Det er fint å vera heime og
Etter ei veldig fin veke på Korsveifestival, landa me i heimen i går kveld. Det er fint å vera heime og. Etter fem netter i sovepose i telt så kjennest det som stor luksus å sova i seng. Vel heime fekk me ein koseleg kveld med Sunniva og Odd Christian med pizza, vaflar og Bezzerwizzer. I dag hadde Sunniva fri frå sommarjobben, så me fann ut at me ville gjera noko kjekt i lag. Me ende på Hå gamle prestegård, den finaste plassen i verda. Når eg har vore ute, til og med på ganske korte turar, er det akkurat som om eg oppdagar for fullt kor utruleg fint det er her heime.
Naturen er så vakker på denne tida at det nesten gjer litt vemodsvondt bare å sjå på. Det er rart at det allereie er høgsommar utan at me eigentleg heilt har hatt sommar. Me får vel kanskje godta at når det gjeld den norske sommaren, i alle fall den vestnorske, så kjem han like gjerne med gummistøvlar og ullgensar som i bikini og shorts…
Me såg på ei fin utstilling om Eilif Pettersen og kunstnarkolonien på Jæren. Maleria gir eit ganske godt bilete av korleis livet her kunne vera på denne tida. Halvparten av formødrene mine var frå Jæren, og det er ikkje utenkjeleg at ein del av dei hadde svarte kjolar og kvite skaut og var ganske flinke til å klippa sauer…
Sannsynlegvis sat ingen av dei på strendene og malte oljemaleri, men heilt sikker kan ein vel ikkje vera.
Vindauga på Hå gamle prestegard er ei utstilling i seg sjølv, med eller utan Sunniva i vindaugskarmen.
Me måtte og innom kunstbutikken i andre etasje, der er det mykje fint å sjå på. Både eg og Sunniva ynskjer oss eit bilete av denne kunstnaren; Orion Righard. Eg måtte googla han og fekk opp veldig mykje fint.
Og i løa var det og ei utstilling.
Etter nokre herlege timar på Hå, reiste me til Sandnes for å kjøpa lunsj. Der fekk me og sjansen til å feira ei sjeldant flott dame på alle måtar som fyller år i dag.
Sunniva fekk dei bak disken til å fylla eit lite fat med små søte ting som fine damer kan tenkja seg å lika. Gratulerer med dagen, Anne Mette ❤
Og så bar det heim til middag, me inviterte med oss Odd Christian og, så nå har me hatt ein heilaften med dotter, son og hund og katt. Jammen så vart det ikkje Bezzerwizzer i kveld og. Eg vart barnsleg stolt glad over å vinna heile greia for faren til ungane mine er så godt som uslåeleg i det spelet der. Eg trur ungane faktisk tenderte til å synast at eg var ein litt dårleg vinnar.
Takk for ein fin dag, i alle fall.
Heidi
From → Barna mine, Gode venner., Jæren, Jærstrendene, Kjærasten min, kunst, sommar