Skip to content

Du ska inte tro det blir sommar

mai 12, 2015

image

Eg har ein kollega som gler seg til sommaren. Til nå så har sommarvarmen uteblitt, så me får bare innretta oss etter verforholda. Men me ryddar vinteren vekk som det står i Idas sommervise: «Du ska inte tro det blir sommar, i fall inte nå`n setter fart, på som`ren och gör lite somrigt, för då kommer sommaren snart…» I dag har andreklassingane vore ute og rydda skulegarden og plukka søppel og gjort klar til syttande mai. I morgon skal me farga flagg og laga papirblomar til å ha i skulevindauga slik at det blømer fint der til 17. mai. I skulegarden er bjørka bjørkegrøn, og det har begynt å koma rosa blomar på trea ved fotballbanen.

Nå går eg inn for landing etter ein fullmøblert dag. Etter undervisninga øvde eg og Kirsten og Siri på song- og-ræpp- nummeret som me skal ha på personalrevyen. Klarer eg å læra utanåt 24 verselinjer som skal ræppast raskt og rytminsk til pianomusikk, me får sjå… Kirsten syng i alle fall alldeles nydeleg, så den delen av nummeret er i boks.

Eg fekk og prøvd meg som fotograf i dag, så kreativiteten kjenner ingen grenser. Me brukte halvparten av tida med skrivegruppa til å fotografera fordi me treng eit omslags- og baksidebilete til boka vår. Sist veke hadde eg bomma på iso- innstillinga, så dei bilet vert uskarpe. Eg håpar det går betre i dag. Dei har klatra i tre, hengt i klatrestativ, balansert på vipper og pressa seg saman på ufo-dissa, så me får håpa innsatsen fører noko godt med seg. Ein liten overraskelse i dagen var at min tidlegare skrive-elev, Silje, som har gått på skrivekunstakademiet i Bø kom for å foræra meg ei dedikert utgåve av antologien deira. Eg gler meg til å lesa, og sjølvsagt gleder det meg stort at ho har vald å gå vidare med skrivinga.

Så bar det rett til Kvinneforum i kyrkja. Eg var litt spent på om eg framleis hadde hovudet klart nok til å fortelja, snakka om livet og lesa dikt. Det gjekk bra. Det var fint å vera der. Nå skal eg ta dagen ned for landing. Ein kosesjuk katt legg seg på tastaturet og spaserer fram og tilbake over tastane. Det blir nesten umogleg å skriva. Mala gjer han og. Eg får finna senga. Det er jobb i morgontidleg og. Men eg oppdagar meir og meir at eg verkeleg vil skriva. Eg vil skriva songar, salmar, dikt og biletbøker. Alt eg vil skriva ligg i store bunker i fantasien min. Kjem tid kjem råd.

image

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: