Skip to content

I Sissel sin verkstad

oktober 5, 2015

image

I dag var eg på eit veldig triveleg besøk i verkstaden til Sissel Ruud. Eg hadde lova å hjelpa henne med å vera litt tekstforfattar i samband med utstillinga ho skal ha på Fotland mølle om tre veker. For at eg skulle vita skikkeleg kva eg skreiv om, så fann me ut at eg rett og slett burde koma og kikka på det ho lagar og sjå korleis ho lagar det. Solsikkebiletet over likte eg så godt. I det siste har ho jobba med ein spesiell teknikk som ho fekk ideen til då ho lærde om decoupage, ein hobby mange har drive med dei siste åra. Decoupage betyr å bruka bilete på tynt papir, gjerne det ytterste laget av serviettar, og lima og lakka det fast til ei overflate, gjerne av glas eller metall. Sissel som har jobba med biletkunst heilt sidan vidaregåande skule på formgjevningslinja, fekk tankar om at det måtte gå an å bruka denne formen for teknikk til å laga collagar på store lerret. Ein av hovudingrediensane i bileta ho skal stilla ut er utklipp frå serviettar som ho har brukt til å byggja opp bilete i fleire lag på lerret som først er grunna med maling. I bileta kan ei og finna utklipp frå aviser og gamle vekeblad, frimerker, og til og med heklebrikker kjøpt på Fretex. Inntrykket blir leikande og overraskande. Alle bileta begynner som ein leik med fargar former og motiv, eit slags leikande kaos. Så begynner arbeidet med å rydda opp i kaoskreftene og skapa eit bilete det er godt å vera i og å drøyma seg inn i. Det kan vera ein lang prosess frå eit arbeid er påbegynt til det blir erklært ferdig og får ein omgang med fiksativ på sprayboks. Teknikken der ting blir lagt lag på lag kan flikkast på nesten i det uendelege, og det kan vera vanskeleg til slutt å bestemma seg for at: «Nå er det ferdig.»

image

Eg fekk lov til å fotografera, og har fått lov til å visa bileta på bloggen min. Eg måtte lov å fortelja at nokre av bileta framleis er under skaping og kan koma til å sjå annleis ut til slutt. For eiga rekning må eg og leggja til at fotoutstyret mitt er litt begrensa, og eg kan ikkje garantera for at fargane er rett gjengjevne.  Den kjensla som feste seg aller sterkast i meg då eg såg bileta var at det såg så spennande ut å vera i denne prosessen. Eg fekk rett og slett lyst til å laga min eigen verkstad og setja i gang. Ikkje for å gå henne i næringa, for det ville eg ikkje ha klart om eg prøvde, men fordi det såg så kjekt ut å skapa. Då eg var lita hadde eg eit rom på loftet hos bestemor med grenselaus tilgang til stoffrestar, papir, teiknesaker, gamle vekeblad og anna gratismateriale. Eg fekk rett og slett lov til å samla på alt mogleg og laga alt mogleg av det. Det er ei heilt anna historie, så den skal eg ikkje ta her, men i dag lengta eg litt tilbake til det romet, som sjølvsagt ikkje finst lenger som arbeidsrom for meg.

image

Øskjer og skrin fulle av fine sitat som kanskje kan passa inn i eit bilete… Eg fekk lyst til å samla på slike eg og…

image

Og skuffer fulle av knappar, skruer, glansbilete, vekeblad frå femtitalet, frimerke og gamle serviettar. Ja takk, alt saman. Dei gamle, litt glatte serviettane frå syttitalet og dei gamle silkeserviettane er ekstra fine som materiale, røpar Sissel. Ho har avertert på Finn etter gamle serviettsamlingar og har fått både kjøpa og overta store samlingar frå mange tiår tilbake. Eg begynte å lura på om min serviettsamling framleis står på eit loft på Ålgård, nøye sortert etter motiv, fargar og stofflegheit. Det kan vel tenkjast at det er både jordslag og musebitt på dei etter meir enn førti år? Kanskje har det gått med dei som med lua til Ingrid Sletten av Sillejord? Kanskje eg rett og slett må heim for å finna det ut?

image

image

Eg må og fortelja at fotografia mine av og til viser utdrag og ikkje heile biletet. Eg liker så godt fargane og fargeovergangane.

image

Eg vart og minna om at eg faktisk er utdanna kunst- og handverkslærar eg og, akkurat som Sissel. I år underviser eg ikkje i det faget i det heile tatt. Det fekk eg plutseleg veldig lyst til. Problemet er bare at som formingslærar så får eg frykteleg lyst til ikkje å vera bunden til læreplanar. Mine eigne prosjekt er til tider så kaotiske at eg ikkje trur at så mange andre lærarar ville lika å ha dei i planane sine. Noko av det kjekkaste eg har gjort er at alle fekk innreda eit rom i kvar si skoøskje som dei først tapetserte og malte og så laga møbler og bebuarar til. Eg må innrømma at då eg såg kor stor plass seksti skoøskje tok då dei skulle fraktast frå velvillige skobutikkar, så lurde eg litt på kva eg eigentleg hadde sett i gang med… image

image

Sissel seier at ho ikkje har så lyst til å setja titlar på bileta til denne utstillinga. For henne er språket med fargar og former noko som kommuniserer kjensler, stemningar og tilstandar og som blir eit anna språk enn ord-språket. Ved å bruka titlar vil ein og festa ei tolking til eit bilete som kanskje kan hindra at den som ser på kan bruka biletet til å gje språk til eigne kjensler og opplevingar. Det at bileta vil skapa ulike tankar og reaksjonar i ulike menneske synest ho bare er fint.  Først og fremst ynskjer ho at bileta skal formidla noko som er godt og positivt.

image

Eg spør om ho har høyrt om andre som lagar bilete på akkurat denne måten. Det har ho ikkje. Collagar kan vera veldig mykje, og det finst uendeleg mange måtar å laga dei på. Det å laga bilete bygd fram hovudsakleg av utklipp frå serviettar er ho kanskje aleine om. Som kunstnar har ho før jobba mykje med trykk, og nokre av trykka skal og få vera med til utstillinga på Fotland.

image

Eg fekk lyst til å avslutta med det fine solsikkediktet til Harald Sverdrup, inspirert av det øverste biletet.

Solsikkediktet

Først dikter jeg en grønn spire,
så et blad til høyre
så et blad til venstre,
siden dikter jeg en grønn stengel
og aller øverst dikter jeg solen
og når solen ikke er mer
dikter jeg et hundre stjernefrø
og byr himmelens fugler å ete,
jeg ber dem likevel å spare
ett av mine frø.
Så dikter jeg døden.

Harald Sverdrup

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: