Gratulerer med dagen, Sunnigull !
For tjueto år sidan i dag fekk eg ei lita jente. Det kjennest ikkje lenge sidan i det heile tatt, men eg ser jo at jenta er blitt stor. Fire gonger har eg fått oppleva det aller mest fantastiske, det å sjå eit barn bli fødd etter å ha bore det under hjartet i ni månadar. Den fjerde gongen måtte eg med eit visst vemod innsjå at nå var barneflokken fullteikna. Eigentleg ville eg hatt minst to til, men det torer eg mest ikkje å seia høgt.
Det har vore fantastisk å ha så mange barn rundt seg i eit langt kapittel i livet. Med skulen som arbeidsplass er det heldigvis framleis mange ungar å vera glad i. Eg kostar på meg å posta nokre gamle bilete for å hugsa kor fint det var å ha deg lita, Sunniva.
Eg håpar du har hatt ein fin dag.
Mor
I morgon, for 24 år sidan, fekk eg ein gut. Den dagen har alltid hatt ein blomakrans rundt seg. Så fin! Eg har og fire, og eg har og alltid villa hatt to til. Og det skulle vera to jenter, tvillingar kanskje. I alle fall skulle dei heita Valborg og Ingeborg. Ein annan draum er at eg ville hatt 6 søner…. See! No igjen! Er det ikkje rart, Heidi? 🙂
No igjen… Og eg har alltid ønska meg tvillingar 🙂