Skip to content

St. Hans-aften

juni 23, 2015

image

Då me flytta til gata vår for 25 år sidan, samla naboane seg alltid på jonsok-afta for å grilla i lag. Det var koseleg. Etterkvart som ungane i gata vart store, fall skikken bort. Då eg var barn, brant me alltid bål med alle naboane og spidda pølser på bålet som me bokstaveleg talt knaska i oss med eit centimeter tjukt brent lag ytterst. Det smakte fortreffeleg. Det virkar som om tradisjonen med St-Hans-bål er litt utdøyande, og det er i grunnen trist. Kanskje folk er metta på grilling etter skuleavslutningar og diverse grillfestar? Det er jo veldig koseleg at foreldra i dei ulike klassane arrangerer treff slik at barna får oppleva å vera i saman med dei vaksne og treffa foreldra til kvarandre. Slike tilstelningar hadde ikkje me då eg var lita. Det som kjem nærast må vera jonsokfeiringane og sundagsskuleturane der fedrene spelte fotball med spisse svarte sko og stor innleving.

Utpå kvelden kjørte me ein tur for å sjå på båla langs vegen og sjøen, og for å oppleva ein til av desse lange lyse kveldane som eg er heilt forelska i. Lyset i seine midtsommarveldar er rett og slett noko av det vakraste eg veit. Ute var det bare elleve grader, men det å frysa på jonsokkvelden hugsar eg som ein del av pakken. Då me kom til Brusand måtte me ut og gå ein tur. Det er så utruleg fint der.

imageEg synest at fjellsilhouetten her får det til å sjå nesten nordnorsk ut. Dessverre kjem ikkje den nydelege flaskegrøne fargen på sjøen og den djupblå fargen på fjella godt nok fram her. Eg håpar fotografen med det store kameraet fekk betre bilete. Over denne flotte solnedgangen låg det ein eim av bålrøyk. Det høyrer med denne spesielle kvelden det og.

image

Me måtte og innom og kikka på den gamle kyrkja me skal ha bryllaup i om halvanna veke. På grunn av eit straumgjerde eg ikkje hadde lyst til å krypa under, så fekk eg ikkje fotografert frå den finaste vinkelen. Dette er bakdøra. Frå hovuddøra på den andre sida er det utsikt ut over opne havet. Dei trur at då dei bygde kyrkja for 750 år sidan gjekk havet så høgt at dei kunne fortøya kyrkjebåtane sine utanfor kyrkja. Det kriblar litt i magen når eg tenkjer på kor kort tid det er att nå til bryllaupet.

Eg håpar alle har hatt ein fin jonsokkveld. Framleis kan me nyta desse utrulege lyse nettene i eit par veker.

Heidi

2 kommentarar
  1. Så koselig å lese! Eg har nesten same minner frå St.Hans som deg, og brått kom dei så nær! St.Hans feiring på byggjefeltet med små ungar har me og fått med oss. Og veit du kva, eg gifta meg ein St.Hans kveld for 28 år sidan i Orre gamle kyrkje. Heilt fra eg var lita hadde eg visst at eg skulle gifte meg der! Vårt første barnebarn blir døypt der på Olsok. Lykke til med bryllupet!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: