Skip to content

På fincaen

oktober 7, 2015

image

For ein del år sidan kjøpte min svoger og svigerinne ein finca, liten fruktgard i Alhaurin el Grande, ikkje langt frå Malaga. Dette er arbeidsvarianten for nordmenn som vil ha hus i Spania. Garden var i drift fram til dei kjøpte ham, men eigaren var gammal og ufør, så det var nokså forfalle og overgrodd. Med innleigd hjelp frå naboar og masse eigeninnsats, har dei renovert huset og opparbeida frukthagen på ny. Nå er dei begge blitt pensjonistar, og kan vera her og vera fruktbønder større deler av året. Dei har stor interesse av dette gartnsrarbeidet, og hagen er veldig imponerande.

image

Her er det unorske frukter og grønnsaker som granateple, sharonfrukt, fiken, oliven, valnøtter, asparges, sitron, mandariner og appelsiner i tillegg til at eg trur dei har eple og plommer. Det er og krydderurter her som rosmarin i store buskar og ved ei lita elv er det viltveksande Siv som blir tre meter høgt og som tiltrekk seg ulike typar fuglar som hekker der. Her er det masse lydar av hundar, froskar, grashopper og sirissar og naboen sine høner. Fruktgarden ligg om lag fem kilometer frå byen, og om ei stund skal me ned dit og kikka.image

image

image

Ha ein fin dag heime, alle saman.

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: