Korsvei 2015
I fylgje yr regnar det ikkje i Seljord, men i praksis gjer det det likevel. Me har med oss regntøy og varme klede, og skal klara oss. Det var godt og varmt då me slo opp lavvoen, og har havna på tun med mange koselege menneske. Denne gongen sorterer me under gruppa vaksne utan barn, og dei fleste her er sånn litt pluss og minus på vår alder.
Korsvei i Seljord har vore eit av hjartepunkta i livet mitt. Her har me vore med fire glade ungar og gode venner, og her har eg på ein unik måte fått erfara at det er mogleg å la tru og engasjement bli ein heilskap rundt Gudstru, samfunnsengasjement, kreativitet og sosiale fellesskap. For meg har det vore fantastisk at alt dette kan kombinerast og bli til ein glad og positiv motstraum til mykje som eg skulle ynskja var annleis, først og fremst i samfunnet, men og i kyrkja.
Her har me møtt mange av dei same menneska med to års mellomrom gjennom dei siste tjue åra. Eg ser på dei med gjensynsglede og kanskje eit visst vemod over at tida går. Nå er me her igjen, kanskje med litt forsiktigare forventnigar enn tidlegare for me har vore så opptekne av å tenkja på bryllaup at det mest ikkje har blitt tid til anna, men me vil gjerne vera her, henta impulsar, byggja fellesskap og bidra det me kan til at dette skal bli fint. Me har og eit fromt lite ynskje om at det ikkje skal regna så veldig mykje og om at me skal få kjenna litt varme på kroppen, og ikkje trenga ullgensarar kvar dag… Nå skal me på Taize- kveldsbøn og på nattkafe. Eg skriv meir etterkvart.
Heidi