Gå til innhald

Biltur i Latvia – reisedag 4/13

juli 28, 2015

Før eg går vidare må eg visa litt av bileta og fortelja litt av det eg opplevde då me køyrde frå Segulda til Krapi i går.

image

Første stopp var Celsis, ein by med ei stor borg og med eit middelalderaktig sentrum. Dette var byen som var omtrent slik me trudde Segulda skulle vera. Kanskje me har blanda informasjonen. Me har omsider funne ut korfor så mange byar har namn som sluttar på – pils, og korfor hotellet me budde på i går heitte hotell Pils. Pils betyr rett og slett slott på latvisk og har ikkje noko med den i Norge meir kjende drikken med same namn.

image

Det har skjedd noko merkeleg med meg. Plutseleg synest eg at dei veldig malingsslitne og forfalne husa her er vakre. Kanskje det er slik dei ser det her i Latvia? At slitt trevirke som får stå umalt er vakkert på ein naturleg måte? Eg er ikkje sikker på om me bør prøva det ut i Kong Sigurds gate på Bryne…

imageEin ting som utan tvil er veldig vakkert er storkereir med ungar i. Folk legg til rette for å få stork på eigedomen ved å setja opp tårn til dei og nesten byggja reir for dei i dertil eigna kjerrehjul på toppen. Eg er usikker på om dei gjer det fordi det er koseleg med ein storkefamilie på garden, eller fordi dei gjer nytte for seg ved å eta mus og froskar og eventuelt andre småkryp dei ikkje er glade for å ha for mange av.

image

Eg skulle gjerne ha ein stork i hagen… Dei har jo hatt ein del stork i Danmark før, men nå er dei i ferd med å forsvinna heilt på grunn av nye jordbruksmetodar.

På vår veg oppdaga me noko me aldri har sett liknande til før. Midt i skogen låg det ein liten kyrkjegard med graver mellom dei høge trea. Mange av gravene hadde bare enkle trekors. Eg trur

imagedet er den vakraste kyrkjegarden eg har sett nokon gong.

image

Etterkvart havna me i ein liten by som heitte Limbazu.  Der fann me ein kafé der dagens rett var ein trerettars latvisk middag, me forstod ikkje heilt kva det var, men sidan ein trerettars middag ville kosta oss tre euro kvar, så fann me ut at det burde me få med oss. 

Den første retten var ei lys suppe med poteter og nudler og masse dill. Suppa smakte heilt greitt, men trong litt salt og pepar for å bli kvessen.

image

Neste rett var ei ganske stor kjøttkake med løk og karve i. Dei er glad i karve her, og det er eg og. Bortsett frå karven så var det ikkje ulikt ei gammaldags norsk kjøttkake. Til denne vart det servert kokte småpoteter med lys saus over og raudkål med persille.

image

Desserten var det mest framandarta. Utgangspunktet er sikkert å få til å laga ein relativt billig og søt avslutning på eit måltid. Eg tippar at utgangspunktet er piska margarin og sukker til luftig krem, kanskje tilført eit egg. Så er det blanda i litt stivelse slik at konsistensen er blitt litt puddingaktig. I denne blandingen har dei hatt eit par skeier cornflakes og litt kanel. Dette blir servert i små klattar pynta med ei spiseskei tytebærsyltetøy, eit lett kokosdryss og eit friskt bringebær på toppen. Dette er nok ikkje noko eg kjem til å prøva meg på heime, men det minner meg om den typen billige «kvardagsdesserter» som me lærte å laga på skulekjøkkenet, og som knapt nokon lagar lenger. Då tenkjer eg på type rosenpudding, semulepudding, sagosuppe og trollkrem. Dette måltidet gav meg rett og slett litt ein følelse av 60- og 70- talsmiddag, sjølv om det for oss var ukjende rettar.

image

Etterpå måtte eg fotografera fleire gamle fine hus.

image

Men sjølv for meg kan det framleis bli litt vel gammalt. Hus som dette er det fleire av i byane.

Så gjekk ferda til Estland, og resten av dagen skreiv eg om i går.

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: