Gå til innhald

Den svært lokale forlagsbransjen og andre bransjar

oktober 14, 2015

image

Så er me heime att, til nydeleg norsk haustver. Iskalde sykkelturar til jobb med latviske strikkevottar på hendene og morgonrim i graset. I går var eg i gravferda til ein onkel som bare fekk oppleva å bli syttisju år, det kjennest ikkje som ein høg alder lenger. Dei siste åra av livet har han vore hardt plaga med dårleg helse. Han fekk ei fin graverd med det vakraste oktoberveret som tenkjast kan på desse kantane av landet. Då me tok ferga heim var lyse glasklart og hav og himmel var pastellfarga som på ein junidag-

image

Sjølv om me saknar sommaren, dei fine dagane på Joffe sin finca og dei små søte hundane som sprang rundt i hagen, så var det spennande å koma heim og oppdaga at boka vår var komen frå trykkeriet.

image

Det komiske er at sjølv etter alt arbeidet med boka, så er det framand og rart å halda ho i handa. Var det slik ho vart? Dei andre bøkene mine kjenner eg ut og inn etter å ha lese høgt frå dei i mange samanhangar. Denne må eg bli kjend med nå.

Sidan ikkje alle som les her les facebook, så må eg nevna her og at boka kostar 250 kroner. Prisen kjennest litt høg, men det at ho er full av fargebilete gjer trykkinga ganske mykje dyrare. Eg veit ikkje om me kjem til å selgja ho via bokhandel på Bryne slik me har gjort med dei to forige. Så langt har me ikkje fått tenkt endå. Me har trykt opp to hundre og i løpet av to dagar har me seld over tjue bøker alt. Det siste eg har lyst til å vera er ein påtrengjande selgjar, så eg kjem ikkje til å masa om boksal her i tide og utide- Hermed er produktet presentert…

Elles så begynner eg å bli klar til lørdagens forteljaroppdrag. Babar den vesle elefanten som eg skal forelja om saman med veldig dyktige musikarar, ein heil blåsekvintett, faktisk. Det er første gongen eg får opptre med musikarar på denne måten. Dei har øvd inn konserten om Babar og på neste siste oppløpsside er eg hyra inn som forteljar. Det er litt skummelt. Eg har ikkje sett mykje reklamering for arrangementet, så eg er veldig spent på kor mange som kjem. Nå er det på tide å takka for dagen. I morgon står både tannlege og kveldsundervisning på programmet etter vanleg skuledag, så det gjeld å prøva å bli litt utkvilt til då…

Heidi

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: