Take these broken wings and learn to fly
Det er sol på verandaen min i dag. Kirsebærtreet står med knoppar.
For første gongen i år ropar den gamle benken under kjøkenvindauget at eg må koma og setja meg litt. Og ja, verandadøra vår kan godt trenga å bli ny.
I dag vakna eg med Paul Mc Cartney sin song «Blackbird», surrande tankane. Spesielt linja «Take these broken wings and learn to fly…» svirra om og om igjen der inne. Eg fekk det for meg at det er det me gjer heile tida. Det er det mykje av jobben min i skulen handlar om og det er mykje av det som kjem til syne i ei levande kyrkje. Me har skrammer og sår me skal leva vidare med. Me er ikkje fødde inn i eller fødde til å hanskast med det perfekte. For nokre veker sidan var me nede på stranda og plutseleg såg eg ein måke som bevega seg på ein merkeleg måte. Eg oppdaga fort at den eine vengen var skadd, og at den fuglen nok aldri kom til å fly meir. Eg vart rørt av at han såg så tapper ut. Han hoppa og sprang bortover sandstranda og leita etter mat. Eg vart så trist at eg ikkje orka vera der lenger. Utsiktene hans var nok ikkje gode, men livskrafta var framleis til stades. Kanskje det var denne fuglen som fekk Paul Mc Cartney til å synga så tydeleg i tankane mine i dag, eller kanskje det var svarttrasten eg såg i går og tenkte at det verkeleg var ein nydeleg fugl.
Er me lurte til å tru at alt skal vera perfekt før livet blir bra nok? Bruker me alt for mykje krefter på å prøva å prestera glatte og perfekte liv? Gløymer me nesten å leva? I dag er dagen komen for å snakka i kyrkja om korvidt ho er truverdig eller ikkje. Det er vel kyrkja sin situasjon og på ein måte: «Take these broken wings and learn to fly.» Og i kyrkja trur me jo på under, små og store under. Det må me kunna gjera i det heilt allminnelege kvardagslivet vårt og. I alle fall må me alltid vera opne for dei små undera som held oss oppe og plutseleg løftar det allminnelege opp til noko større. Ein av dei fantastiske tinga med kyrkja er at det største bur i det minste. Det er ein herleg motkulturell tanke.
Då eg fylde femti for nokre år sidan, song Sunniva «Blackbird» for meg, og Håvard, som ho var kjærast med den gongen spelte gitar til. Kanskje det var då eg fekk auga skikkeleg opp for denne fantastiske teksten.
Blackbird fly!
From → Barna mine, Skule, Tru, Uncategorized, våren, veret