Gå til innhald

Som å koma heim

august 8, 2015

imageDå me kom ut av flyet og kjende den kjølege norske luftstraumen, kjende eg at eg var heime. Det var verkeleg ein berusande følelse av fridom å snika seg ut dørene på Gardermoen i staden for å gjera seg klar for neste fly. Det var og herleg ukomplisert å forstå språket, både det folk sa og det som var skrive, verda var for meg lett å tolka att. På rullebandet opp frå toget på Oslo S var ein ung og fremadstormende mann bak meg i køen i mobilsamtale med boligmeklaren sin, og ute ved tigaren framfor trappene var ein 60 + år gammal nordmann i det som frå hans side var ein høgrøysta samtale med to romkvinner på engelsk med veldig tydeleg austnorsk aksent. » Yes, but all I want is to kiss you! I only came here to get a kiss!» Eg snur meg for å sjå om dei opplever han ubehageleg og treng hjelp, men dei smiler lattermildt, og mannen har eit ansiktsuttrykk som om han står på ein stor revyscene og tek i mot velfortent applaus…

På veg opp Karl Johan må eg forklara fleire som tiggar og sel tidsskrift at eg dessverre ikkje har norske pengar i lommeboka akkurat nå. Det er eit myldrande folkeliv som i grunnen overgår det meste eg såg på ferien med gateselgjarar, gatemusikarar og diverse anna. I eit gangfelt ligg det plutseleg ein mann som har velta på sykkelen. Han er ein nordmann som på nordmenns vis har sykla frå jobben med sykkelskoa klipsa fast til pedalane, hjelm og kondomdress med ein liten sekk på ryggen. Korfor han har ramla veit eg ikkje, men han virkar uskadd og tydeleg brydd av folka som stimlar saman rundt han for å sjå om han treng hjelp. Heilt mørkeraud i toppen kjem han seg opp på sykkelen og syklar vidare. Sjølv må eg innom eit par butikkar og kjøpa meg nokre klesplagg som eg treng til den neste ferieetappen i Bærum. Det er deilig å beherska kodane for språk og klesprøving. Eg tenkjer at jammen er det ganske vakkert i Oslo. Det spesielle med å koma rett frå utlandet er alltid at dei første timane ein er tilbake så ser ein på det kjende i eit litt nytt lys.

På T- banen mot Haslum ser eg på einimage mann i veldig elegant mørk dress med slips og brune semskesko. Han er på alder med dei eldste barna mine og ser veldig vaksen ut. Eg tenkjer at han er på veg frå ein jobb der dei kler seg slik kvar dag, slike jobbar finst jo, og det at han i mine auge ser ut som ein gutunge er bare eit problem i mitt hovud og ikkje det resten av verda observerer.

Eg går av banen og møter Eva Mari som kjem for å henta meg og bagasjen min med bil. Me ler og klemmer kvarandre, og plutseleg er me på kleshandel. Heime att blir det kjøleg norsk augustkveld på verandaen med ullteppe, stearinlys og varm te. Det er ikkje å forakta devidare t heller.

Eva Mari sine handarbeidsprosjekt til ei kvar tid, får meg alltid til å kjenna meg tomhendt. Eg fann ut at det hadde vore spennande å strikka av desse fine latviske handstrikka vottane. Vertinna bidrog med både garn og bambuspinnar nummer tre. Slikt er aldri eit problem her i huset. Det var ei kode å knekkja å finna ut korleis den raude takkekanten nederst skulle strikkast, for slikt har eg aldri sett før, men eg klarte å finna det ut: tre raude riller, seks maskar fram og tilbake i spiss fem omgangar ved å snu ei maske før kvar gong, vri heile arbeidet ein omgang og strikk vidare med seks nye maskar. Nå gjeld det å halda motivasjonen oppe til eg er ferdig med to vottar. Slikt arbeid er alltid kjekkast til å begynna med. Ein ny dag er i gang. Dei andre er oppe og fungerer, så eg får få farten opp. Leif kom med tog i går saman med Odd Christian. I dag blir det eit lite familietreff. Nå får eg besøk av ein ivrig irsk setter i senga med piskande hale og ein kvit sokk i munnen. Utan tvil på tide å stå opp.

Heidi

 

 

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: