Gå til innhald

Spansk sundag

oktober 11, 2015

image

I dag vakna eg grytidleg til lyden av dei første hanegala og lyden av regn. Etterkvart somna eg att, og då me stod opp var regnet i ferd med å gje seg. Det vart nokre timar med skriving ute i hagen. Planen i dag var å etterkvart dra opp til Tolox, ein liten kvit fjell- landsby ved foten av Sierra Nieve, -snøfjellet. Dette fjellet er ca to tusen meter høgt, og har fått namnet sitt fordi det ofte blir kvitt om vinteren. Ofte er det bare kvitt om morgonane, så smeltar snøen utover dagen, men han kan og bli liggjande i kortare periodar.

Då me kom opp til Tolox, regna det att. Me skulle eta lunsj på ein liten restaurant. Halvparten av restauranten var utandørs, og inne var det fullt. Me tømte vatn av eit av borda, sette det under ein parasoll, og klemde oss saman der i ly for regnet. Etterkvart kom ein kelnar og vinka oss inn. Det var blitt eit ledig bord.

image

Der var ein slik kafé der storfamiliane var samla for å eta lunsj. Fleire familier hadde sett borda saman til langbord og rundt bordet sat foreldre, besteforeldre, onklar, tanter og mange barn i alle aldrar. Under borda låg det hundar av ulik storleik som av og til bjeffa om kapp, ungane fekk etterkvart springa rundt, dei vaksne snakka høgt, lo, røykte sigarettar og skåle høglydt med kvarandre. Det var ikkje ørens lyd, og nesten ikkje råd til å snakka, men det var fantastisk flott å vera der. Mange av ungane var i småskulealder, og eg tok meg i å lengta etter elevane mine. Me bestilte same mat til alle, ganske kraftige greier, store kjøtbiter i ein brun raudvinssaus og store bitar av ein mellomting mellom steikte poteter og pommes frites. Til maten vart det servert korger med kvitt brød og skåler med potetgull. Me avslutta måltidet med ein kopp krutsterk cafe solo, som er det same som espresso.

image

Etterkvart letta regnet, og me gjekk tur i byen. Det var veldig fint der. Nokre stadar var det så bratt at gatene var erstatta med trapper. Reisekameraten min kjøpte seg stråhatt på eit lite bymuseum. Det er eit ope spørsmål om hatten gjorde han endå meir turistaktig enn han var i utgangspunktet…

image

image

image

Etterpå fortsette me kjøreturen oppover i fjellet, det var vegane bratte, smale og svingete slik som dei me kjørde på i går. Dessverre var det såpass grått og skoddefullt at me ikkje hadde særleg til utsikt, så det var fint me fekk med oss den i går. På ca åttehundre meters høgde stoppa vegen og så var det ulike løyper for fjellvandrarar. Der oppe låg det eit hotell med spa-avdeling, Michelinstjerner, utesvømmebasseng, park og solterrassar med fantastisk utsikt. Det siste måtte me bare tru på, for utsikten var borte vekk. Men fint var det der.

image

image

I morgon reiser me heim. Det som kjendest som ein ganske lang tur har gått veldig fort. Dette blir nok å ta farvel med sommaren for i år og når me kjem heim er det på tide å pakka vekk sommarkleda. Noko av det som har vore aller finast er faktisk det å sitja ute i hagen her og lesa og skriva. Det har vore fint å leika spansk lyrikar eller noko slikt. Det har ov vore utruleg fint å ha litt god tid saman med familie som me ikkje møter så ofte som me gjerne ville.

image

Heidi

,

From → Reiser, Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: