Skip to content

Spanialiv

oktober 8, 2015

image

Her i dette huset i Alhaurin el Grande bur me. Ute er det mørkt, men hundane i nabolaget held framleis på med konserten sin som startar i skumringa. Det er akkurat som i «Hundre og en dalmatinere», ein hund begynner å bjeffa, ein etter ein heng seg på, og til slutt er dei eit skikkeleg bjeffekor. Sirissane og grashoppene kjem til etterkvart, så her er det mykje lyd. I går då eg sat i hagen og las ei bok, var det plutseleg nokon som slikka meg på tærne. Naboen sine to små hundar kom og ville ha leik og kos. Dei er visstnok av ein rase som tradisjonelt sett har blitt brukte til å fanga mus og rotter i bodegaer. Søte er dei i alle fall.

image

 

image

Me har blitt advarte om at ikkje alle hundar er like harmlause. Her er det ein del ville streifhundar, og ein del av dei kan vera utsvolta og aggressive. Det er visstnok lurt å ha med seg ein såkalla hundekjepp for å jaga vekk sinte villhundar med når ein ferdest til fots langs småvegane her.

image

Dei siste dagane har me sett mykje forskjellig. I går tok Elisabeth meg med inn for å visa meg kyrkja her i Alhaurin el Grande. Som i dei fleste katolske kyrkjer var det mange småaltar og mange Kristus-, Maria- og helgenfigurar laga av tre eller gips, nokre av dei med skikkelege klær av fine tøyer, dei ser ut som om dei nesten kunne løftast ut av nisjene sine og bli tekne med på ein prosesjonstur i byen.

image

Katolske kyrkjer har gjerne både Maria- og Kristusfigurar for og i ulike situasjonar som ein kan tenna lys ved. Dette er «Maria de los dolores», – Maria av smertene, eller av lidelsen. Det fekk meg til å tenkja på diktet til Jens Bjørneboe som begynner slik: » Maria alle smerters moder, be for oss i denne stund…»

image

Etter ein kopp kaffi ute på torget utanfor kyrkja, som de ser på dette biletet, tok Elisabeth og Joffe oss med og åt lunsj på ein koseleg restaurant på stranda i La Cala.

image

Me dyppa tærne i sjøen og konstaterte at det var ein grunn til at nesten ingen av dei som låg og solte seg på stranda bada. Vatnet var ganske kjøleg, eg trur ikkje det kunne vera meir enn femten- seksten grader. Eg trur kanskje det skuldast at det er kjøleg om nettene, for dagane er varme og gode. Det blir lyst i åttetida om morgonen, og då er det eit ganske skarpt og kjøleg drag i lufta som forsvinn etter ein times tid.

image

I dag har me kjørt eit par timar over landbruksområde med åsar kledde med oliventre i lange rekkjer med traktorvegar mellom slik at åsane ser ut som om dei er stripete. Me har og sett høgder mrd vindmøller på, akkurat som heime. Målet var byen Cordoba, som har ein fantastisk fin gamleby. Biletet over er det i frå.

image

Det mest spesielle i Cordoba er ein stor katedral som samtidig er moské. Det begynte som ei lita kryptkyrkje bare nokre hundreår etter Kristus, denne vart overteken av maurerane som bygde ein gigantisk moské over kyrkja på tolvhundretalet. Etter maurartida vart det ein kristen katedral, men dei arabiske bygningane vart ståande. Det er nå daglege messer i eit kapell inne i katedralen, resten av bygningen får på ein måte lov til å vera både moské og katedral på same tida. Det er beholdt parti med arabiske ornament og vindu, men det er kristne sidealter langs heile katedralen. Eit av dei er for dei heilage tre kongene.

image

imageimage

Buegangane gjorde romet heilt spesielt.

image

I Cordoba var det ei fin gangbru over ei stor elv der folk spaserte og stoppa for å sjå på utsikten. Statuemannen som haldt til der hadde hoppa ned frå sokkelen for å ta seg ein røykepause første gong me passere, men då me gjekk tilbake etter å ha drukke kaffi og ete is, hadde han klatra opp og stod i frys att. Denne blide mannen stod der og spelte tangoar på trekkspelet sitt. Han var veldig flink.

image

Utsikten frå brua var fin.

image

Og like ved elvebredden gjekk det ein stor saueflokk og beita.

image

Det kjennest veldig fint å forlenga sommaren på denne måten. I morgon blir det meir sommar, meir kjøring og meir byliv i tillegg til det rolege livet her på fincaen. Sharonfrukt og fiken rett frå treet smakar utruleg godt. Synd det er så upraktisk å frakta med seg frukt heim. Det hadde vore spennande å koka fikenmarmelade og sharonsyltetøy. Her er frukt i bøtter og spann….

Heidi

From → Reiser

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: