Gå til innhald

Onsdag i Jurmala, Latvia- dag 6/13

juli 29, 2015

image

Nå er me i praksis halvvegs i ferien vår, for siste dagen kjem stort sett til å gå med til reising . Tida har gått veldig fort, samtidig som me har opplevd veldig mykje. Den neste delen av turen kjem til å bli litt annleis, for nå er leiebilen levert, og sjåføren er trygt tilbake i Jurmala. Resten av turen kjem me til å forflytta oss med tog og buss. Planen er at me skal vera ca halvparten av tida i Tallinn og halvparten  av tida i Riga. Me hadde planlagd å dra til Tallinn med tog, togreising er i mitt hovud utprega koseleg. Alle her seier at det einaste lure er å dra med hurtigbuss. Det går mykje fortare og med toget blir det to togbyte. Sta som eg kan vera, så har eg klart å pressa gjennom at me skal ta toget den eine vegen i alle fall. Nå får me håpa at det går greitt med togbyta, det er tildels litt knapt med tid. Me får ta det som eg kjem. Kanskje eg er ein håplaus tognostalgikar som lengtar tilbake til interaillperioden av livet mitt?

Biletet øverst på sida er frå ein antikvitetsbutikk. Der var det mange antikvitetskyndige kundar som kjøpte rare ting til ein veldig høg pris. Me nøydde oss med å fotografera og vart heldigvis ikkje kasta ut. Eg liker å kikka på rare ting eg ikkje har tenkt å kjøpa…

image

Denne lampen ville då heller ikkje ha vore heilt lett å få med seg heim…

image

Kanskje ei lita rockeheks kunne vore tingen? Eller ein hest i kimono?

Dagane i dag og i går hadde me sett av som moglege dagar til å slappa av på stranda. Stranda her har fått pris som ei av dei finast tilrettelagte i Europa, så vidt eg forstår. Me var nede og kikka i går og det ser veldig fint ut. Vêret har ikkje vore typisk strandver, innimellom så mørknar himmelen, og så kjem det ei kraftig regnbyge. Det er meld sol til kvelden, så då kan det tenkjast at me slår til med eit lite havbad?

Bileta under viser stemninga på eit lite konditori der folk skunda seg inn for å kjøpa kaffi og bakverk då det plutseleg høljeregna. Det vart ganske trongt og intimt der inne etterkvart.

image

image

Det nederste biletet er eit litt sånn «Finn Willy- bilete». Då eg oppdaga ein spegel inne i eit skap, måtte eg ta eit bilete der eg sjølv var ein av statistane.

Og eg som i beste fall kan strekkja meg til å seia at eg er middels interessert i arkitektur, klarer nesten ikkje å slutta med å fotografera hus her i dei baltiske landa. Det ser ut som om Pippi Langstrømpe eller mummifamilien bur i sånn omtrent annankvart hus.

image

image

Og eg traskar opp og ned i gatene og bare ser. Sånn innimellom stoppar eg for å planta beina for å halda gnagsåra frå livet, eller eg set meg på ein benk og smugkikkar på resten av verda. I dag var eg vitne til at ein treåring slo seg fullstendig vrang. Han hylte og sparka og la seg flat midt i gågata. Den unge mora som sikkert var ei snill og flink mamma sånn stort sett, mista til slutt tålmodet og løfta ungen opp etter armen og gav han to harde klaps i baken. Ungen hylte endå meir, og den fortvilte mora løfta han til slutt opp og bar han med seg vekk medan han hylte og sparka. Ikkje eit menneske i den ganske så folketunge gågata lea på eit augelok, og sjølv såg eg heller ikkje nokon grunn til å prøvaå diskutera barneoppdragelse med ei sterkt stressa latvisk dame som sannsynlegvis snakka nokså dårleg engelsk. Eg har sjølv hatt eit barn som i ein tidleg periode i barndomen hadde raserianfall med jamne mellomrom, og eg hugsar at det kunne vera ei kraftanstrenging å stå i det som vaksen.

Dette opptrinnet minna meg på at i store deler av verda, kanskje overalt unntatt i Skandinavia, så synest folk det er heilt ok barneoppdragelse å slå ungar som ikkje klarer å oppføra seg. Slik var det jo forsåvidt i Norge og då eg sjølv vaks opp. Me har ei utfordring når det gjeld å forklara foreldre fråandre land at det faktisk er ulovleg å slå ungar når dei bur i Norge. Eg har opplevd å få reaksjonar av typen: I Norge oppdreg ein ikkje barn, dei får lov til kva som helst. Me har rett og slett ein jobb å gjera med å formidla at grensesetting utan vald faktisk let seg gjera.

image

Det fine med å vera på reise er ikkje bare alt ein opplever og ser, men og det å bli sett til sides i forhold til sitt eige vanlege liv i ein periode. Ein har lite å ta ansvar for, og få og ta hensyn til. Når me som me nå gjer bare reiser oss to vaksne i lag så har me usedvanleg god tid til å snakka saman og tenkja i saman. I beste fall fungerer ei reise som ein slags retreat der ein ser sitt eige kvardagsliv litt frå sidelinja og i eit litt anna lys enn til vanleg. Det trur eg er ganske sunt. Me veit jo me skal tilbake til det vanlege livet, for det er jo der me bur, men det å sjå tilveret frå andre vinklar eit par veker i året er ikkje feil. Kanskje me i beste fall kjem litt klokare tilbake?

Heidi

From → barn, Reiser, sommar

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: