Skip to content

Nittiårsfeiring

mai 8, 2015

image

I dag starta eg dagen med ein kopp kokt mjølk. Eg er alt for hard på kaffien, og av og til seier kroppen i frå at nå er det meir enn nok. Nå kan eg menga meg med dei som svergar til «kvite dagar» innimellom…  Forøvrig var dette dagen for å føla seg litt ung, for Torhild og eg hadde lova å ta del i ein middag som kommunen årleg arrangerer for dei som fyller nitti inneverande år. På ekte jærsk vis, så var middagen klokka halv eitt med fint dekka bord med kvite dukar. Fem spreke damer på nitti og ein sprek mann på same alder var der for å bli feira, og dei som ville kunne ha med seg fylgje.  Me var inviterte til å stå for eit underhaldningsprogram. Det bestod av allsong, solosong, diktlesing med musikk, opplesing utan musikk og forteljing. Før me reiste dit hadde me vår andre øvingsøkt før me skulle i elden. Øvingsøkt nummer ein var i går ettermiddag, me kjenner kvarandre så godt at me stoler på at me skal finna ut av det sjølv om me set seint i gang.

image

Då Torhild kom var eg ute og lufta den firbeinte overnattingsgjesten i haglver… Men etter kvart klarna det opp og sola varma faktisk ganske godt.

imageFramfor sivdamssenteret blømte det intenst rosa japanske kirsebærtre. Inne fekk me eta nydeleg middag saman med jubilantane, oksesteik med grønsakar og valdorfsalat med heimelaga karamellpudding til dessert. Programmet vårt gjekk bra trur eg. I tillegg til å fortelja og lesa vårdikt, så las eg den jærske salmen eg skreiv i fjor. Eg fortalde om då eg var på salmeseminar på Lysebu og vart inspirert av Petter Dass som meinte at ein måtte ta den heimslege naturen og levemåten med i salmane om dei skulle bli ekte. Me veit lite, og langt mindre visste dei på Petter Dass si tid om å leva i Jerusalem. Det er livet saman med Gud i den norske naturen og kulturen som gjenspeglar hjarta våre, meinte han. Sjølv skreiv han salmar om fiske og storhav. Eg måtte skriva om vind og regn. Det er første gongen eg har brukt denne salmen som eg veit at Vidar Kenneth Johansen har laga ein fin melodi til.

Salme frå Jæren

Havet dansar, stormen rasar,
bølgjeslag er puls og takt,
trea bøyer seg og teier,
trassar storm og overmakt.
Vind frå vest og vind frå nord,
ropar om at Gud er stor,
alle ville krefter syng nå
om hans skaparkraft på jord.

Regnet piskar, dryp og sildrar,
alt blir døypt og nytt og vått,
vatnet samlar seg i mørket,
ligg og voggar tungt og rått.
Himmel tøyer seg mot hav,
alt det gode Herren gav,
blir som nytt når veret vaskar
angst og støv og hovmod av.

Måkar skrik mot lange strender,
viper kjem med lengt om vår,
havet slår mot sand og steinar
bankar ømt mot draum og sår:
Nye tider skal me få,
me skal elska, leva, sjå
vera trygge midt i vinden,
han som spelar for oss nå.

Sommarvindar stryk om jorda,
kjælar blidt med gras og strå,
trea raslar lette rytmar,
grønt i sommarspelet nå.
Vind frå aust og vind frå sør
dansar mjukt som aldri før
kviskrar lågt i moll for jorda
der kor bare føter trør.

Når ein dag med gule åkrar
mogne raunbær, haust og lyng,
me skal møta siste kvelden
medan nordavinden syng,
skal me takka før me går
deg som gav oss dag og år,
takka deg som skapar livet,
skapar oss til haust og vår.

Det mest rørande punktet på festen var då alle nittiåringane kom fram og fekk kvar sin stol dei skulle sitja på. Dei var så fine og fjåge, og dei såg så utruleg spreke ut alle saman. Eg trur at nitti må vera det nye sytti. Då eg vaks opp var nittiåringar frykteleg gamle i den grad dei i det heile tatt fantest. Desse damene gjekk framleis på spaserturar og likte å svinga seg på dansegolvet. Då farmor fylde nitti trur eg nesten ho stod i gardintrapp og vaska skap og veggjer. Det gir i grunnen gode framtidsutsikter. Det å sjå damene sitja på kvar sin stol og glitra fekk meg til å tenkja på konfirmasjonsgudstenesta eg var på på sundag. Begge deler var fint og personleg og viste fram eit og eit menneske.

Ein del av programmet var at ordføraren skulle gje dei blomar og varme ord. Sidan det var åttande mai i dag, hadde ordføraren vår eit oppdrag i Vatneleiren der han var med på å heidra krigsveteranar. Han hadde lova å koma tilbake så fort som mogleg, men då tida for blomsterutdelinga kom, hadde han framleis ikkje nådd fram. Til slutt gav dei opp å venta, og leiaren for eldresenteret tok på seg eit spontant ordørarvikariat og begynte å dela ut dei fine bukettane. Plutseleg sa ein av festdeltakarane: «Der kjæme ordføraren mæ kjede på sæg å alt». Dei to bukettane vart lynraskt sette tilbake i bøtta og så fekk alle blomar, gode ord, handtrykk og klem frå ordføraren, og alt ende godt til slutt.

image

Eg rakk akkurat heim då Ingrid kom innom for å henta Oscar og gå tur. Me fekk ein fin tur i vårsol som faktisk varmde godt. Eg har oppdaga at Eyvind Skeie har laga ein fin bryllaupssalme på melodien «Morning has broken». Kanskje det er noko for Ingrid og Oddvar?

Elles skulle eg aller helst ha vore i Oslo denne helga for der set dei opp tre variantar av Sunniva sitt teaterstykke på Det norske teateret. Sidan eg var der for to veker sidan, og skal dit igjen til neste helg, så klarte eg å besinna meg… Det har alltid plaga meg litt at ein ikkje kan få med seg alt her i livet og at ein bare kan vera ein plass om gongen…

Heidi

Heidi

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: