Gå til innhald

Gud hjelpe kvar den som må lida

september 20, 2015

image

Så utruleg fort ei helg går. Nå er eg i den luksussituasjonen at eg faktisk har skrivedag i morgon. Det kjennest veldig bra å ha ein sundagskveld utan å gå og lura på om ein har kontrollen til måndag morgon på jobb. I løpet av helga fekk eg teke ned to av ballane eg hadde i lufta. På fredag las eg dikt på ein veldig fin kulturkveld i kyrkja. Det var fint å vera der. Eg vart rørt både av koret som song og av Per Odd Aarrestad som fortalde om vegane til og i glaskunsten som han nå er i ferd med å ferdigstilla i kyrkja. Det kjendest godt å lesa opp frå den nye boka «Ta heller med deg hjartet ditt». Det er alltid spennande å presentera heilt nytt stoff. Boka er i trykken nå, me får ho først i hendene om eit par veker frå nå av. Det gler eg meg til.

Eg har og fortald om Torvald Tu og fortald to av eventyra hans for barn på Klepp bobliotek. Det var veldig fint å få lov til å gjera det. Då eg vart spurd var eg litt i tvil fordi eg visste det ville ta tid å laga ei slik forestilling og øva ho inn. Ein annan ting var at det eg tidlegare har opptrådd med er stubbane hans på gammal jærdialekt. Dei er både fornøyelege og vakre, men dei er ikkje skrivne for barn, og dessutan er ein svært stor del av ordforrådet dessverre gått ut på dato, slik at førskulebarn nok ville ha problem med i det heile tatt å forstå kva som blei sagt. Det som fekk meg til å seia ja likevel, var at Torvald Tu på ein måte har vore ein av heltane mine heilt frå eg var lita. Tenk å koma frå Tu og bli diktar? Då gjekk det faktisk an, kanskje det kunne koma til å skje med meg og. Eg er oppvaksen med historiar om og av Torvald Tu, og fann ut at eg hadde lyst til å gjera mitt for at nye generasjonar med barn her i frå skulle kjenna til han. Eg har tidlegare lese ein del av eventyra utan å bli så veldig fenga, men nå når eg jobba med tre av dei, oppdaga eg at dei fungerte fint. Sjølv har eg aller mest sans for dei humoristiske eventyra på rim. Høna som reiste til byen og kom heim og fortalde kor frykteleg alt ver der inne har minst like mykje snert og brodd i vaksne øyre. På laurdag viste det seg å vera eit konkurrerande barnearrangement på brannstasjonen, så det var ikkje kjempemange barn som kom. Dei som var der var derimot herleg lydhøyre og det var ein fryd å få fortelja for dei. På fredag hadde eg ein generalprøve for dei seksti tredjeklassingane våre, så nå har dei fått nokre innspel om Torvald Tu dei og. Det viste seg at forestillinga var litt i kortaste laget, så eg fann ut at eg ville ta med meg Theodora, handdokka mi på delr av forestillinga. Det fungerte kjempefint. Theodora gjer alltid ein god jobb.  Gjennom dei sju åra eg har blitt kjent med henne har ho utvikla ein markant personlegdom og lever nesten sitt eige liv…

I samband med forestillinga har eg lese meg opp på Torvald Tu, og har i grunnen bare fått endå meir sansen for denne mannen. Han hadde utan tvil eit stort talent for skriving, men då som nå var det vanskeleg for ikkje å seia nesten umogleg å leva av å skriva. Han kjende sjølv at han sjeldan fekk tid til å fordjupa seg i si eiga skriving. Han måtte produsera mest mogleg og skriva det han trudde folk ville ha for å i det heile tatt ha pengar til å overleva. Kjærasten hans, Trygve Stangeland, som var utdanna konsertpianist hadde svake nerver, og vart og alvorleg fysisk sjuk. Ein lang periode måtte han ha morfin for å klara seg, og Torvald jobba som ein helt for å få råd til å kjøpa denne medisinen til han. Han skreiv i dagboka at han måtte førebu seg på å leva vidare utan Trygve fordi sambuaren var så sjuk at det nesten hadde vore best han fekk svara. Det vart nok kviskra om på Bryne og på Klepp om desse mennene som levde saman på denne måten, men likevel vart det akseptert, kanskje fordi dei var stolte av forfattaren Torvald Tu og var glade i han som ein fjåg og omgjeneleg kar. Sjølv skriv han at han aldri har angra eit sekund på den intime venskapen han og Trygve hadde.

Ikkje alle veit at Torvald Tu har ein bakgrunn i frelsesarmeen. Seksten år gammal vart han frelsessoldat. Nokre år seinare la han uniformen til sides. Om dette hadde noko med legningna hans å gjera er ikkje godt å vita. Han hadde nære venner i frelsesarmeen heile livet, og skreiv songar for dei. Han har skrive tekstar der han er kritisk til det han opplevde som hard og fordømmande kristendomsforståing, men trua på den lyse og varme kristendommen går igjen i forfattarskapen hans. Det eine eventyret eg fortalde på laurdag handlar om ei prinsesse som ikkje var i stand til å vera glad. Trass i at ho hadde helse, venleik, pengar og alt ho kunne ynskja seg av materielle ting, var ho tung og trist og ingen kunne hjelpa henne. Av ein fe fekk ho ein ring med ei himmelblå perle. Dersom ho alltid gjekk ettter lysstråla frå ringen skulle ho til slutt finna svaret på kva som kunne gje sann glede. Til slutt fann ho ei kvit lilje som måtte gravast fram frå ei trekanta tue kledd i dei sju fargane frå regnbogen. Denne lilja hadde ein usynleg stilk og usynlege røter festa i sjølve himmelen. Då ho fekk gravd lilja fram frå jorda med bare hendene fekk ho svaret. «Å gjera glad er å vera glad». Prinsessa fekk erfara at så lenge ho var fokusert på si eiga manglande glede vart ho aldri glad, men då ho gjekk ut for å gleda andre kjende ho gleda veksa fram frå ein stad inne i henne.

Teksten under, skriven til Trygve Stangeland synest eg er så vakker:

I kveld er fred i sinnet,
eg sit i stova inne,
i peisen ligg det torv og glør,
ute står månen blank i sør,
og Mosberghagen lyser full
av månegull.

Du spelar hugen min til kveik,
det stig og kling i lyst og leik,
å ja, du spelar stova full
av tonegull.

Så forandrar tonane frå pianoet seg, og går over i det såre og moldstemde:

Du spelar ikkje til lyst og leik,
du spelar til sorg og kvida,
du spelar barmen varm og veik,
Gud hjelpe kvar som må lida,
i verda er det tungt å strida.

(Torvald Tu)

Eg trur det som står i nest siste linja er Torvald Tu si evangeliske bøn. «Gud hjelpe kvar som må lida». Slik eg les tekstane hans, så var han oppriktig glad i menneske og oppriktig interessert i dei. I dette ligg det og å studera menneska sine viderverdigheiter med eit humoristisk skråblikk. Få andre gjer dette på ein så sjarmerande måte som han.

Heidi

image

(Dette innlegget er mellom anna inspirert av Olav Gatland sin Torvald Tu- biografi.)

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: