Gå til innhald

Septembersong

september 13, 2015

image

Nei, eg har ikkje skrive ein ny song. Det er bare noko med denne årstida som gjer at eg synest heile naturen og alt syng, syng mjuke melankolske songar. til tonar frå saksofonar eller kanskje klarinetter. Eg har hatt ei fin helg i lag med fine menneske og har i grunnen opplevd mykje på to-tre dagar sjølv om helga kjennest som ganske avslappande. Eg har rukke to kafébesøk med flotte damer og ligge strekk ut på hagesofaen i haustvinden. Eg har øvd på tekstar eg skal framføra,og eg har fyld vasane med blomar frå verandapottene.

I helgene er det fint med sein frokost. På laurdag vart frokosten av det ganske kreative slaget med grove scones i muffinsformer laga med rugmjøl, havregryn, ein rest av Sunniva sin sunne frokostblanding, litt rømme og ei teskei honning. To veldig overmogne nektarinar fekk bli syltetøy i lag med frosne grøne stikkelsbær frå hagen til mor og far.

image

image

Eg har hatt opptil fleire treff med eldstejenta mi, og eg har oppdaga at eg nesten hadde gløymt kor kjekt det er å strikka. Nå kjenner at at akslene er ein smule overanstrengde, så i morgon får eg viss ta pause.

image

I går kveld reiste eg og Leif inn til Stavanger for å gå på Kino. Me såg filmen om Ingrid Bergman. Han var vakker og litt trist og vemodig på same tida. Ho gjorde val i forhold til karrieren og til barna sine som ikkje var bare lette å bera verken for henne eller for barna. Eg trur noko av det eg har aller minst lyst til å høyra frå eit av barna mine er at  «Du var aldri der for oss.» Mine barn har og hatt ei travel og engasjert mor. Eg håpar at dei likevel aldri har vore i tvil om at dei har vore det aller viktigste i livet mitt. I mitt eige barneliv var det fleire vaksne med god tid. Bestemor mi hadde nok ein ganske stor porsjon sosial angst i tillegg til gikt og vondt i kroppen. Det førde til at ho heilt bokstaveleg talt alltid var der då det passa meg. Eg trur ikkje at eg ein einaste gong opplevde at ho sa at eg måtte venta litt dersom det var noko ho ville. I tillegg hadde eg foreldre, tre andre besteforeldre, tantar og onklar rundt meg. Ungar som kjenner vaksne med god tid er priviligerte. Det betyr sjølvsagt ikkje at eg ikkje tenkjer at travle vaksne og kan vera trygge og varme vaksepersonar. Dersom eg skulle vera så heldig å få barnebarn ein gong, så håpar eg i grunnen at eg skal ha det litt mindre travelt enn eg hadde det då eg var småbarnsmamma. Når barna er vaksne trur eg det er slik at me foreldre saknar dei meir enn dei saknar oss. På eit eller anna plan lengtar eg alltid litt etter å ha barna mine rundt meg sjølv om dei er vaksne. Heldigvis trur eg ikkje dei opplever det på same måten.

Då me gjekk til kinoen begynte det å småregna, og med dei vermeldingane me har for neste veke, så tenkte eg at regndropane kanskje markerte målstreken for den fine seinsommaren me har hatt etter ein ganske kald og blåsande sommar. Eg vil helst tru at det framleis kan koma fine varme dagar. Då me kom ut frå kinoen mørkna det og dette draget av haust låg og dirra i mørket. For liksom å halda litt fast på sommaren kjøpte me oss kvar vår softis og spaserte langsomt gjennom gatene opp til det området der me hadde parkert bilen.

I dag har det regna heile dagen. Eg har hatt sundagsskule om Johannes døyparen, og saman med ungane erfart at mørket frå ei bøtte med lok ikkje kan smitta over på lyset i eit lyst rom, medan lyset frå eit lite stearinlys kan gje eit mjukt og fint lys i eit rom der alt er mørkt. Det er jo ei fin oppdaging å ta med seg vidare. I løpet av den siste veka hadde det skjedd spennande ting i kyrkja vår. Glasmaleriet i klokketårnet er i ferd med å ferdigstillast, og i altarpartiet var det nye fine detaljar. Det er kjekt å fylgja arbeidet til Per Odd Arrestad, og det er kjekt å sjå kor fint det blir.

image

I kveld har me teke aller siste korrekturen på diktsamlinga. Det merkelege er at sjølv etter to grundige rundar med korrekturlesing så finn eg småfeil. Det spørst om det ikkje kjem til å dukka opp ein liten kommafeil eller eit manglande punktum i den endelege utgåva og sjølv om me er fleire som trur at me har lese gjennom kvar einaste linje med falkeblikk. Det slår meg kor uoppnåeleg det absolutt fullkomne er. Det er alltid eit og anna som kunne vore annleis. Men eg trur det blir bra nå. Eg har behov for å seia at nå er det bra nok. Eg er framleis i den litt forvirrande tilstanden der eg ikkje kan bestemma meg for om det er verkeleg bra eller om det eigentleg er skikkeleg dårleg. Sanninga ligg nok i midten ein plass. Eg torer likevel å seia at nokre av tekstane i boka er blant det eg er aller mest fornøgd med å ha skrive, og at eg synest bileta til Leif er spennande i lag med mine tekstar. Det å vera skapande er noko av det kjekkaste eg veit. Eg er heldig som har sjanse til å bruka tid på det.

Heidi

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: