Gå til innhald

Dei mørke tekstane

juli 11, 2015

Det er meg uendeleg fjernt å vera dommedagsprofet. Likevel hender det rett som det er at eg stoppar opp og spør meg sjølv om me veit kva me driv på med. Det ligg vel i vår natur å konsentrera oss med det som er nærast oss, og det som det gir oss minst bekymring å tenkja på.

Kven er me midt i alt som er gale i verda? Korleis kan me gjera vårt til å hjelpa jorda til å overleva måten me har behandla ho på? Korleis kan me ta ansvar, og korleis kan me gjera det litt lettare for andre menneske å vera menneske på ei jord der så mykje er skeivt fordelt og me har lett for å tru at me har rett på det aller beste?

Eg har ingen enkle svar, men eg oppdagar at tekstar som liknar dei eg har under begynner å dukka opp når eg skal skriva dikt. Det som gir meg eit ekstra håp er at eg har klokkartru på at kjærleiken er sterkare enn døden og at det finnest ein Gud og ei kraft som vil at me faktisk skal koma oss ut på banen.

Eg er usikker på tekstane under, om dei kommuniserer noko av det eg kjende då eg skreiv dei. Eg tek gjerne i mot respons, for dette liknar ikkje heilt på det eg har skrive før og mykje av det eg framleis skriv…

15343295714_7d72d33211_o(1)

 

***

Alle dei svarte fuglane skriv
med hemmeleg skrift
og raske flakkande vengeslag
på den uskuldsblå himmelen.

Eg vurderer taust
om eg skal lesa
eller om eg skal la det vera

***

image

***

Eg føddest ein stad med viper og bier
med humler og knallgule løvetann.
Då dei ein vakker dag
ikkje kom heim om kvelden,
lurde eg på kva me hadde gjort gale.

Utan viper og humler
kjem den store stilla.
Utan dei kvite blomane
og dei store luktene
kan det fort bli kaldt her.

Me lever liva våre
vovne tett inn i andre sine liv
med hender overgitt
til andre sine hender.

Rekk meg ei hand utan hanske,
ei hand utan polvott
utan rustning av jern.

Sjå på meg
utan maske
møt blikket mitt
utan mørke solbriller.

Så får me prøva å snakka saman.

***

image

***

Om englane ein dag skulle stå der
med sorg
med dei siste plager

om dei skulle tømma smertebegera
i elver og sjøar
og det er me som står her og lever

skal me skjelvande
halda oss til det gode
utan å gløyma kven me er.

Trøysta trøysta mitt folk
seier Herren.

Eg er send ut
med ordet trøyst i panna.

Trøysta trøysta mitt folk.
Ikkje har eg nøklane
til hemmelege låsar.

Ikkje kan eg formlane
til kodane ingen kjenner.

Eg som bare står her
med kallet ,
ei raud rose mot nakne hender
med torner og grøn stilk
framleis peikande mot jorda.

Trøysta, trøysta mitt folk.

***

16202213166_c5649ccd08_o

***

Vinden skal synga
stille songar om håp
om liv og vennlege dagar
om mjuke hender og god vilje
for dei som har øyrer å høyra med.

Me skal bu her,
modige, redde og tvilande
i omsorgen som alltid skal bera
bera oss stille langs med
bera oss over og gjennom.

Me skal gjera vårt beste
forma fingrar og hender
til gløymde speiderhelsingar,
gå ut i  det nye og farlege
i skjelvande triumf
og med redde og modige steg

Ikkje prøva å passa inn
i andre sine skoavtrykk
langs strender og joggeløyper,
bare i blind tillit
finna løypa som er lagt ut for oss
og trøysta trøysta mitt folk.

Heilt til kveldsklokka ringer frå eit tårn
me ikkje heilt har visst om.
mjukare og heilt annleis.

Skal me la oss bera
skal me bera oss sjølve
og kvarandre.

Trøysta trøysta mitt folk.

***

image

 

image

Heidi

From → Uncategorized

2 kommentarar
  1. SofieSS permalink

    Kjære Heidi,
    tillet eg meg å skrive.
    Eg har hatt delar av dei mørke dikta med meg sidan du la dei ut. Gjennom kreftbehandling, slik at me ikkje kunne dra på Korsvei. Ta med behandling mest utan biverknader, og med svært god prognose, Skjoldbruskkjertelkreft. Men det tek på og set merke, både på godt og vondt. Og skapar tankar, og om andre ein møter..

    Desse «svarte» dikta dine treng me. Som til i dag, 22. juli. Til periodar med sjukdom. Når vi bekymrar oss for skaparverket vår, t.d skrapar i is på hagebordet 19. juli i Numedal. Eller tenker på permafrosten som tiner og skapar metangassar som…..

    Det første opplever eg bare fantastisk. (Her må du ta med at eg er naturmenneske, langt frå litterat. Det er 39 år sidan eg var fersig med å tolke dikt.) Så knappt, så lett å oppfatte, og den slutten, og fokus på at vi har faktisk val om å lese, kjøpe, oppmuntre det t.d tabloide. Det nyttar ikkje at bare eg let vere å kjøpe VG ol. eller lese det på internett.

    Det siste diktet har eg strevd med å få med meg. Men nå, når eg blar ned att etter å sjekka det førate, ser eg at det er jo bare fantastisk.
    Ikkje følge i andre sine fotspor….. Trøyste mitt folk. Det er ei fantastisk oppskrift på korleis eg ein kan leva i denne verda eg ikkje kjenner meg så heime i. Vera der eg er sett…

    Dei to siste dikta slit eg meir med å få med meg. Bier og humler, og viper, og så trøyste folket, er godt kvar for seg, men eg ser ikkje samanheng, endå iallfall. Men formuleringane om hånd utan hanske og vott, ansikt utan maske og solbriller er fantastisk gode, Heidigode. Bjørkegrøn vart eit nytt uttrykk for meg i mai.

    I det tredje diktet slit eg endå med samanheng..

    Takk for alt du deler med oss! Eg har CD med Hilde Svela, skal ha ei ny i august. Minnar om Korsvei, som eg skjønar vi har vore saman på mange gonger…

    Lukke til vidare med dikta dine. Trur det vert ei diktsamling på meg etterkvart. Det har eg ikkje mange av.

    Helsing Sofie Skrudland

    • Kjære Sofie:
      Tusen takk for gode tilbakemeldingar. Det var sterkt å høyra at dei mørke dikta har vore gode i ein vanskeleg livsfase. God betring og Gud velsigne deg. Eg håpar me treffest på Korsvei neste gong. Som du kanskje ser av innlegga på bloggen min, så hadde eg det veldig fint der og kjende at eg fekk mange impulsar.

      Klem frå Heidi

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: