Korsveibrev frå fredagen
Her sit eg med min store trong til å leika journalist i eige liv. Eg har funne eit hol i dagen og plassert meg i vrimlehallen der det er ulike stands, kaffikjosk og iskjosk i tillegg til gjenbruksbutikk, bokhandel, gratis aviser og rettferdig handel av ulike slag. Det er som å sitja midt i verda og kikka på folk som går rundt og kikkar og kanskje finn noko dei ikkje veit dei leitar etter og folk som sit og snakkar med venner dei sjeldan ser og er glade for å få vera i lag med.
Sjølv var eg i ferd med å kjøpa ei bok eg har tenkt på å kjøpa, og ende opp med denne i staden… Eg er svak for Jon Fosse.
Og meir fekk eg ikkje skrive før det landa ei koseleg, til då ukjend dame ved sida av meg. Det ende med at ho fekk prøva seg som konsulent på manuset eg hadde ved sida av meg. Eg hadde med meg diktsamlinga eg held på med, og treng meir enn noko konsulenthjelp, så det kunne ikkje passa betre.
Eg har fått utruleg mange impulsar og tankar dei siste to dagane som nå skal få mognast litt i hovudet mitt, det som er sikkert er at dei skal brukast til noko etterkvart. I kveld var det ei flott kveldsmesse i sirkusteltet.
Me vart inviterte til å koma fram og tenna lys.
Nå har eg nettopp fullført ei dugnadsøkt som pølse- og vaffelselgjar i nattkafeen. Det var veldig hektisk, men triveleg. Det fristar alltid meir å gjera andre ting enn å leggja seg i soveposen i eit telt, men nå skal dama ta fornuften fatt…
Heidi