Gå til innhald

Krapi, Estland – reisedag 4/13

juli 27, 2015

I dag trur at eg startar der eg er akkurat nå, nemleg på Krapi Guesthouse i Krapi i Estlandimage. For å koma hit har me kjørt på ein lang og smal bygdeveg i lange tider gjennom ein skog med havet i Rigabukta blenkjane rett der ute. Me fann denne plassen via internett i dag tidleg, og bestemte oss for å kjøra nordover og over grensa til Estland. Huset ligg som eit lite pensjonat i hagen til Carina som styrer her. Carina er ei nydeleg lyshåra dame i førtiårsalderen, blid og veldig vennleg. Ho snakkar estisk, latvisk og russisk, men dessverre nesten ikkje engelsk, så kommunikasjonen oss i mellom går med veldig enkle setningar og mange spørsmålsteikn. Dersom det blir for vanskeleg, ringer ho dottera på tjue som snakkar engelsk og så prøver mora å få til å forklara det til oss på engelsk på telefon. Yngstedottera på fem spring rundt i rosa ballettskjørt og snakkar til oss på estisk i eit kjør. Eg smiler så fint eg kan til henne og svarer på norsk på det ho kanskje spør om. Ungar er fine å kommunisera med på den måten. Ho kjem med tomatar, rips og kirsebær til oss og me takkar så fint me kan. Eg har lært at tomat heiter tomat og kirsebær kirsj, så læringskurven er bratt. Ein diger langhåra leiken schæferhund spring og fritt omkring, dei forsikrar meg om at han er bare snill, og det trur eg på. Sidan gjestehuset ligg rett i hagen deira, så har me trukke oss inn nå fordi dei akkurat skulle eta middagen som mannen i huset har grilla rundt bordet der ute. Gjestehuset er bygd med fleire rom og ei felles stove med kjøkken, felles do og dusj og TV og vaskemaskin. Utanom oss er det bare to svenskar her, dei har eg så vidt helst på.

Eg har nå trekt ut att, for det er der Internett virkar, men eg trur eg snart må inn att, for myggen et meg levande. Hunden spring til og frå og hentar konglar som han vil at eg skal kasta til han, han hopper opp og fanger dei med munnen. Veslejenta serverer sandkake med gras i frå eit spann og det må eg og smaka på.

image

Denne staden liknar i grunnen ikkje på nokon annan plass eg har vore. Langs vegen gjennom skogen rett ved havet ligg det med jamne mellomrom bittesmå grender med relativt få hus. Då me kom hit, trengte me å få handla litt, så me kjørte til næraste grenda der det var ein bitteliten landhandel med nokså moderat utval av alt anna enn alkohol. Dei to damene som jobba der snakka ikkje engelsk, så det gjekk på peiking og smil.

image

Det var og ein fin liten skule i grenda og ei bittelita trekyrkje. I tillegg var det eit bittelite sterkt grasgrønt gravkapell og ein kyrkjegard. I tillegg fann me ein liten kafé der dei reklamerte med at dei hadde wi-fi. Me gjekk inn for å sjå kva dei hadde. Det einaste me forstod var hamburger, ein relativt internasjonal rett. Eg lurte på om eg skulle prøva å formidla til dama der at ho måtte steika dei godt, men eg lot det vera. Dels fordi eg var redd for å virka uhøfleg og litt fordi eg ikkje rekna med at eg ville klara å forklara det sidan ho ikkje snakka engelsk. Eg foreslo for reiskameraten at me skulle setja oss utanfor på eit av borda der på grunn av ei nokså påtrengjande myggellukt i lokalet. Då me fekk hamburgarane var dei bada i thousand- Island- dressing, som ikkje er min favoritt. Me lurte på koss me skulle få til å eta det utan å bli heilt tilklinte av rosa majonesdressing.

image

Ei stund såg det ut som om eg for min del ville sleppa unna det problemet, for plutseleg sat det ein kjempestor hund på sida av meg på benken som prøvde å få tak i maten min. Han såg litt grønlandshundaktig ut, og hadde av ein eller annan grunn på seg eit elektronisk halsband. Ein av mennene som sat og drakk på eit av dei andre borda kom og henta han og forklarte meg at den hunden ikkje eigde oppdragelse. Det er den hunden du kan skimta i bakgrunnen på biletet nedanfor.

image

Då me skulle bita i hamburgarane, viste det seg at dei var heilt råe inni, og ingen av oss hadde spesielt lyst til å eta dei. Me fann ut at me måtte prøva å kasta dei i smug i ein søppelkasse på staden, for å dra dei klissete greiene inn i leiebilen for å kasta dei var heller ikkje aktuelt. Me lukkast med prosjektet. Leif klarte ikkje heilt å bestemma seg fordom staden me hadde kome til likna mest på Bakkebygrenda eller Twin Peaks…

Me hadde jo kjøpt brød og ost og jus, så det var ikkje synd på oss. Etter å ha sitte ute i vederkvegande sol for oss solhungrige jærbuar, så bestemte me oss for å prøva oss på det første sjøbadet i sommar. Me kjørde ned til stranda der det og var campingplass og båtplasser med nokre store omnar der ein kunne fyra med ved og grilla. Det var og ein gammaldags brønn med pumpe der det gjekk an å pumpa opp vatn. Strendene her er lange og kvite akkurat som strendene heime, og det var god plass sjølv om det var mange som bada. Vatnet var relativt godt og varmt, sikkert minst atten grader. Det var langgrunt, og då me kom ut der det gjekk an å symja såg det litt grumsete ut, eg håpar det skuldast at botnen var litt grumsete. Det er ikkje lett å finna sjøvatn å bada i som kan konkurrera med det me har heime, det vil seia dersom ein held dei reint temperaturmessige sidene utanfor…

Uansett så var det deilig å endeleg få innvia badesesongen. Vêret på turen har gjort oss godt. Det er ikkje kjempevarmt, men tjue grader pluss er meir enn godt nok for dei som har lengta i veker og månadar på at gradestokken skal koma over femten grader. Bare det å få sol på armane og kunna gå barbeint i sandalar utan å frysa er ubeskrivelig deilig. Eigentleg har eg mykje meir å fortelja om dagen i dag, men nettet er ikkje så samarbeidsvillig, så eg takkar foreløpig for meg.

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: