Å vera stille
Sist helg vart av det spontane slaget. Eg visste at dagsseminaret «Salig er tørsten,» vart arrangert i Oslo, med mellom anna Magnus Malm som talar. Eg visste og at eg hadde gode venner som skulle dit, men eg hadde ikkje meld meg på. Eg hadde hatt ein periode med mykje å tenkja på og mange ballar i lufta, og det var ulike ting som gjorde at eg ikkje trudde eg kunne reisa heimefrå den helga. Så opna det seg ein veg likevel. Tidspunkta for ting eg måtte vera med på vart flytta, og plutseleg kunne eg dra likevel. Eg var så heldig at Torun, mi gode venninne på Røyse hadde lyst på besøk i helga, og så kunne me to dra saman på seminar på laurdagen. Då var det bare å kjøpa togbillettar og gå inn på nettet for å melda seg på. Det viste seg at det meste var fullteikna, men på eit todelt seminar med den engelske benediktinarmunken Christopher Jamison var det plass. Eg hadde aldri høyrt om han, så gjekk inn på ei lenke på nettet for å finna ut meir. Då fann eg denne dokumentarserien laga av BBC:
Eg vart sitjande som trollbunden og sjå først på ein episode, så på den neste, då var kvelden blitt så sein at eg spolte meg gjennom den tredje for å få med meg høgdepunkta. Det er ein realityserie der fem svært ulike menn har forplikta seg på å leva førti dagar i eit benediktinarkloster og følga rytmen i klosteret medan dei var der. Dei fem var, som Jamison sa på seminaret, nøye utplukka mellom mange som melde seg på. Ein av dei var tilknytta pornobransjen, ein var ein skikkeleg playboy, ein var ein pensjonert lærar og lyrikar som ikkje trudde på Gud, ein var eit svært søkjande menneske som mellom anna hadde søkt sanninga i eit buddhistkloster, og den siste hadde vore med i ei militant protestantisk opprørsgruppe i Nord- Irland og hadde vore fleire år i fengsel.
Desse mennene vart først fascinerte av det dei såg i klosteret, så vart dei skrekkslagne og hadde mest lyst til å flykta frå det heile. Det mest skremmande var at klosteret praktiserte av store delar av dagane var fylte med stille bøn og meditasjon der det ikkje var lov til å snakka. Dei måtte likevel halda seg til det dei hadde forplikta seg til. Alle fem la ut på kvar si livsreise. Alle opplevde at stilla gjorde noko med dei og at dei vart forandra som menneske. Eg anbefalar alle å sjå på denne serien, og eg vil gjerne høyra om andre finn eksperimentet like interessant som meg.
Etterkvart som toget tok meg sørover og austover, såg eg våren eksplodera utanfor togvindauga. På mine kantar av landet praktiserer me tidleg vår, men denne gongen hadde dei austpå tydelegvis teke oss att på oppløpssida og gått triumferande i mål. Ute var det heilt grønt, bjørkene var fullt utsprungne, frukttrea stod i blom, og fleire andre tre stod allereie med lauv. Det såg ut som om dei var minst to veker framfor oss i årstid.
Då eg kom til Oslo S, var eg heldig og nådde akkurat bussen til Hønefoss. Eg vart plukka opp av Torun på Vik, og me kjørde til huset på Røyse der eg har vore med jamne mellomrom dei siste 32 åra og hatt så mange fine opplevingar.Der venta det nykokt suppe og varme rundstykke, blåbær, bringebær og kaffi, og på bordet var det ein stor bukett nyplukka kvitveis.
Grytidleg neste morgon stod me opp og tok bussen til Oslo og seminaret me begge hadde gleda oss veldig til. På spaserturen gjennom byen såg me grøne tre og blomar over alt. Dei første grøne dagane i året gjer meg nesten mållaus.
Me vart ikkje skuffa. Filadelfia, der seminaret vart arrangert var ein god plass å vera denne dagen. Det var flott å høyra på Magnus Malm, eg har mange tankar om det han hadde på hjartet. Det kan vera eg skriv eit innlegg om det seinare. Musikarar frå Oslo Subchurch danna ei nydeleg musikals ramme rundt arrangementet.
Christopher Jamison var ei oppleving å få lytta til i to bolkar. Han var ein klok, varm, karismatisk og humoristisk mann. Han hadde tankar om at me blir fattige inne i oss av å springa omkring og aldri gå inn i stilla der Gud kan tala til oss og der me kan kjenna kven me verkeleg er. Då ei i salen under seksjonen for spørsmål spurde korleis i all verda me kunne få til å prioritera stilla i dei overmøblerte liva våre, gav han det praktiske rådet å stå opp fem minutt tidlegare, setja oss på ein stol og setja stoppeklokka på fem minutt. I desse minutta skulle me bare vera konsentrerte om ei meditativ bøn der me opna oss mot Gud og dagen. Han meinte at for mange menneske ville dette enkle grepet verkeleg gjera ein forskjell for dagane deira.
For meg er dette eit viktig innlegg i ei tid der svært mange søker nettopp stilla. Det blir ofte gjort gjennom yoga, buddhistisk inspirert meditasjon og den nye trenden mindfullness. Alt dette er vel og bra, men for meg er det og fint å vita at denne tråden av å vera stille har gått gjennom kyrkja i alle år. I boka «Eat, pray, love», legg forfattaren ut på ei reise for å finna seg sjølv. Dette inneber mellom anna eit opphald på Bali for å meditera. Ho skriv sjølv at først etter at ho kom heim kom ho til å tenkja at ho kanskje kunne ha funne mykje av det same i kyrkja nede på hjørnet. Noko som for meg og fortel ei historie om oss i Norge er at den norske tittelen vart «Spis, elsk, lev.» Her er ordet «pray» rett og slett kutta ut. Kanskje nokon tenkte at det var for sært til å selgja i Norge.
Magnus Malm sa at for mange i Skandinavia fungerer trua på Gud nesten som ein stomipose. Dei veit dei er heilt avhengige av han, og er takknemlege for at han er på plass, men det er å håpa at ingen oppdagar at han er der…
Etter seminaret var me ein fin gjeng med venner som gjekk ut for å eta middag og prata saman. Me åt nydeleg mat på den libanesisk-arabiske restauranten Habibi i Storgata. Det var særprega og veldig god mat.
På sundagen var eg så heldig å få skyss til Oslo med Håvard og kjærasten. Det er så fint å sjå barna i vennekretsen veksa seg vaksne og flotte, me hadde ein veldig triveleg tur saman. Eg skulle gjerne blitt med Torun på sportsgudstenesta ho var med på å arrangera, men når eg først var på austsida av fjella ville eg gjerne ha litt tid med ungdomane mine. Halvard var dessverre på jobb denne dagen, men eg fekk ein fin aprilsundag saman med Sunniva og Vilde. Me drakk kaffi på litteraturhuset, vandra litt i byen og avslutta med middag på indisk restaurant. Eg skulle gjerne hatt dei nærare…
Heidi