Gå til innhald

Sommarferie heime

juni 26, 2015

image

Ferie heime er undervurdert. Det er utruleg deilig å vera heime og ha god tid.

image

Då Odd Christian fekk førarkort i februar, bestemte me at me måtte feira med at eg og han kjørde ein lang tur og åt middag saman. Det har gått fire månadar utan at me har hatt tid til det, men på onsdag var tida komen. Me sette oss i bilen utan å vita kor me skulle hen, og så ende me på Byrkjedalstunet.

image

På veg heim reiste me innom mor og far. Dei hadde nettopp vore med på å fordela tinga etter farmor, og eg fekk ei lita øskje med minne. Mellom anna var eg så heldig å arva ein to hundre år gammal familiebibel. Eg fekk og tilbake ein del ting eg har send til farmor gjennom åra. Det innebar nokre møte med fortida. Ho hadde teke vare på ganske mykje. Mellom anna dukka invitasjonen til bryllaupet vårt opp… Det kan jo passa bra i desse bryllaupstidenr… Slike laga me til alle dei inviterte, og denne ber litt preg av at me hadde sitte nokre timar allereie då denne vart laga. Eg hadde kjøpt inn blondeblomar, remsar av ulike tøystykke og gullmaling… Eg hugsar at eg syntest det var ein veldig koseleg form for dugnad, nå tenkjer eg at det kunne ha vore laga av ein andreklassing… Eg kom jo nesten rett frå formingslærarskulen… Eg trur ikkje Ingrid sørgjer over at ho ikkje sette meg til å laga invitasjonar for henne.

image

Derimot har eg kjøpt pynt til marsipankaka eg skal baka for henne. Ho takka nei til heimelaga marsipanbrudepar laga av meg, og ja takk til eit ferdigprodusert par. Det er kanskje like greitt…

image

Bryllaupsfokuset i heimen er relativt stort, det kjem besøkjande med presangar og Ingrid er innom rett som det er på så komitemøte. Eg måtte rett og slett henta fram bilete frå bryllaupet vårt for tretti år sidan og mimra litt. Det var nokså mange ting me ikkje tenkte på i det heile tatt då me gifta oss, som Ingrid har hatt orden på i lange tider. Det skuldast nok at tidene endrar seg, men ikkje bare det. Unge var me i alle fall, med heimesydd brurekjole. I mitt overmot hadde eg kjøpt metervis med thaisilke utan å ha noko mønster for kjolen. Eg tenkte at viss eg våga å gifta meg, så våga eg å sy kjole. Han utvikla seg til å bli eit samarbeidsprosjekt der Eva Mari og svigermor var nokså involverte. Det same var venninnene mine, og ein australsk keramikar som var innom jentekollektivet der eg budde måtte og uttala seg.

image

image

image

Buketten min hadde me så vidt tid til å laga. Me plukka blomane i siste liten, og forlovaren min, Sissel, laga han i bilen på veg til kyrkja. Eg forstår betre enn før at mor mi var litt stressa over tidsdisponeringa mi…

I dag er det første dagen eg verkeleg har kunna gå inn for prosjektet å få litt brunfarge i ansiktet og på armane. Eg held på at det burde vera overkomeleg. Det var til og med så varmt at me kunne eta middag utandørs. Halvard kom heim i går, det er veldig koseleg å eta med alle gutane mine.

image

I kveldinga tok me ut på sykkeltur. Sidan me har fått oss el-syklar så kan me dessverre nesten ikkje framstilla det som sprekt. To og ei halv mil går unna utan større anstrengingar, men eg trøyster meg med at me i det minste må trø heile tida. Det er ein eigen følelse å koma seg fram på to hjul. Ein får tid til å kjenna luktene av høy og fjos og markblomar. I vårt tilfelle fekk ein og hundrevis av knott i ansiktet. Dei svermar i store skyer og det kan lønna seg å sykla med munnen lukka… Me såg masse svaler som flaug lågt over markene. Det betyr regn dersom ein skal tru på gamle verteikn. Meterologane er faktisk einige dei og. Det blir regn i morgon, men så skal det bli varmare i neste veke. Det siste passar oss bra…

image

Me klarte ikkje dy oss i kveld heller, me måtte innom Orre gamle kyrkje ein gong til. Dette er utsikten frå kyrkjetrappa. Det er litt vanskeleg å sjå at det er både hav og himmel me ser rett fram, men båten der ute i horisonten burde vel bevisa det.
image

Kyrkja ligg tett oppi ein gard, så ein kan koma til å oversjå den vesle bygningen når ein kjører forbi på vegen. På kyrkjegardsmuren sat det ein oransje kyrkjekatt. Sidan det truleg ikkje finst så mange kyrkjerotter lenger, så får me tru at det er gardsfolket som eig han. Han likte å bli klappa i alle fall…

image

Langs kyrkjegardsmuren veks det blomar. Det er så fint. Prisen for å sykla over Jæren i dag, er at hår og klede luktar fjos. Det var fleire som hevda markene sine der me sykla forbi. Det skal merkast at me ikkje høyrer til i storbyen.

Nå har eg skrive songar til bryllaupet og held på med å skriva tale. Det er så mykje eg gjerne ville ha sagt til Ingrid og Oddvar, og resultatet er at det blir alt for langt. Det overraskar kanskje ingen som pleier å lesa bloggen min… I morgon må eg stryka med hard hand.

Heidi

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: