For jorda, vår mor.
***
Nå flettar me bøner for jorda, vår mor,
for ho som skal trøysta og bera,
blomar og vatn og mat til vårt bord,
Guds skaparverk høgt vere æra.
*
Me føddest på jorda, og her skal me bu,
skal arbeida, leva og smila,
skal gråta og vakla i vemod og tru,
skal elska og be og fortvila.
*
Me ville så mykje, me ville ha alt,
det låg ikkje for oss å dela.
Me skjøna for lite, og så gjekk det galt,
me veit det med hjartet og sjela.
***
Nå flettar me bøner for jorda, vår mor,
for ho som skal trøysta og bera
blomar og vatn og mat til vårt bord,
Guds skaparverk høgt vere æra.
*
Kom, rekk dine hender mot syster og bror
i tillit og tru på Guds nærleik,
For håpet er vake og vona er stor,
kom fyll oss, du himmelske kjærleik.
*
For visst kan me vaka og visst kan me be,
og visst kan me trøysta og handla,
og me har eit løfte; Det gode kan skje,
og framleis kan alt bli forvandla.
***
Så flettar me bøner for jorda, vår mor,
for ho som skal trøysta og bera
blomar og vatn og mat til vårt bord,
Guds skaparverk høgt vere æra.
*****
Eg kjende for å gjera noko litt modig, noko eg forresten har gjort fleire gonger før. Eg legg ut eit førsteutkast til ei salme som er ei bøn for jorda og for oss som bur her. Som de sikkert vil forstå, så er det som er merka med *** tenkt å vera eit refreng. Det andre er tenkt å vera vers. Er her for mange vers? Gjev versa og refrenget meining? Burde noko ha vore annleis i rekkefylgjen? Er nokre av versa for svake reint innhaldsmessig? Ser noko av det ut som naudrim, og har eg tydd til klisjear? Det er mykje eg sør meg sjølv om, og nå spør eg dokker og… Eg jobbar vidare med dette seinare, trur eg. Takk for hjelpa om nokon vågar seg utpå…
Heidi
Det var ein spennande salme, Heidi. Eg likar den! Men når du spør om råd, vil eg seia at ordet «sjela» ikkje rimer så godt på «å dela». Det har noko med tonefall å gjera, trur eg. Sjå litt meir på dette. Eg trur du har betre greie trykk og tonefall enn eg har 🙂
Det har du rett i Arne 🙂 Takk skal du ha!