Skip to content

Skynda att älska

september 6, 2015
 20979232311_3b2b1acbf3_o

På torsdag kveld var det mørkt då me sykla heim frå Odd Christian etter å ha feira 29- årsdagen hans heimelaga sjokoladekake, kaffi, is og blåbær. Det var eit umiskjenneleg drag i lufta av noko som eg innser ikkje heilt er sommar lenger. Det minde meg om at då eg låg på sjukehuset med min nydelege vesle førstefødde for tjueni  årdan, så spelte dei denne songen på radioen.  Det er alltid eit sikkert haustteikn, og den nydelege teksten til Tove Jansson, legg seg mjuket og vemodig rundt tankane mine kvar gong eg høyrer han.

Vägen hem var mycket lång och ingen har jag mött,
nu blir kvällarna kyliga och sena.
Kom trösta mig en smula, för nu är jag ganska trött,
och med ens så förfärligt allena.
Jag märkte aldrig förut, att mörkret är så stort,
går och tänker på allt det där man borde.
Det finns så mycket saker jag skulle sagt och gjort
och det är så väldigt lite jag gjorde.

Eg tenkjer at det ho skriv i refrenget er så veldig sant, og ikkje bare i samband med den personen me kallar kjærast eller ektemake eller noko liknande, det gjeld alle dei me er glade i. Me må hugsa å ta vare på kvarandre medan det framleis er tida for å ta vare på kvarandre

Skynda dig älskade, skynda att älska,
dagarna mörkna minut för minut,
tänd våra ljus, det är nära till natten,
snart är den blommande sommarn slut

20213706563_3a6c1d2b4e_o

I går kveld var eg på russejubileum. Sidan eg ikkje er så opphengd i tal, så hadde eg ikkje tenkt på kva slags jubileum dette var. Derfor stokk eg litt då nokon nemnde talet trettifem. Kunne det stemma då? Noko av det finaste med heile kvelden var dei første timane då me var samla bare me som eingong var
F- klassen. Me sat tett saman og oppdaterte kvarandre på liva våre. Det kjendest som om me framleis hadde betydning for kvarandre. Ein gong hadde me så mykje fint saman, for me var verkeleg ein sjeldan klasse med eit heilt spesielt samhald. Det var me einige om alle saman. Me bestetemte oss for at om ikkje lenge, kanskje neste gong det blir september, skal me møtast att og bruka ein heil kveld på kvarandre, bare me i F-klassen.

Jag letar efter nånting som vi kanske glömde bort
och som du kunde hjälpa mig att finna.
En sommar går förbi, den är alltid lika kort,
den är drömmen om det man kunde vinna.
Du kommer kanske nån gång, förr’n skymmningen blir blå,
innan ängarna är torra och tomma.
Kanske hittar vi varann, kanske hittar vi då på
något sätt att få allting att blomma.

Sist helg var eg på høgfjellet saman med ein gjeng damer. Det var så fint både å vera der og å oppleva den fine naturen. Det som bekymra meg litt på førehand var at eg visste eg skulle på tur med ein gjeng damer som har gått mange og lange fjellturar. Det kan ikkje seiast om meg dessverrre. Sjølv om eg skulle ønska det var slik, kan eg heller ikkje skryta på meg nokon fantastisk kondis. Men damene var snille og tålmodig. Me fekk ein lang og fin tur på fem- seks timar. Det som for meg var ein skikkeleg langtur var utan tvil ein  langsom dalletur for fleire av dei andre, men eg trur me hadde det fint alle saman. Eg har veldig godt av å trena meg på å vera det verkeleg svake leddet av og til.  Det er vel ein posisjon fleire enn meg mislikar. Me er sikkert mange som liker best å vera den sterke som er der for andre som treng hjelp og støtte. Eg trur me har godt av å oppleva det motsette av og til. Det er slik ein del ungar kan tenkjast å oppleva skulen, å heile tida liggja steget bak det som tydeleg blir forventa. Det er mi bøn til Gud og livet at eg ikkje skal la barn få opplevinga av ikkje å strekkja til.

Nu blåser storm därute och stänger sommarns dörr,
det är försent för att undra och leta.
Jag älskar kanske mindre, än vad jag gjorde förr
men mer än du nånsin får veta.
Nu ser vi alla fyrar kring höstens långa kust
och hör vågorna villsamma vandra.
En enda sak är viktig och det är hjärtats lust
och att få vara samman med varandra.

20561377583_9ac48d2125_o

Det er ikkje slik at eg mislikar hausten. Tvert i mot så er hausten, spesielt september og oktober, månadar eg er veldig glad i. Haustnaturen er noko av det vakraste eg veit. Det er bare det at eg har tungt for dette med avskjedar. Eg skulle gjerne hatt sommaren her litt til.

Heidi

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: