Skip to content

For ei fin oktoberhelg

oktober 18, 2015

BabarkonsertenFor ei fin helg eg har hatt. På fredag gjekk turen rett frå jobb til biblioteket for å øva på Babarforestillinga i lokalet der me skulle vera. Det kjendest bra å få tre gjennomkjøringar med rekvisittar, mygg og musikk på rett plass. Etterpå hadde eg veldig koseleg besøk av Jane, Rita og Karin. Det er så fint at me som begynte i same klassen på Ålgård skule i August 1968 framleis treffest med jamne mellomrom og har det kjekt i lag. Neste morgon var det på tide å gjera seg heilt klar for forestillinga som var ein del av ei stor gebursdagsfeiring for biblioteket som har femårsjubileum. Me var litt engstelege for at det ikkje skulle koma publikum. Det hadde me ikkje trengt å vera. Det var stappfullt i storsalen på biblioteket og folk stod utanfor på gangen og fekk ikkje plass. Det var veldig kjekt å opptre i lag med desse flinke musikarane. Ambisjonsnivået var så høgt at eg hadde eit streif av prestasjonsangst i utgangspunktet, men eg trur det gjekk bra.

Jan Inge Sørbø var på biblioteket denne laurdagen for å halda foredrag om den nye biografien han har skrive om Arne Garborg: «Frå bleike myr til Alveland». Eg har vore i lag med han eit par gonger før i ulike samanhangar, og i går hadde me ein veldig interessant samtale ved eit kafebord i biblioteket i lag med bibliotekssjef Aud og etterkvart Leif og om mannen Arne Garborg og forfattarskapen hans. Etterpå var me på foredraget som var veldig interessant. Eg kjøpte med meg ei bok og har lese bort i mot ein fjerdedel, kanskje. Eg anbefalar boka, og kjenner at eg rett og slett har fått lyst til å lesa alt av Arne Garborg om igjen. Han er ein av dei mest spennande forfattarane eg veit om, og det er spennande å sjå korleis ein fokuserer på ulike vinklar i bøker etter kva livsfase ein er i.

Sjølv har eg gledd meg over at folk har vist interesse for å kjøpa boka eg og Leif har laga, forøvrig veldig utan samanlikning med forfattarane eg har nemnd i avsnittet over… Etter å ha vakla ut av tannlegestolen på torsdag og betalt for lang og god behandling denne hausten, kom jammen tannlegen min og lurte på om han kunne få kjøpa to bøker sidan han først hadde meg der… Ikkje verst. Så flink selgjar er eg ikkje at eg «tilfeldigvis» har ei bok og to i handveska når eg går til tannlegen, men kanskje det er slike strategiar eg burde læra meg. Eg kjenner eg har lyst til å skriva mykje meir, og har mange idear. Eg må kanskje få ferdig ideboka i skapande skriving etterkvart, men i grunnen har eg mykje meir lyst til å skriva dikt, songar, salmar og barnebøker. Det er kjekkare å driva med fri fantasi enn å skriva fagtekstar… Dessverre, kanskje…

image

I går kveld var me så heldige å få svoger Henrik på besøk frå Bærum i lag med den irske settaren Lara. I dag har me vore på tur i det mest fantastiske oktoberveret som tenkjast kan. Eg måtte fotografera litt med mobilen, og kjende meg som ein skikkeleg amatør i fylgje med fotografbrørne Harboe & Harboe. Eg kunne i den minste brukast til hundehaldar når dei trong begge hendene på linsene sine.

image

Og alle som ikkje bur her må jo bare få lyst til å koma hit ein tur for å ta haustbilete av landskapet, havet og fuglane. Kanskje eg får låna nokre av Leif sine bilete til bruk her etterkvart, i dag blir det mine mobilbilete…

image

image

Og tenk at naturen framleis blømer. Dei siste haustane har eg lete meg overraska over kor lenge seinsommaren varer.

 

 

 

image

image

På Håtangen står det framleis skilt om ferdsel på eige ansvar på grunn av ein beitande okse, men me har heldigvis ikkje møtt noko skumlare der enn ein flokk kviger.

image

Me har kokt årest første fårikålmiddag og hatt besøk av dei ungane som er innan rekkjevidde og nevø Oscar. Nysteikte lappar vart det visst og. Nå er eg klar for Downton Abbey og kanskje eit par kapittel Garborg etterpå…

 

Heidi

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: