Gå til innhald

Torvald i Mosberghagen

september 7, 2015

image
(Biletet er smuglånt frå boka Torvald Tu, eit diktarliv, av Jan Olav Gatland.)

Då eg var fire eller kanskje fem år gammal gjekk eg ofte tur med morfar. Eg hadde på meg ein liten raud ransel, eller rypesekk som bestemor kalla det, og oppi den var det gjerne ei brusflaske med saft og sånn plastkork med ein ring til å tre rundt flaskehalsen. Så kunne det vera ei samanbretta brødskive med Per-margarin og syltetøy i midten eller kanskje to – tre kjeksar. Broren min var som regel med han og. Han var eit år yngre og hadde blå rypesekk på ryggen. Me gjekk ofte til det morfar kalla paradis, som var eit skogsholt på Tu ein plass. Han hadde og ein plass han kalla Amerika, og då eg var lita nok så trudde eg på at me hadde vore i Amerika då me kom heim att. Bestemor sa at han måtte ikkje lura ungane på den måten. Då lo morfar for seg sjølv og viste hjørnetennene. Framtennene hadde han ikkje lenger. Bestemor hadde ikkje tenner i det heile tatt, så for oss var det heilt normalt.

Ein dag sa morfar at han skulle ta oss me til Mosberghagen, og fortalde at der budde Torvald Tu då han levde. Han hadde budd der i lag med ein som spelte piano som heitte Trygve Stangeland, og som budde der endå. Torvald Tu hadde eghøyrt om. Eg visste at han var diktar, og at ein gong moster var på Bryne og skulle handla noko i ein butikk hadde ho mangla bittelitt pengar då ho skulle betala. Då hadde det kome bort ein smilande mann og sagt at dei ørene ho mangla skulle ho få av han. Den mannen var Torvald Tu og då ho kom heim var det første ho fortalde at ho hadde fått pengar av Torvald Tu. Han var alltid så fjåge og gilde, sa bestemor.

image
( Eg og bror min og morfar på tur.)

Eg syntest det var spennande å sjå huset til ein diktar, og tenkte at den plassen som heitte Mosberghagen måtte vera nesten som ein eventyrhage. Eg var nok litt skuffa då me etter å ha gått langs ein steingard kunne sjå eit lite hus som eigentleg ikkje var verken fint eller stort. Eg ville at me skulle gå inn i hagen, men morfar sa at det kunne me ikkje for Trygve Stangeland budde jo der, og me kunne ikkje gå rett inn i hagane til folk. Då me kom heim spurde onkelen min om me hadde sett Trygve Stangeland, men morfar sa at det hadde me ikkje. Bestemor sa at han var mykje sjuk.

Eg likte at det gjekk an å vera diktar og bu nesten på Bryne. Me budde forresten bare nesten på Bryne me og, for me høyrde til i Klepp kommune, akkurat som Torvald Tu. Ikkje før eg vart eldre og begynte å lesa sjølv, las eg småstubbane til Torvald Tu og eg likte dei godt sjølv om eg ikkje forstod alle orda. Då me snakka om han ein gong eg kanskje var åtte- ti år, sa onkelen min at han og Trygve Stangeland budde i lag på same måten som ektefolk. Bestemor sa forarga at sånn måtte han ikkje snakka. Onkelen min sa at det var noko alle på Bryne visste og at det ikkje var hemmeleg. Han hadde sjølv sagt ein gong til ein som var på besøk at nå hadde han og Trygve vore gifte i ti år. Bestemor sa at det ikkje var nødvendig å snakka på den måten og at Torvald Tu var ein gilde mann. Onkelen min bare lo av det, og eg lurte litt på kva det betydde å leva saman som ektefolk og korfor ein ikkje skulle snakka om det. Akkurat dette høyrde eg viss ikkje meir snakk om  før etter at eg var vaksen, men heime hos besteforeldra mine kom Torvald Tu av og til på tale, dei var einige om at det var «heilt for gale» at Mosberghagen var blitt riven og at ikkje Klepp kommune ville halda huset til minne om Torvald.

I ungdomstida hende det rett som det var at eg las opp frå Torvald Tu, og på kulturkveld på lærarskulen framførde eg «Kjekkasen» utkledd som Bertine på Kåsen, eller kva det nå var ho heitte ho med svarte og kvite tenner sånn «ommanidom» som lespa då ho snakka om kjekkasen, Pedersen frå «byn». Eg koste meg med å sjå barndomshelten min Torvald i den gamle Jærfilmen der han sjølv hadde skrive manus og både han og Trygve Stangeland var med som skodespelarar. At filmen er laga som reklame for cooperativen, får ein bare ta med som ein raritet. Det er og rart å tenkja på at eg nesten kunne sjå onklane mine koma marsjerande syngjande i denne filmen. Filmen blir nemleg innleia med at elevane frå Tu skule kjem marsjerande gjennom eit jærlandskap medan dei syng «Sjå Jæren, gamle Jæren». Onklane mine var elevar på Tu skule på den tida, men akkurat då innspelinga skulle vera var dei på sommarferie på Figgen. Mor hadde ikkje begynt på skulen endå. Kanskje var ho ikkje fødd ein gong? Eg er litt usikker på kva årstal filmen er laga i.

For eit par veker sidan vart eg spurd om eg kunne tenkja meg å fortelja om Torvald Tu for barn og framføra noko av det han hadde skrive på Klepp Rådhus 19. september. Først var eg litt skeptisk fordi eg forbandt Torvald Tu så veldig med stubbane, dei korte forteljingane hans, som ikkje var skrivne primært for barn, og som og har eit språk som vil vera veldig ukjend for ungar i dag. Eventyra hans hadde eg lite forhold til, eg hadde lese nokre av dei men ikkje blitt veldig inspirert. Etter litt tenkjing fann eg likevel ut at dette kunne eg ikkje takka nei til. Torvald Tu har vore så viktig for meg at eg ikkje kan la sjansen til å presentera han for nye barn gå i frå meg. Eg har lese meg opp på eventyra og er positivt overraska. Nå må eg bare laga forestillingen. Dette skal nok bli kjekt.

Noko av det Torvald Tu har skrive som eg er spesielt glad i er denne songen:

Sjå Jæren, gamle Jæren,
han ligg og lyser fjåg.
Med åkrar og med engjer han seg breider.
Sjølv var han alle dagar det beste som me såg,
og han skal ha vår sveitte og vår heider!
Med arbeid me han pryder, så veks han år for år,
og for dei tusen lyder
han blømer vår for vår,
den heimegilde, gode, gamle Jæren.

Me helsar kvar ei hytte, me elskar kvar ein heim,
og elskar kvar ein tuft og kvar ei tuva.
Me sender au ei helsing langt burt til framand svein,
til dei som reiste burt dit draumen ruva.
Til dei som nådde målet,
til dei som inkje rokk!
I ståket, der i skrålet,
me veit det går ein flokk,
som minnest, og som lengtar heim til Jæren.

Sjå havet, breide havet, som blånar langt mot land,
og voggar seg i blide solskinsdagar,
men som i uversrider slår dundrande mot strand,
når stormen over sjumilssletta jagar!
Å kor det hugen tryllar, det store, store hav!
I sær når sola gyllar,
alt med ho sloknar av,
og kvelden legg si skuming over Jæren.

Gud inderleg velsigne oss alle her me bur,
at me kan vera trugne i vårt yrke.
Og må me alltid vita at me på honom trur
og får hjå han vår tålmod og vår styrke.
Og lat så dagen enda, og sol i hav gå ned.
Han alt så vel vil venda
så hjarto hyser fred
i siste skumringskvelden vår på Jæren.

Torvald Tu

20828608961_42303aa48f_o

Denne er og heilt nydeleg:

Forøvrig så anbefalar eg Jan Olav Gatland si bok «Torvald Tu» til dei som måtte få lyst til å vita meir.

Heidi

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: