Skip to content

For ei fin helg me har hatt

september 27, 2015

image

Nå var det akkurat nokon som lurde på om eg hadde feil innstilling på facebook igjen, sidan eg ikkje hadde lagt ut noko på mange dagar… Eg trur alt skulle vera i orden, eg har bare hatt det så travelt i det ekte, verkelege livet  at fingrane mine ikkje har nådd fram til tastaturet. Først var det full fart heile veka, og då helga kom fekk me så veldig gildt besøk. Først kom Jan og Hilde på spontant overnattingsbesøk frå Søgne. Så hadde me lunsj i Stavanger med dei og Heidi og Per Inge på laurdagen, og der plukka me opp Eva Mari som hadde vore på sjukepleiarkonferanse i byen, og som skulle bruka resten av helga i lag med oss.

image

Gode venner er det finaste eg har ved sida av ungane, kjærasten min og trua på livet og på Gud. Og når det gjeld venner så må eg ha slumpa på å møta sånn omtrent dei flottaste folka som finst i denne verda. Ja, så har eg jo storfamilien, jobben, elevane, kollegene, bøkene, tastaturet og katten i tillegg til veldig mykje anna fint. Eg er rikt velsigna og den første til å innrømma det…

image

Eg og Eva Mari liker godt å leika bydamer. Då me hadde klemt dei andre til farvel og send Leif heim med bagasjen hennar, var me ikkje seine om å finna oss ein liten kafé der dei selde kaffi i alle variantar og der folk kunne bli sitjande i timesvis for å prata saman eller spela brettspel.

image

Noko av det eg liker ekstra godt med Stavanger er at det er så fargerikt der.

image

Medan damene svinga seg i byen, reiste Leif heim med ei nyinnkjøpt emaljegryte for å setja deig til grytebrød. Jan hadde nemleg fortald om det gode brødet han pleidde å baka. Det var sånn deig som skulle heva over natta, og då damene stod opp i morgon tidleg lukta det nydeleg i huset av kaffi og nybakt brød. Det smakte veldig godt, og nå er brød nummer to steikt og frose ned. Me hadde eigentleg tenkt oss på tur til Hå gamle prestegard i føremiddag, men då Ingrid lurte på om me ville bli med på haustmarknad på Tou scene, så slo me til på det. Det var nesten sommar ute i dag, og fint å kjøra i full fart i bil utan tak.
image

I alle fall går me ut frå at det var det. Det var ikkje denne bilen Eva Mari kjørde i sånn heilt eigentleg, men det er jo lov å bruka fantasien.

På haustmarknaden i dei gamle lokala til Tou bryggeri var det fleire enn oss som hadde tenkt seg i dag. Det var veldig mykje fint der, forresten av kunsthandverk og anna. Det var og kafeteria, men der var det så fullt at me aldri kjøpte oss noko. Her er ei av salgsbodene som kunne by på strikkande vesen i ulike fasongar.

image

Eg fekk handla med meg ein papirpose full av fine saker som kanskje blir julegaver og kanskje noko anna. Det var staden for å treffa fine folk. Plutseleg dukka det eine tantebarnet etter det andre opp utan førevarsel.

image

image

Det var ikkje det beste fotolyset, dessverre…

image

Men ute var det og mykje fint å ta bilete av. Dette er eit eksempel på street-art, og det same er biletet øverst på sida.

image

Og minst ei av desse tre flotte damene er eit ekte kunstverk.

Det var så fint ver at me bestemde oss for at lunsjen fekk bli softis på Ølbergstranda. Der var det veldig vakkert i dag. Eg sat på ein fjellknaus i den fine olivengrøne silkekjolen Eva Mari hadde sydd og hadde med som gave til meg, og dingla med beina medan eg fekk nyta både isen, godt selskap og den flottaste utsikta som tenkjast kan…

image

image

Ungane vassa i sjøkanten og fanga krabbar i små plastbøtter. Sjølv om det var deilig temperatur ute, så er det blitt årstida for å vassa med støvlane på.

Om kvelden var eg på ei spennande og sterk kveldsgudsteneste i Bryne kyrkja, der Ingeborg, ein av gateprestane på Sandnes snakka om håp i kvardagen. General forsamling song depressiv blues, med eit visst glimt i auget. Tekstane var sterke.

image

Sjølv rigga eg bønevandring. Det kjennest alltid meininsfullt. Her er ein av dei mange stasjonane.

image

Kveldsgudstenestene er for meg noko av det finaste me har i Bryne kyrkja. Denne salmen var ein av dei som vart sungne i kveld. Eg er blitt så glad i denne teksten av Ylva Eggehorn, så den har eg lyst til å slutta med i dag.

Så kom du da til sist, du var en fremmed,
en sagnfigur man nok har snakket om,
så mange hadde laget bilder av deg,
du sprengte alle bilder da du kom.
Vi tok deg frekt til inntekt for vårt eget
og flagget med ditt navn i krig og fred,
vi bygde katedraler høyt mot himlen,
men du gikk hele tiden lengre ned.

Du er et barn som ligger på et jordgulv,
du fryser om vi ikke griper inn.
Du tar på syke kropper, hater urett
og byr de elskende på moden vin.
Du stiger ut av alle tomme graver,
du er en vind som varsler: Det blir vår!
Du kommer som en flyktning over fjellet,
du følger oss dit ingen annen når.

Du er den sang om livet som jeg glemte,
den sannhet jeg forådte dag for dag.
Jeg svek meg selv; det speilet som jeg gjemte,
har dine dybder, dine ansiktsdrag.
Kom nærmere, og bli hos meg, det mørkner,
og kanskje lysner det igjen på ny.
Ditt liv skal bære meg, jeg hører trosten,
som synger dagen inn før morgengry.

Ylva Eggehorn.

Heidi

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: