er jorden» på julafta og «Gud signe vårt dyre fedreland» på 17.mai.  I dag føremiddag var det godt å koma til kyrkja. Eg var tidleg ute fordi eg skulle vera med på sundagsskulen, og inne var det nydeleg pynta. Den flinke klokkaren vår, Leif Andenes var i ferd med å leggja siste hand på verket med blomane, gule påskeliljer, gnistrande gul forsythia og gåsungar både i krukker på golvet og på altaret og oppe på altartavla? Kunne det vera finare? Frå orgelgalleriet tona «Påskemorgen slukker sorgen» med Birgitte Berg Njå på trompet og Per Olav Egeland på orgel, dei hadde nok siste gjennomgang på samspelet. Det var til å bli glad av, og eg tenkte at ei slik kyrkje er eg takknemleg for å høyra til i.

image

image

Så sette eg meg ned i benken med teaterdokka Theodora på fanget. Eg kom litt på låtten av å tenkja på kor sært det eigentleg er å sitja i kyrkja med ei «levande handdokke» på fanget som ser seg rundt, vinkar til barn ho ser og syng med på songane så godt ho kan. I Brynekyrkja kan eg gjera slikt utan å tenkja over kva mon nokon måtte meina. Theodora er alltid med på sundagsskulen, og av og til må ho få vera med oppe i kyrkja og slik at ho kan snakka om det ho har opplevd med ungane etterpå.

Etter sundagsskule og nattverd, vart barna som var i kyrkja gitt i oppdrag å dela ut påskeliljer til alle som var der. Fleire år har eg vore med på å gjera dette i lag med barna, og det lyset dei aller fleste vaksne får i augene når ein fire eller femåring med eit stort sjenert smil rekkjer dei ein blom, er det rett og slett sjelevarmande å observera frå sidelinja.

image

Då eg sykla heim att, hadde eg ingen ledige hender eller ledig korgplass til mi påskelilje, så den vart festa på utsida av sykkelkorga der den store knallraude bagen med Theodora og sundagsskulerekvisittar tok heile plassen på innsida.

Det er ikkje ofte eg får med meg to høgmesser i løpet av eit halvt døgn. Det skjer vel stort sett bare i påsken. Eg og Sunniva og Leif har som påsketradisjon å vera med på midnattsmessa i Timekyrkja. Dette er eit arrangement som først og fremst samlar mykje ungdom, så i natt var nok til og med Sunniva med på å dra opp aldersgjennomsnittet. Når gudstenesta begynner er kyrkja mørklagd så kjem presten inn med eit stort lys og seier mot alle himmelretningane: Kristus er oppstanden. Så får alle tend kvart sitt lys i benkjerekkjene som blir sløkt eit stykke ute i liturgien. Ved midnatt  går ungdomar langs benkjerekkjene og tenner lys med eld frå Kristuslyset. Folk i benkjene får eld av kvarandre heilt til alle lysa er tende att med tilsagnet: «Kristus lyset for verda». Så går me ut på kyrkjegarden og står i ein stor sirkel mellom gravene og syng «Deg være ære, Herre over dødens makt». I går var det ekstra stemningsfullt fordi det var så vindstille at alle stearinlysa fekk forbli tende under songen. Det er nok første gongen eg har opplevd at det ikkje kjem kalde vindpust og sløkkjer lysa eitt for eitt. I går måtte me rett og slett blåsa dei ut sjølv etter at seremonien var slutt. Over oss lyste fullmånen stor og kvit.

image

image

Det er fint å feira påske i kyrkja. Som eg har sagt så er mykje av påskehistoria eit mysterium for meg. Men det å feira Kristi oppstode, livet sin siger over døden og kjærleiken sin siger over det vonde, er noko av det finaste eg veit.

Heidi

From → påske, Tru

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: