Ventspils, Latvia – reisedag 2/13- del to
Målet for dagen var ein litt større by, Ventspils, som og ligg ute ved kysten. Dette viste seg å vera ein veldig fin by med masse fine skulpturar og nydelege blomar. Byen har og ei veldig finn badestrand som er komen med på lista over dei finaste strendene i Europa. Her har eg måtte redigera ned hard hand både kva eg skulle fotografera og kva eg skulle lasta opp av bilete for å ta med her…
Leif hadde funne ut at akkurat i dag var det konkurranse om å byggja det finaste sandslottet. Eg vil tru at konkurrentane er profesjonelle skulptørar snarare enn barn, for resultata var svært imponerande. Konkurransen var over då me kom ned dit, men me fekk sjå dei nylaga kunstverka. Eg håpar det går fram av bileta kor store dei er. Nå regnar det ute, så eg er redd dette bokstaveleg talt vart kunst for ein kveld.
Stranda var veldig stor og ende opp i ein stor molo der folk spaserte og sykla. Etter strandturen gjekk me tur i byen. Der var det ein merkeleg blanding av fine skulpturar, flotte blomar, fine hus og ganske forfalne hus.
Ved eit hus der kledninga delvis var i ferd med å falla av, sat det ein mager katt og vaska seg. Me oppdaga to kattungar framfor huset, og til vår overrasking oppdaga me fleire par katteauge frå inne i veggen. Det viste seg at det var fullt av kattar, minst fire- fem, både vaksne og kattungar som haldt til inne i husveggen…
Me sette oss ned på ein uterestaurant. Der fekk eg servert det mest dekorative middagsmåltidet eg har ete nokon gong. Tallerkenen var dandert som eit kunstverk med grøne urter, oliven, blåbær, tranebær og ein enkelt fiol.
Det var nesten synd å øydeleggja kunstverket, men det viste seg å smaka heilt utruleg godt og. Hovedretten bestod av torsk i ein saus med urter og løk og ris med villris. Det er noko av det beste eg har ete på lenge.
Nå har me hatt ein lang og intens dag. Sjølv om me har kjørt ein del, så har me gått ganske mykje og. Nå er eg trøytt i føtene, og i tillegg er dei ganske sandete etter å ha trava fram og tilbake på tre ulike strender. Reisekameraten min søv allereie tungt her ved sida av meg. I morgon har dei meld ein del regn først på dagen, så då er planen å kjøra til ein middelalderby lenger nord og aust i landet.
Heidi