Skip to content

Nu blir kvällarna köliga och sena

september 21, 2015

image

Eg sykla heim i kveld, og det var mørkt og kjøleg med regn i lufta. Til og med slike som meg må kanskje gå over til å snakka om haust i staden for om seinsommar nå. Kvelden vart brukt til idémyldring med ein stor gjeng elevar frå tiande klasse, som har elevplass ved Time kulturskule, og lærarane deira. Dette var startskotet for ei stor forestilling me skal laga saman, og som me skal visa i Storstova veka før påske. Det er alltid knytta spenning til å få noko opp og gå frå eit nullpunkt. Dette prosjektet dreier seg om samarbeid på eit høgt plan, og det pleier å bli veldig bra. Forslaga frå elevane omfattar alt frå Beatles og at jorda blir overteken av troppar frå verdsromet til fattig-rik-problematikk, rusproblematikk,spiseforstyrrelsar og kommunesamanslåing… Nå vil vegen visa kor me skal hen.

Av ein eller annan grunn blir eg så sentimental om hausten. Eg er eit menneske som sjeldan grin i sorg eller fortviling, men som kan vera plagsomt lettrørt. Av stimuli som er klart tåreframkallande kan eg nemna: Syngjande barn i kombinasjon med levande lys, mannskor- gjerne med kvite luer, marsjerande skulekorps med uniformar, solodans, og ikkje minst eldre menn som sit aleine på kafé og et middag. Då eg var gravid med eldstemann, gråt eg av rørelse kvar gong eg høyrde, las teksten til, eller tenkte på songen om «Bolla pinnsvin».

På torsdag morgon hadde eg eit lite tilbakefall. Marius hadde gjort klar ein youtubeversjon med teikningar og songen om Bolla Pinnsvin som skulle gå til skulen. Eg prøvde å skjula for elevane at det rant både ein og to og tre tårer då me skulle syngja. Eg trur eg blir så rørt av omsorgssituasjonen rundt det vesle litt engstelege pinnsvinet… Mamma som børstar piggane, pappa som har gøymt unna ein mjølkeskvett som ingen andre får røra, og vesle Bolla som går på skulevegen og tenkjer litt engsteleg på mamma´n sin. Eg har møtt mange slike jenter og gutar og, som kjem litt engstelege til skulen med hjartet i hendene og ranslane fulle av omsorg i form av velgjorte lekser, forseggjorte matboksar, plommer frå mormor sin hage og ekstra vottar og sokkar.

Eg veit at dei skal møta Nøtteliten og gjengen hans, dei som både kastar nøter og konglar,og som kan erta både steiner, gamle kråker og frøken Skjære. Dei vil eigentleg ikkje nokon noko vondt viss dei får tenkt seg om, det er bare slett ikkje alltid dei har tid til akkurat det. Eg kjenner og mange versjonar av Helene Harefrøken av begge kjønn. Desse som nesten ikkje veit kor dei er eller kor dei skal, søte og vimsete og sommarkledd… Alf Prøysen har verkeleg teft for å beskriva små liv. I tillegg kunne dyreskulen hans vore utvida med mange karakterar, det er jo mange stubbar der. Det er nesten synd at han ikkje fekk gjort det medan han framleis var blant dei skrivande av oss.

Til skulen kjem dei alle saman, alle skal behandlast likt, og alle skal behandlast forskjellig. Og alle skal dei elskast og møtast med tålmod og toleranse. Det siste er kanskje nesten det lettaste. Det er ikkje alltid lett å vita kor høgt ein skal forventa at dei skal klatra opp i treet når både Nøtteliten, Helene Harefrøken og Bolla Pinnsvin sit der og skal ha ei tilpassa utfordring. Lengdehopp passar heller ikkje like bra for desse tre, og ven blir taparen når dei må sitja musestille veldig lenge om gongen? I skulen er det utruleg mykje å le av, gråta over og bli rørt til tårer av. Det er arbeidsplassen for alle som måtte ha spesielt stort behov for å kjenna at dei lever.

Og kjenna at ein lever gjer ein verkeleg om hausten, synest eg. På sundag var det nydeleg haustver, og eg såg at alle mine venner på facebook hadde vore på fjelltoppar og elles viden om til lands og til vanns og i lufta med. Det var nesten så eg vart litt misunneleg, for mitt sundagsprosjekt var å laga ein stor familiemiddag til barn, svigerbarn og foreldre. Eg kom meg aldri ut av hagen vår. Mest av alt var det likevel ei stor glede å kunna samla nesten alle rundt bordet. Halvard var heime frå Oslo ein snartur, og mor og far var nettopp heimkomne frå Syden. Den einaste som ikkje var heime i stovevarmen var Sunniva, så henne måtte eg ha ein lengre telefonsamtale med om kvelden då dei andre hadde reist. På laurdag etter forteljarstunda på Klepp, reiste meg og Leif ein tur til Stavanger for å sjå på ei fotoutstilling. Bylaurdagar er så koselege. Eg liker å driva gatelangs og kikka på folk, og eg liker å eta lunsj på ein koseleg kafé og ha god tid og få planar.

image

Me hadde oss og ein siesta på biblioteket med bøker og aviser. I ettermiddag ringte Odd Christian og lurte på om eg hadde tid til ein kopp kaffi på den gjenopna kafeen på biblioteket her på Bryne. Den vil me gjerne behalda, så den er det bare å støtta. Når eg kjenner etter så er eg eit skikkeleg biblioteksmenneske. Sjå der ja, der fann eg meg ein bås i kveld og. Det kjennest alltid trygt å ha ein bås å høyra heime i.

Nå ser det ut som om den nye hobbien min er å fortelja rare ting om meg sjølv… Nå har eg stått fram med min overemosjonelle relasjon til Bolla Pinnsvin. Nå lurer eg på fylgjande: Kva rører deg til tårer? Om eg er oppriktig interessert i å vita det? Ja, sjølvsagt!

Heidi

From → barn, Barna mine

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: