Skip to content

Songen om håpet

juli 21, 2015

image

«Visst kan eg forandra verda», heiter det i «Changemakers»,  Kirkens nødhjelp sin ungdomsavdeling. Det slagordet har eg alltid hatt stor sans for. Ofte nok har eg heilt frå eg var barn høyrt utsagn av typen: «Du må ikkje tru at du kan forandra verda», og «Du kan ikkje forandra verda aleine». Det har eg i alltid hatt litt vanskeleg for å tru på…

Etterkvart har eg vel levd lenge nok til at standpunkta mine er blitt litt rundare i kantane og til å ikkje vera fullt så skråsikker som før. Nå etter Korsveifestivalen opplever eg at idalismen og pågangsmotet mitt har fått eit skikkeleg spark i baken, så nå må eg skunda meg å skriva om det medan eg framleis kjenner impulsane både på og under huda.

Å leva har alltid vore eit usikkert prosjekt. På mange måtar har me aldri hatt det så trygt som nå. Likevel er det store spøkelse i horisonten som ikkje fantest på same måten til dømes då eg var barn. Visst gjekk me etterkvart rundt med ein vond klump i magen fordi me var gjorde ubarmhjertig merksame på «Den kalde krigen», og nok hadde, i alle fall eg og nokre av venninnene mine, ei litt forenkla tru på at ein russisk statsleiar eller amerikansk president som ein kveld var litt ute av lage, kunne strekkja ut ein lang og farleg arm, trykkja tungt på ein viss knapp, og så ville alt vera over…  Akkurat det spøkelset har vel roa seg ned litt, sjølv om det dei siste åra har blitt rasla med sablar, men det at mennesket, og ikkje minst me i den vestlege verda kunne øydeleggja grunnlaget for vidare liv på jorda gjennom å ta uvettig for oss av ressursane me kunne få tak i, var vel ikkje innom fantasien vår.

Det er mykje å gråta over. Dei fleste av oss har innsett at jorda er ein djupt urettferdig plass å bu, og at me nokså ufortent havna på den grønaste greina då me vart fødde. Det som i verste fall ventar oss, eller kanskje snarare oldebarna våre av klimakatastrofar dersom me ikkje klarer å snu skuta i tide, er det ikkje kjekt å tenkja på. Det lettaste er å lukka auga og lata som ingenting. Me har det så travelt med å leva liva våre, og føler at me kan så lite gjera. Dessutan er det travelt å bu i eit samfunn der me er sosialiserte til å tru på løgner som at lukka for eit menneske ligg i å ha ein veltrent kropp, eit ulasteleg ytre, ein fin bil, eit fint stort hus og mange likes på facebook og instagram. Me har lett for å tru på at vår eiga lukke ligg i å dyrka vårt eige ego og å selgja oss fram i verda som vårt eige vellukka prosjekt. Me fortener den dyraste hårsjampoen, og bare me jobbar nok for eigen framgang og leitar lenge nok i oss sjølve etter fred og styrke, og kanskje til og med får råd til den dyraste merkeveska, så går kanskje det meste bra til slutt…

Og kven er eg som latar som om eg ikkje er ein del av dette? Som kanskje trur at eg har ein høg hest å setja meg på for å sjå ned på dei som ikkje forstår? Eg skjønar begge spørsmåla og har lyst til å seia at viss du les dette inn i teksten så har du missforstått meg. Eg både veit og kjenner på kroppen kva eg er ein del av. Dessutan kan glatt innrømma at eg er redd hestar fordi dei er så store. I alle fall er eg redd for å sitja på dei. Eg veit og at verda er sett saman av kompliserte økonomiske samanhangar, som gjer at den dagen folk sluttar å kjøpa bilar og vesker, så vil folk bli arbeidsledige for å forenkla det veldig mykje. Eg veit alt dette, men ver så snill og les vidare likevel.

Det som verkeleg har rørt ved noko i meg desse dagane på Korsveifestival er tankane om Håpet og om Trua. Me som trur på Gud, som høyrer til kyrkja på ein eller annan måte, som veit at målet med livet ikkje er ei tjukk bankbok eller eit kvisefritt ansikt, men som verkeleg trur på at kjærleiken er sterkare enn døden, som trur på at livet er meir enn den sterkaste og den mest kyniske sin rett, som veit at det minste kan vera det største, me har ein ressurs som er uendeleg mykje verd. Me som trur at liva våre er i Gud sine hender og at Gud har uendeleg omsorg for jorda, har ikkje me fantastiske ressursar å gå ut i verda med?

I eit av foredraga på Korsvei vart det trekt ein parallell til Berlinmuren sitt fall. Mange hadde trudd at muren stod der «for alltid» fordi omstenda var så kompliserte. I dåverande Aust- Tyskland gjekk det ei folkerørsle forut for at muren fall. Kyrkja var ein av dei sentrale aktørane i dette. Folk samla seg i gatene for å protestera. Det vart gjennomførd punktdemonstrasjonar. Til slutt fall muren med eit brak, raskare enn nokon hadde rekna med det. Me kjenner alle til Nelson Mandela, biskop Tutu og Martin Luther King, menneske som våga å stå opp mot urett som hadde sett seg fast som «normale etablerte samfunnsordningar.» Eg kunne ha trekt fram fleire eksempel, men poenget mitt er at viss ikkje kyrkja, og dei truande verkeleg går inn i første linja for å gjera noko med alt det som er blodig urettferdig, kven skulle då vera meir kalla til å gjera det? Klimakampen er sjølvsagt ikkje ein kamp kyrkja skal kjempa aleine, her trengst alle gode krefter saman, men at me som trur i stor grad lukker auga for ting me ikkje har lyst til å sjå, er det eg har lyst til å pirka borti med denne teksten. Me meir burde vera klare for å stå opp for at livet er noko meir enn dyrkinga av eigne nasetippar og eigen egoisme.

Kva kan me gjera då? Eg tenkjer at me kan engasjera oss så godt me kan både på dei store arenaane og i dei store små kvardagane våre. Då tenkjer eg på alt frå å skriva under på opprop om urettferdigheit og engasjera oss i verda sin skeive gang til å vera meir bevisste på eige forbruk og kva verdiar me ynskjer å stå for og formidla vidare. Eg tenkjer på det å sjå andre menneske og ikkje minst andre sine barn på ein god og omsorgsfull måte. Eg tenkjer på å vera lyttande og på det å visa respekt for andre menneske uansett kva dei måtte tenkja og tru. Me veit ikkje korleis det er å gå i andre sine sko og korleis det er å bu i deira liv og skuldar andre respekt. Det betyr ikkje at me treng å vera einge med dei i alle standpunkt. Uansett korleis det måtte gå med framtida, så har me eit kall til å vera der og ta vare på kvarandre og ta vare på det gode. Dessutan tenkjer eg at me har eit kall til å kjempa med kjærlege nebb og klør for å ta vare på det gode og vera med og gjera verda til ein betre og meir rettferdig plass for alle menneske. For meg er det å vera kyrkje synonymt med å visa engasjement og nestekjærleik på alle plan der me kan koma til. Det å ha ei tru på det gode burde faktisk gje oss ein eigen form for framtidsoptimisme, noko som kan koma vel med i tider som dette.

Mi oppfordring til meg sjølv og andre er å vera vakne og opne kring desse tankane. Dette er tema me kanskje snakkar for lite saman om. Kva kan me gjera saman for å få dette til?

Eg er glad for at denne håpstangoen frå ein del av verda der dei veit meir enn oss om harde tider har fått plass i salmeboka:

Håpstango
Fra Argentina

Fordi han kom og var som morgenrøden og brøt Guds taushet og vår angst for døden,
fordi han gjennom handlinger og taler, har lukket porten opp til himlens saler,
fordi han var Guds sønn og en av våre og gikk omkring i gater og i gårder,
fordi han lot de siste bli de første og lot de blinde se og småfolk trøste,

Omkved:
Så kan vi holde ut i vonde tider, så vet vi Gud er nær selv når vi lider,
så kan vårt brutte håp som solen stige, så kan vi se at kommet er Guds rike.
Så kan vi holde ut i vonde tider, så vet vi Gud er nær selv når vi lider,
så kan vårt brutte håp som solen stige, Gud er hos oss.

Fordi han jaget kremmerne fra templet og innbød dem de fromme hadde stemplet,
fordi han lo når barna sang og danset og spredte liv som prester ikke sanset,
fordi han tømte kalken uten klage og måtte gallen fra vår ondskap smake,
fordi han bar sitt kors og våre synder slik at hans død vårt nye liv forkynner,

Omkved

Fordi en morgen så ham sprenge graven og dødens brodd ble brutt den dag i haven,
fordi Guds budskap om ham ikke stanser, men bryter ut i sanger, ord og danser,
fordi hans Ånd får hjerter til å smelte, og med et pust får murer til å velte,
fordi hans Ånd får gamle til å drømme, gir unge syner om at liv kan strømme

image

Heidi

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: