Skip to content

Talsi, Latvia – reisedag 1/13

juli 24, 2015

imageI dag har eg landa trygt med fly to gonger. For meg følest det nesten som å få livet i gåve to gonger på same dagen… Med andre ord er eg boren trygt til Latvia på vengene til SAS og Baltic Air.  Biletet over viser noko av det eg kjenner att frå i fjor, hus som ser relativt falleferdige ut er det mange av her, men fleire av dei har likevel ein slags eigenarta sjarm.

Når eg og mannen i mitt liv feriereiser, så hender det ofte at det er litt på innfallsmetoden, me lar vegane opna seg etterkvart. Han er av den eventyrlystne typen som liker å finna ut av ting på eiga hand, og eg er med på det meste og synest det er spennande å ikkje vita heilt kva som skal skje… For eit par dagar sidan bestemte me oss for å leia ein bil dei seks første dagane og sjå oss om i Latvia før me landar i Riga. Me fann bilen, og etterkvart fann me vegen og.Etterkvart vart me svoltne og fann ut at me måtte få oss litt mat. Me stoppa ved ei slags veikro der det viste seg at ingen snakka engelsk. Maten dei hadde der var litt ubestemmeleg og virka som ganske solid «bondekost». Me peikte i ein glasmonter på det me hadde lyst til å eta. Eg må innrømma at eg gjorde eit ganske feigt val og peikte på ei pølse, for det visste eg i alle fall kva var… Men pølsa smakte godt og salatane var gode. Sennep klarte eg ikkje å få dei til å forstå på noko språk, men dei tilbydde meg det internasjonale tilbehøyret ved namn ketchup, og det takka eg ja til…

imageEg må innrømma at eg har ei merkeleg dragning mot havet når me er ute og reiser. Eg ser på kartet og finn den ytterste kystvegen som finst heilt ute i havgapet og foreslår å kjøra der. Ein skulle nesten tru eg reiste på tur for å sjå det same  som eg gjer heime. Dette fekk eg gjennomslag for i dag og. Me starta med å kjøra gjennom Jurmala, byen me har fått anbefalt av så mange at me må besøkja han skikkeleg seinare på turen. Så la me oss ytterst mot Rigabukta og kjørde nordvestover. Me kom inn i eit naturparkområde med mange sykkelstier og fotturistar, vegen gjekk gjennom ein skog, og skogen gjekk heilt ned til havet.

Me stoppa i Engure, der var det bare femti meter ned til sjøen, og me kunne gå langs sjøen på ein sti med siv som gjekk oss til skuldrene. Ytterst nede var det kvit sandstrand der nokon solte seg, men i havkanten var det rett og slett ganske gjørmete. Ikkje langt frå land var det både flokkar av svaner og flokkar av skarv.

image

image

image

Nederst ved havet låg det og ei lita brun evangelisk trekyrkje. Utanfor var det ein liten kyrkjegard. Eg likar alltid å gå inn på gamle kyrkjegardane for å kjenna på stemninga, lesa namna og kikka på gravstøttene. Denne var annleis enn det meste eg har sett. Gravene låg veldig tett, det var benkjer og bord der og ein gammaldags brønn med bøtte til å heisa opp vatn med. Ripsbuskar var det og, det er første gongen eg har sett frukt eller bær veksa på ein kyrkjegard…

image

Etter litt meir kjøring kom me til ein liten kystbyen som heitte Roja. Her prøvde me å få hotell, men det viste seg å vera heilt umogleg sidan det var ein film- og kulturfestival der akkurat nå. Me måtte fire mil inn i landet for å finna hotell, og havna i ein liten bu som heiter Talsi der dei kunne ta i mot oss… I morgon dreg me ut til kysten att, kanskje me får sett litt meir av Roja og kulturfestivalen då. Me har kjørt på nokre veldig små vegar, og har heldigvis fått sjå mykje stork. I fjor var me her eit par veker tidlegare, så me var redd at alle storkeungane hadde flydd ut av reira. Heldigvis er det storkungar i reira framleis. Det er eit veldig koseleg syn å sjå flaksende storkungar høgt oppi eit reir som står på kanten og samlar mot til å hoppa. Kanskje det kan bli storkefotografering i morgon?

Etter å ha installert oss på hotellet, der eg trur me er sånn omtrent dei einaste gjestene, så måtte me sjølvsagt ut og sjå kva Talsi måtte ha å by på. Det er ganske koseleg her, men ikkje veldig masse turistar. Folk er jamnt over lite flinke til å snakka engelsk. Det er rart å vera » språklaus». Me kan jo lesa orda, men anar ikkje korleis dei skal uttalast.

image

imageEg undrar meg over alle desse falleferdige husa både i og utanfor byane. Nokre av dei er forresten store fine sveitserhus som vitnar om fortids rikdom, men som nå står med knuste vindaugsruter og dører som heng på bare ei hengsle. Nokre få av dei er i ferd med å bli oppussa, men mange bare står der.

image

Me delte ein pizza på ein uterestaurant i sola. Etterpå handla me på Rimi. Her er både Rimi og Narvesen, nemleg. Der kjøpte me to flasker vatn med kolsyre, to nektariner, ein is og eit wienerbrød og betalte ca 18 kroner til saman…

Då me kom tilbake til hotellet, spanderte den søte unge jenta i resepsjonen svart sterk kaffi på oss, som ei helsing frå huset. Ho er forresten veldig flink i engelsk. Så kom ho med ei halvoppeten korg jordbær til oss og sa at me måtte smaka på latviske jordbær, dei var «speciel delicius». Dei var gode, men me klarte vel ikkje heilt å la vera å nevnt noko om at me kom frå landet med dei beste jordbæra i verda… Får håpa at me gjorde det på ein nokonlunde sjarmerande måte. Langs vegen sit det forresten folk og sel nyplukka sopp og heimekokt syltetøy. Det siste kunne det vore kjekt å kjøpt med seg eit par glas av. Det var bare det å få det med seg heim…

Heidi

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: