Gå til innhald

Mellomlanding i Paris

oktober 6, 2015

image
Så er  me så langt. Eg liker i grunnen mellomlandingar. Det å få to kortare flyreiser i staden for ei lang gir ein ein pause på midten med fotfeste på landjorda. Flyet såg ganske lite ut då me gjekk ombord. Bare to flysete på kvar side av midtgangen. Dei ynskjer god tur og opplyser om at vêret ikkje er det aller beste, så det kan bli periodar av turbulens. For ei som fann vinden seint i går kveld, og tidleg i går morges, langt mindre vennleg enn ho vanlegvis opplever litt frisk bris, så var ikkje den meldinga så overraskande.

Me kom oss greitt opp og over skydekket, som såg ut som nykarda ull, teikna det seg ei skarlagensraud stripe av soloppgang. Soloppgangen vart så intenst lakserosa før fargen vart meir som blodappelsin. Eg klarte faktisk å sjå det vakre i det sjølv om eg ikkje akkurat var i mitt favorittutkikkstårn. Det er alltid beroligande når dei kjem med serveringstralla. Det gir ei kjensle av normalitet, og av ein situasjon heilt under kontroll. På same måten opplevde eg det som beroligande då eg hadde det siste keisersnittet for tjueeitt år og ein dag sidan, at kirurgane-, studentane, jordmora og anestesipersonalet midt under fødselen begynte å diskutera eit eller anna som ikkje hadde med operasjonar å gjera. Eg elska lyden av samtalen om omlegging til vinterdekk, eller kva det nå var, fordi eg var rimeleg sikker på at dei ville halde seg alvorleg til kirurgen dersom ikkje alt hadde virka normalt og under kontroll.

På fransk vis vart me serverte ein tørr croissant i kvit serviett utan syltetøy eller ost. Saman med fransk svart kaffi var det heilt ok å gumla det i seg medan eg las «Stoner» i e- bok format. Eg tenkte at den soloppgangen skulle eg ha fotografert om eg ikkje hadde mobilen i bagasjehylla. Litt seint kom eg på at eg kunne jo faktisk fotografera med i-paden. Då var sola blitt ei gulkvit lyskule i ferd med å klatra over kanten på sky- ulla.

Det kom parti med turbulens, men ikkje verre enn å kjøra buss på ein humpete veg. Skylaget over Paris var så tett at me snautt nok skimta bakken før minuttet før landing. Eit forbausa barn bak meg ropte: «Landa me nå? Eg forstår ingenting». Eit av dei andre barna i reisefylgjet repliserte: » Er dette Paris! Dæ pissregna jo i Paris». Frå flyet var det ein lang busstur inn til terminalen. Nokså tidleg på dennebturen oppdaga Leif at han hadde gløymt kameraet i flyet. Då me kom inn i flyterminalen, begynte me ei lang jakt etter rette vedkomande som kunne hjelpa oss. Etter ein del telefonar kunne ho i informasjonsskranken fortelja oss at kameraet var funne i flyet, men at Leif måtte reisa ut til landingsterminalen med ein buss og henta det sjølv. Eg sa at eg kunne venta her så lenge. I farten la han i veg med både passet mitt og boardingkortet. Nå har han vore vekke i ein time, men me har god tid til neste fly, og så lenge eg er på landjorda så rekna eg med at det meste vil ordna seg. Nå skin til og med sola inn gjennom glastaket på Charles de Gaulle flyplassen. Eg skal sjå om eg får til å overføra nokre flyplassbilete frå mobilen.

Det viste seg å ikkje vera så lett å overføra bilete, for gratisnettet her er veldig treigt. Heldigvis dukka Leif opp att etter ein strabasiøs » henta kameratur» med bussing til og frå og ordre om ny innsjekking. Nå får me prøva å passa på kvarandre og tinga våre til me er vel framme i Malaga.

image

Nå føler eg meg som ein utidig snikfotograf, men denne dama var så vakker at eg klarte ikkje å dy meg. Og der fekk eg jammen til å lasta opp bilete frå mobilen og 🙂

image

image

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: